Saka mot tilsett på barneskule veks i omfang – åtte elevar skal vere involverte

1 month ago 24



Saka mot ein tilsett på ein skule i Ålesund veks i omfang. Han vart tatt av politiet i slutten av mai, og sikta for overgrep mot ein elev på skulen han jobba på.

Mannen vart då sett i varetekt i fire veker, der to veker var med brev- og besøksforbod.

Etter kvart vart siktinga utvida til å gjelde seks barn. Men no har politiet utvida siktinga til å gjelde fleire.

Siktinga omfattar i dag åtte ulike fornærma, ein mistenker fysiske overgrep berre mot éin av dei fornærma, seier politiadvokat Julie Ulstein.

Julie Ulstein politiadvokat.

Politiadvokat Julie Ulstein i Møre og Romsdal politidistrikt.

Foto: Berge Myrene / NRK

Mannens forsvarar, Erling Flisnes, seier han ikkje har noko kommentar til saka.

Elevar ved skulen

Alle dei åtte fornærma er elevar på skulen mannen er tilsett på.

Mannen er sikta for overgrep mot eit barn under 14 år, etter Straffelova §299 og brot på straffeloven § 311. Det dreier seg om produksjon av seksualiserte bilde av barn.

Politiet har tidlegare sagt at dei har funne fleire seksualiserte bilde av barn, som den sikta mannen skal ha sletta. Etter kvart gjorde dei også nye funn som styrka mistanken mot han.

Nokre av desse bilda skal vere av elevane som har status som fornærma. Alle dei fornærma skal ifølgje politiet ha fått bistandsadvokat.

Politiet jobbar no framleis med å etterforske saka vidare.

Ein har framleis fokus på gjennomgang av digitale bevis. I tillegg står att fleire avhøyr, seier Ulstein.

Bistandsadvokaten til fleire av dei fornærma, Kenneth Leren, seier han ikkje har noko kommentar til saka.

All seksuell omgang med barn under 14 år blir rekna som valdtekt. Det gjeld også enkelte seksuelle handlingar, uavhengig av samtykke eller om det blir brukt vald eller truande framferd.

Publisert 23.07.2024, kl. 17.49 Oppdatert 23.07.2024, kl. 17.59

Read Entire Article