Sivilombodet: Kritikkverdige forhold i Ålesund fengsel – innsette isolerte i opptil 19 timar

3 weeks ago 12



– Det er alvorleg at de innsette i Ålesund fengsel er plassert åleine på cella i store deler av døgnet, utan kontakt med andre, seier sivilombod Hanne Harlem.

Ålesund fengsel er eit høgsikkerheitsfengsel for menn med 24 innsette. Etter Sivilombudet sitt første besøk til fengselet rapporterer dei om kritikkverdige og skadel\ge tilhøve.

Berre åtte av dei innsette har heildagstilbod på jobb eller skule.

Skadeverknader av omfattande innlåsing

Ifølgje rapporten har fleire av dei innesette prega, og nokre skadde, av den omfattande innlåsinga.

– Så mykje innlåsing, på ubestemt tid og utan individuell vurdering, inneber risiko for at innsette blir utsette for umenneskeleg eller nedverdigande behandling, seier Hanne Harlem.

Sivilombud Hanne Harlem

Hanne Harlem er sivilombod i Noreg.

Foto: Cecilie Valentine Brekke / NRK

Dårlege fysiske forhold

Ålesund fengsel er gamalt. Det blei bygd i 1864 og har ein ordinær kapasitet på 27 plassar.

Luftegarden, som er den einaste staden dei 27 innsette kan få frisk luft, er ifølgje rapporten ein liten, asfaltdekka plass med fleire meter høge betongmurar rundt. Ifølgje rapporten er det ikkje lagt til rette for noko form for fysisk aktivitet utandørs.

– Tilhøva i luftegarden forsterkar belastninga med å vere mykje innelåst, seier Hanne Harlem.

Kjempar for nytt fengsel

I Møre og Romsdal har det i årevis gått føre seg ein politisk kamp for å få bygd nytt fengsel. Det har vore peikt ut tomter for ny fengselsbygning både i nabokommunen Sula og på Digerneset i Ålesund.

I forslaget til Statsbudsjett for 2025 har regjeringa gått inn for å starte planlegging av nytt fengsel i Ålesund og Mosjøen.

– Ålesund fengsel og Mosjøen fengsel er eksempel på fengsel det det må til store endringar for å tilfredsstille krava til forsvarleg kriminalomsorg. Regjeringa vil difor gå i gang med utgreiingar av behov for nye fengsel i Ålesund og Mosjøen-området, uttalte justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp) i ei pressemelding i samband med statsbudsjettframlegginga i oktober.

Justisminister Emilie Enger Mehl (SP) i politisk kvarter på Nyhetsmorgen

Emilie Enger Mehl er justis- og beredskapsminister i Noreg.

Foto: Tom Balgaard / NRK

Sivilombodet kjem med ei rekkje råd som fengselet, helseavdelinga og sjukehuset må svare på innan 12. mars 2025.

Publisert 12.12.2024, kl. 09.01 Oppdatert 12.12.2024, kl. 09.28

Read Entire Article