– Då me fekk beskjed om at dieselen ville stiga, fylte me alt me har av tankar, koppar og kar, seier Kjell Arild Egeland.
Han er maskin- og transportsjef i ein av landets største entreprenørar, Stangeland Maskin, med hovudbase i Sola kommune i Rogaland.
Normalt fyller entreprenørgiganten, med over 700 tilsette, 250.000 liter diesel i veka.
For to vekers tid sidan tanka dei opp 650.000 liter. Ifølge entreprenøren er det ikkje særleg mykje når dei bruker ein million liter diesel i månaden.
Men dei sparte pengar på det, og då var det verd bryet.
– Me kunne skaffa meir, men har ikkje plass. Dieselen skal lagrast trygt og forsvarleg fordi me vil unngå lekkasjar, seier dagleg leiar Tommy Stangeland.
Med dagens skyhøge dieselprisar betyr det 5 millionar kroner i ekstrakostnadar per månad for Stangeland Maskin.
– Me følgjer med når det svingar i marknaden. Når noko tilseier at prisane går opp, prøver me å fylla lagra våre, forklarer Stangeland.
Måndag nådde prisane for diesel rekordhøge nivå med over 30 kroner. Entreprenøren på Sola har aldri før opplevd likande prisbyks.
Det gjer dei bekymra.
– I tillegg er det lite jobbar i marknaden. Folk er bekymra for arbeidsplassane sine, seier maskin- og transportsjef Egeland.
150.000 liter diesel er lagra under bakken på hovudkontoret til Stangeland Maskin på Sola.
Foto: Magnus Stokka / NRKMange på krisemøte
Oljeprisen har skote i vêret som følgje av krigen i Iran. Det gir dyrare bensin og diesel her heime.
Det gir store konsekvensar for fleire bransjar. Ikkje minst landets entreprenørar.
– Dersom ikkje styresmaktene tar grep og forstår alvoret i dette, får dette store konsekvensar for mange bransjar. Ikkje berre for oss som køyrer og grev. Det er mange som er avhengige av fossilt drivstoff, seier Egeland i Stangeland Maskin.
Kjell Arild Egeland er maskin- og transportsjef i Stangeland Maskin.
Foto: Magnus Stokka / NRKMaskinentreprenørenes Forbund (MEF) er ein bransje- og arbeidsgjevarorganisasjon med om lag 2400 medlemsverksemder som har over 40.000 menneske i jobb.
Fredag deltok opp mot 300 personar på eit krisemøte om dei auka drivstoff- og råvareprisane.
– Situasjonen for våre medlemmer i heile landet begynner nå å bli veldig kritisk, seier regionsjef i Sør-Vest, Marie Oftedal.
Berre den siste månaden har drivstoffprisane auka mellom 30–40 prosent. Kontraktane tar ikkje høgde for dette, ifølge MEF.
– Anleggsbransjen har hatt dårlege marginar heilt sidan Ukraina-krigen. Eigenkapitalen mange har hatt, er alt eten opp, seier Oftedal.
– Er det fare for fleire konkursar?
– Det er det som skremmer oss veldig. Me har hatt ei konkursrekke i det siste, og er redde for at konsekvensen blir fleire konkursar.
Marie Oftedal er regionsjef i Maskinentreprenørenes Forbund (MEF). Ho seier situasjonen er kritisk for fleire medlemmer.
Foto: Maskinentreprenørenes Forbund– Sjølvforsterkande spiral
Forbundet har ikkje høyrt om mange andre entreprenørar som har bunkra opp drivstoff.
Men erfaringar frå blant anna koronapandemien viser at det fort blir ein konsekvens når prisane stig raskt, ifølge sjeføkonom Kyrre M. Knudsen i Sparebank 1 Sør-Noreg.
– Hamstring fører er til press i marknaden. Det fører igjen til at prisane stig raskare. Det blir ein sjølvforsterkande spiral, forklarer sjeføkonomen.
Hamstring er også noko styresmaktene er redde for, ifølge Knudsen.
– Det såg me under pandemien. Det blir oppfordra til god beredskap, ikkje hamstring og at varelager går tomme. Samstundes er det ikkje unaturleg at det skjer.
Rådet til sjeføkonomen er at både folk og bedrifter planlegg for at prisane kan svinga.
– Det kan vera lurt å bygga prisvekst inn i kontraktane, slik at du ikkje står med ansvaret åleine. Det kan også vera smart å ha større varelager enn det som tidlegare var vanleg.
Drivstoffprisene var tema på Debatten i forrige uke.
Lastebileigarforbundet: – Dramatisk
Noregs Lastebileier-forbund (NLF) kallar situasjonen dramatisk.
– For mange av medlemmene våre utgjer drivstoff rundt 30 prosent av dei totale kostnadene. Dette er eit brutalt kostnadssjokk for ei næring dominert av små og mellomstore bedrifter med knappe marginar, seier administrerande direktør, Knut Gravråk.
Dei auka kostnadene må sendast vidare. Først til transportnæringa sine kundar, og til slutt til forbrukarane, ifølge NLF.
– Resultatet er høgare prisar på alle varer og tenester. Dersom transportbedriftene ikkje får dekt kostnadene sine, står både arbeidsplassar, forsyningstryggleik og beredskap i fare, seier Gravråk.
Også norske bønder er storforbrukarar av drivstoff, spesielt diesel. Nå står også våronna for tur med mange timar i traktor.
Landbruksdiesel er ikkje «avgiftsfri», men fritatt for vegbruksavgift.
– Høge prisar svekker lønnsemda i matproduksjon og kan vera utfordrande for bønder med dårleg likviditet. Me har små moglegheiter til å redusera forbruket i produksjonen, så dette er krevjande, seier leiar i Noregs Bondelag, Bjørn Gimming.
Bjørn Gimming er leiar i Noregs Bondelag.
Foto: Magnus KolstadKrev reduserte avgifter
Ifølge anleggsbransjen er det nå viktig at det offentlege kjem med oppdrag, så hjula kan haldast i gang i bransjen.
MEF krev også reduserte drivstoffavgifter. Det er Stangeland Maskin einig i.
– Det er mon i alt, men vi forventar at dei vil redusera avgiftene med 3–5 prosent, seier maskin- og transportsjef Egeland.
Mange kontraktar i entreprenørbransjen er indeksjustert. Det sikrar at prisane blir justert for faktiske kostnadsaukar.
– Men indeksen trer ikkje inn i dei første månadane. Og drivstoff er berre ein del av dette. Prisauken me har nå, kan me aldri få dekka inn, seier Egeland.
Mange av dei offentlege kontraktane er ikkje indeksregulerte, ifølge MEF.
– Då må entreprenøren ta kostnaden sjølv, seier regionsjef Oftedal.
Lastebileigarforbundet sende finansministeren brev allereie 11. mars og kravde mellombelse kutt i drivstoffavgiftene.
Regjeringa utelukkar ikkje tiltak
Forslaget om kutt i avgiftene på diesel og bensin blei avvist av regjeringa og finansminister Jens Stoltenberg tidlegare i mars.
Stoltenberg blei utfordra på nytt om drivstoffavgifter og auka prisar i spørjetimen i Stortinget førre onsdag.
– Eg vil ikkje utelukka at me kjem til å vurdera tiltak som del av budsjettprosessen, svarte finansministeren.
NRK har utfordra Stoltenberg på ny tysdag, etter at dieselprisane passerte 30 kroner.
Statssekretær Ellen Reitan (Ap) svarer for Stoltenberg:
– Krigsutbrotet i Midtausten har på kort tid skapt stor uvisse i verdsøkonomien. Noreg har ein open økonomi, og konsekvensane vil slå inn her heime, skriv ho i ein e-post.
– Fordi krigen berre har vart nokre veker, er det for tidleg å seia korleis. Som finansministeren har sagt, utelukkar ikkje regjeringa å vurdera tiltak som ein del av arbeidet med budsjettet, held ho fram.
Regjeringa i Sverige vil mellombels kutta avgiftene på bensin og diesel.
I praksis blir prisane i nabolandet kutta med ei kroner per liter bensin og 40 øre på diesel frå 1. mai til slutten av desember.
Publisert 24.03.2026, kl. 12.06 Oppdatert 24.03.2026, kl. 12.17












English (US)