Så mange innlagde med influensa at andre pasientar må liggje på gangen

3 hours ago 2



Fleire av dei største sjukehusa i landet melder om auke i talet på influensapasientar.

På Haukeland universitetssjukehus i Bergen er trykket no så stort at andre pasientar må på gangen.

Det fortel Trond Bruun, seksjonsoverlege infeksjonsseksjonen ved Medisinsk klinikk på sjukehuset.

På vesle nyttårsaftan har dei 27 innlagde influensapasientar. Dei fleste av desse ligg på isolat.

Lege smiler til kamera foran bokhylle

Seksjonsoverlege Trond Bruun på Haukeland seier at mange av pasientane som kjem inn med influensa, er skrøpelege eldre med ulike kroniske sjukdommar.

Foto: Haukeland universitetssykehus

Gjennom jula har Helse Bergen hatt ein jamn auke, men med god kapasitet. Men i takt med det auka influensatrykket har situasjonen likevel endra seg.

Kan bli blant dei meir alvorlege sesongane

Årets influensasesong har vore spådd til å verte tiårets verste. Den starta tidlegare enn vanleg og kjem også i form av eit nytt og meir aggressivt virus.

Folkehelseinstituttet (FHI) melde før jul om at stadig fleire blei smitta. I veke 50 var 567 pasientar innlagde med influensa, opp frå 470 veka før.

FHI gjekk då ut med ei åtvaring og bad sjukehus og kommunar om å gjere seg klare.

Seksjonsoverlege Bruun seier dei per no ikkje har haldepunkt for å seie at årets influensa er meir alvorleg enn vanleg, men legg til:

– Dersom smittetala held fram å stige i vekene framover, så kan det bli ein av dei meir alvorlege sesongane dei siste åra målt i talet på tilfelle.

Det skuldast at færre er immune mot sirkulerande variantar og at fleire derfor blir smitta, forklarar han.

Pasientane som kjem inn på Haukeland med influensa er både moderat og alvorleg sjuke.

Ifølgje Bruun har det nok også vore dødsfall, men dei ikkje fører kontinuerleg statistikk på dette. Det er heller ikkje alltid openbert om ein pasient døyr av eller med influensa, fortel han.

Forventar smitteauke etter jul

Influensaen herjar over heile landet. På Akershus universitetssjukehus (Ahus) er 54 personar innlagde med influensa.

På infeksjonsmedisinsk avdeling, som har totalt 22 sengeplassar, har fem av pasientane som er innlagde testa på influensa berre i dag.

en bygning med en bil parkert foran

– Vi har framleis ein del pågang, og sesongen er ikkje over, seier seksjonsleiar på infeksjonsmedisinsk avdeling på Ahus, Ellen Samuelsen.

Foto: Rolf Petter Olaisen / NRK

Ifølge seksjonsleiar Ragnhild Gagama på lungemedisinsk avdeling er inntrykket i legegruppa at talet på innleggingar er i ferd med å avta.

– Vi håper at vi no er i ferd med å nå toppen på influensabølga, seier Gagama.

I Trondheim er 26 pasientar innlagde med influensa ved St. Olavs hospital.

Dei fleste av dei innlagde er eldre, opplyser Nicola Isabelle Kols, seksjonsleiar og overlege ved seksjon smittevern.

Ved Universitetssjukehuset Nord-Norge (UNN) i Tromsø har det vore ein jamn straum av innleggingar den siste månaden, også i jula.

Ifølge seksjonsleiar Stian J. Eliassen på infeksjonsmedisinsk sengepost er fem pasientar innlagde med influensa per no.

Tromsø kveld

I Tromsø har talet på innlagde influensapasientar vore jamt den siste tida.

Foto: NTB

Stavanger universitetssjukehus (SUS) har opplevd ein auke i talet på innlagde pasientar med influensa like før jul. Dei siste tre dagane har det vore mellom 13 og 15 pasientar innlagde med influensa ved sjukehuset.

Ifølge Irena Jakopanec, fagsjef ved seksjon smittevern, kan utviklinga vere ein tidleg effekt av høg influensavaksinasjonsdekning blant sårbare grupper.

I år opplever landet ein noko tidlegare influensasesong enn vanleg. Førebels ligg talet på innlagde i Stavanger klart under nivået i toppveka førre sesong, seier Jakopanec.

Oslo universitetssjukehus har ikkje tal på kor mange pasientar som er innlagde med influensa og har ikkje registrert noko auke.

Likevel trur dei at det fort kan kome ein smitteauke etter jul.

Publisert 30.12.2025, kl. 20.59 Oppdatert 30.12.2025, kl. 21.50

Read Entire Article