Sju flyselskap skulda for ulovlege gebyr

6 hours ago 2



Forbrukarrådet og 16 organisasjonar klagar inn sju selskap for det dei meiner er ulovlege gebyr på handbagasje, melder NTB.

Blant selskapa som er klaga inn til EU-kommisjonen er Norwegian.

Forbrukardirektør Inger Lise Blyverket seier dei krev ei omfattande EU-etterforsking av flybransjen.

EU-domstolen avgjorde i 2014 at du har lov til å ta med deg heilt vanleg handbagasje på flyet, som ein inkludert del av billettprisen. Dette gjeld så lenge handbagasjen er av rimeleg storleik.

Blyverket seier ein del flyselskap syndar mot desse reglane.

I tillegg til Norwegian blir EasyJet, Ryanair, Transavia, Volotea, Vueling og Wizzair klaga inn.

Read Entire Article