Senterpartiet (Sp) si hovedprioritering er å kutte matmomsen frå 15 til 10 prosent, når dei no skal forhandle med regjeringa om ein budsjettavtale.
– Ein familie med to barn vil spare 7500 kroner i året i lågare avgift, seier Vedum.
I førre veke la Arbeiderparti-regjeringa fram sitt forslag til revidert nasjonalbudsjett.
Senterpartiet og SV er sentrale for at regjeringa skal få fleirtal for budsjettet, når det no ligg til behandling i finanskomiteen på Stortinget.
For første gang på over 20 år skal Sp forhandle om ein budsjettavtale i opposisjon.
Vanlegvis er det partia sine fremste finanspolitikarar som leier budsjettforhandlingane, men Sp-finanstopp Emilie Enger Mehl har i sjølv valt å gi ansvaret til partikollega Geir Pollestad.
Vedum og forhandlingsleiar Geir Pollestad legg i føremiddag fram partiet sine prioriteringar før budsjettforhandlingane med regjeringa.
Ifølgje Vedum vil matmoms-grepet koste 2,25 milliardar kroner på revidert budsjett, medan det vidare vil koste staten 9 milliardar kroner i året. Sp har idear om kor dei skal hente desse pengane frå, men seier ikkje konkret kor dei skal hente dei frå.
Etter at prisane verkeleg starta å stige i heile Europa i 2022, var det fleire land som valte å kutte momsen på mat.
Blant anna Spania, Polen og Portugal. Men i fleire land var dette midlertidige tiltak, som no er i ferd med å bli fasa ut.
Publisert 19.05.2025, kl. 10.18 Oppdatert 19.05.2025, kl. 10.30