Tysdag gjennomførte Russland det største luftangrepet mot Ukraina til no.
Over ein periode på 24 timar blei 948 dronar sendt inn i landet, opplyste det ukrainske luftforsvaret.
– Omfanget av dagens angrep er ein tydeleg indikasjon på at Russland ikkje har nokon reell intensjon om å avslutte denne krigen, skriv Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj på Telegram.
Russland gjennomførte det største luftangrepet mot Ukraina til no i krigen.
Foto: STRINGER / REUTERS / NTBUkraina svarte med å angripe den russiske eksporthamna Ust-Luga vest i landet ved grensa til Estland.
– I Ust-Luga går det føre seg arbeid med å avgrense og sløkke ein brann i hamneområdet.
Det skreiv guvernør i Leningrad-regionen Aleksandr Drozdenko på Telegram natt til onsdag.
Ingen personar skal vere skadde som følge av angrepet, og skadeomfanget er ukjent, ifølge guvernøren.
Vil svekke russisk økonomi
Ust-Luga er eit knutepunkt for eksport av olje og gass.
Den siste tida har Ukraina trappa opp angrepa mot russiske oljeraffineri og eksportruter for å svekke Russland sin økonomi.
Ifølge det russiske forsvarsdepartementet har dei avskore 389 ukrainske dronar gjennom natta – fleire over hovudstaden Moskva.
Russland svarte med å angripe energiinfrastrukturen i Ukraina.
Dette må du vite om krigen i Ukraina
- Kvifor gjekk Russland til fullskala krig mot Ukraina?
24. februar 2026 var det fire år sidan Russland invaderte Ukraina.
Over 100.000 russiske soldatar tok seg inn i landet frå nord, aust og sør.
Millionar av menneske flykta frå landet.Russlands president Vladimir Putin hevda at Ukraina eigentleg er russisk, og hadde i lang tid kritisert Ukraina for å knyte tette band til Vesten og Nato.
Historisk har områda i dagens Russland og Ukraina til tider vore del av same stat. Novorossia er ei historisk nemning på dei sørlege delane av dagens Ukraina. Området inneber regionar som Krym, Luhansk og Donetsk. Sidan krigen braut ut i 2022 har Russland okkupert store delar av det historiske området.
Russland har ønska seg kontroll over Krym-halvøya i lang tid. Historisk har Krym vore russisk territorium, men blei på 1950-talet gitt i gåve til Ukraina frå Sovjetunionen. I 2014 annekterte Russland Krym – noko som utvikla seg til ein væpna konflikt. Året etter underteikna landa ein våpenkvile, som i liten grad blei respektert.
- Kva er konsekvensane av krigen?
Om lag to millionar soldatar kan vere drepne, såra eller sakna i Ukraina-krigen, ifølgje Center for Strategic and International Studies (CSIS).
På russisk side anslår CSIS at 325.000 soldatar har mista livet sidan krigen starta.
Dersom såra og sakna soldatar også blir rekna med, stig talet til nær 1,2 millionar.På ukrainsk side er det estimert at mellom 500.000 og 600.000 soldatar er drepne, sakna eller skadde.
Av desse skal mellom 100.000 og 140.000 ha mista livet.Fleire millionar har flykta frå Ukraina sidan krigen si byrjing.
Om lag 100.000 ukrainarar har flykta til Noreg, viser tal frå Utlendingsdirektoratet (UDI). - Kva er vegen vidare?
USA har gjennomført fleire møte med både Ukraina og Russland.
Også europeiske leiarar jobbar aktivt for å finne ei løysing gjennom «koalisjonen av villige».Ein 20-punktsplan er utgangspunktet for forhandlingane som går føre seg no.
For Ukraina er det viktig å sikre landområde og tryggingsgarantiar.
Samtidig krev Russland at dei får behalde fylka Luhansk, Donetsk, Zaporizjzja og Kherson, og at ukrainske styrkar trekker seg heilt ut av områda. Russland ønsker også kontroll over Krym.
Angrep mot energiinfrastrukturen
150.000 innbyggarar i Tsjernihiv-regionen nord i landet er utan straum, skriv guvernør Viacheslav Chaus på Telegram.
– Eit tungt døgn for Tsjernihiv-regionen. Aggressoren har utført massive angrep mot våre byar og landsbyar, skriv Chaus.
Over 200 dronar er skoten ned av det ukrainske militæret i området det siste døgnet.
Det er ikkje melde om personskadar, men det er store materielle skadar som følge av angrepet.
Russiske dronar i Estland og Latvia
Onsdag morgon varsla den estiske tryggingstenesta om ein russisk drone som har treft ein skorstein på eit kraftverk i Estland, skriv Reuters.
– Ein drone trefte pipa på Auvere-kraftverket. Ingen kom til skade i hendinga, skriv tryggingstenesta i ei pressemelding.
– Dronen flaug inn i estisk luftrom frå russisk luftrom, la dei til.
Også Latvia melder om ein russisk drone som har floge inn i landet og styrta, opplyser Latvias forsvarsdepartement.
– Ingen sivile blei skadd og det er ingen skadar på sivil infrastruktur. Omstenda rundt hendinga er under etterforsking, skriv departementet.
Følg utviklinga i krigen her:
Interessert i kva som skjer i verda? Høyr Urix sin podkast:
Publisert 25.03.2026, kl. 08.59 Oppdatert 25.03.2026, kl. 09.32







English (US)