Sindre (23) og Andrea (19) kan få sletta deler av lånet sitt om dei flytter heim

1 day ago 7



– Det er veldig bra. No er det enda ein grunn til å flytte heim igjen, seier Sindre Stenseth Pettersen (23).

Han er byggingeniør-student ved NTNU på Gjøvik, men er frå Trysil.

Når han blir ferdig med studia, har han planar om å flytte heim til kommunen i Østerdalen.

– Eg er veldig glad i plassen eg kjem frå, og har allereie jobb. Så det er opplagt at eg skal flytte heim eigentleg, seier Stenseth Pettersen.

Trysil

Trysil blir definert som ein usentral kommune. I dag bur det i overkant av 6500 personar i kommunen. Framskrivinga viser at det i 2050 er venta å minke til i overkant av 6000.

Foto: Lise Åserud / NTB

Trysil er 1 av i alt 212 kommunar i Noreg som blir definert som kommune i sentraliseringsklasse 5 eller 6.

No vil regjeringa slette deler av studiegjelda til tidlegare studentar som bur og jobbar i distriktskommunar.

Kan spare 25.000 i året

For dei som bur i desse kommunane, betyr det at ein kan få sletta 25.000 kroner av studielånet sitt årleg frå januar 2026.

Føresetnadane er at personen er busett i ein kommune som er omfatta av ordninga i minst eitt år, og er yrkesaktiv.

Om dette er på plass, kan ein få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt.

Dette gjeld både elevar i vidaregåande utdanning og høgare utdanning.

– Det skal vere like greitt å bu i by som i land, det gjer Noreg godt, seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap).

Studielån

I overkant av 1,2 millionar nordmenn er kundar i Lånekassen, anten ved at dei får studiestøtte eller betaler ned på studielånet sitt. 790 000 personar betalar ned på studielånet sitt no, ifølgje Lånekassen.

Foto: Reidar Gregersen / NRK

Nestleiar i utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget, Marit Knutsdatter Strand (Sp), håper tiltaket vil motivere folk til å ta høgare utdanning og flytte tilbake, eller til, distrikta etter enda utdanning.

– Vi treng også kompetanse rundt omkring i heile Noreg. Dette er eit grep vi vil ta for å gjere at fleire får moglegheit til å ta både god vidaregåande utdanning og høgare utdanning, seier Strand.

Marit Strand

Marit Knutsdatter Strand (Sp) er nestleiar i utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget.

Foto: Reidar Gregersen / NRK

– Mange må flytte på seg for å ta høgare utdanning eller vidaregåande utdanning. Då treng dei motivasjon for å flytte heim igjen etter enda utdanning, og det skal dette bidra til.

Doblar ordninga i nord

Frå før har studentar frå Finnmark og Nord-Troms fått sletta 20 prosent av gjelda si.

I tillegg til å utvide ordninga til å gjelde alle distriktskommunar i Noreg, vil regjeringa også forbetre vilkåra for gjeldslette i nord.

Der blir satsen dobla frå 30.000 kroner i året, til 60.000 kroner i året frå 2026.

Kartet viser dei 212 kommunane som tiltaket treff. Dei raude kommunane i nord er dei som kan få dobla sats.

– Det handlar om landets tryggleik og å ha kompetanse til å løyse dei lovpålagde oppgåvene som er i lokalsamfunna, seier stortingsrepresentant Lise Selnes (Ap).

– Vi ser no at ein del distrikt slit med å få den kompetansen dei treng. Då er dette eit tiltak for å prøve å påverke samfunnsutviklinga.

Prislapp: 1,3 milliardar

Regjeringa forventar at gåvepakka dei kjem med til studentane med lån, vil koste 12 millionar kroner i 2025.

Når det er fullt trappa opp ser prislappen ut til å ende på 1,3 milliardar kroner, men utgifta kan variere frå år til år.

– Det er ein stor sum som skal bidra til å motivere og stimulere til at fleire i bygder og små stader tek høgare og god vidaregåande utdanning, seier Strand.

Her kan du søke opp din kommune og sjå om tiltaket kan gjelde deg:

No jobbar regjeringa med å få fleirtal på Stortinget for å få saka gjennom i det nye statsbudsjettet.

– Vi skal forhandle hardt for dette når det kjem til Stortinget no i oktober, seier Strand.

Kunne du budd og jobba i ei distriktskommune?

– Galskap

Leiar i Unge Høgre, Ola Svenneby, er ikkje imponert over forslaget frå regjeringa.

– Dette er regelrett galskap. Regjeringa skal bruke pengar på å subsidiere folk der det allereie er billeg å bu, seier han.

Han viser til bustadkrisa i Oslo og auka leigeprisar i dei fleste byane og tettstader.

Svenneby meiner det ikkje er unge i dei mest usentrale kommunane som treng å bli subsidiert.

– Det er jo i byane unge slit med å etablere seg, seier Svenneby.

– Bra tiltak

Studenten frå Trysil set pris på tiltaket frå regjeringa, og håpar det kan få enda fleire til å sjå mot distriktskommunane.

– Det er eit veldig bra tiltak frå regjeringa å investere pengar i studentane, seier Stenseth Pettersen.

– Det betyr ikkje så mykje for meg no i dag, sidan eg ikkje har begynt å betale ned på lånet enno.

Studenter på Gjøvik

Sjølv om nedbetaling av studielånet ikkje er det som opptek studentane Sindre Stenseth Pettersen og Andrea Fiske mest no, synest dei det er eit godt tiltak som kan kome godt med for dei i framtida.

Foto: Reidar Gregersen / NRK

Han får støtte frå Andrea Fiske (19) frå Surnadal som nyleg har starta på byggingeniørutdanninga på NTNU.

– Det gjer kanskje til at enda fleire vil flytte heim. Så det er kjempebra, seier ho.

Publisert 18.09.2024, kl. 11.00 Oppdatert 18.09.2024, kl. 11.21

Read Entire Article