På veg inn i Oslo tingrett svarte Røkke kort på spørsmål frå journalistane.
– Kva blir viktig for deg å få sagt i dag?
– Berre å beskrive faktum og transaksjonen som vi er veldig stolte over at vi fekk til. Eg synest det var ein kjempebra transaksjon for alle partar. Og vi er stolte, svarar Røkke.
Her kjem Røkke til Oslo tingrett.
Finansmannen Christen Sveeas står i spissen for søksmålet mot blant andre Røkke sitt selskap Aker.
Sveaas og fleire minoritetsaksjonærar meiner Røkke auka sin eigardel i skipa i offshorereiarlaget Solstad Offshore på urettmessig vis gjennom ei omstridd refinansiering, som gjekk hardt utover dei andre aksjonærane.
«Tigeren i Sveits»
Karakteristikkane har hagla om Røkke så langt i rettssaka. Han har blitt kalla både «tigeren» og «løva» i Sveits.
Timevis av lydopptak har blitt spelt av i retten, men stemma til Røkke har ein så langt ikkje høyrt.
Røkke har nemleg ringt via Whatsapp - som finansrådgjevar i saka, Pareto, hevdar dei ikkje har utstyr for å ta opp samtalar frå.
Etter at Røkke flytta til Sveits, er han ikkje lenger ofte å sjå i Noreg. Han bruker no nokre av dei totalt 61 dagane han kan opphalde seg i landet skattefritt, for å vitne i saka.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTBDifor er mange svært spente på å høyre kva han har å seie.
Det heile starta med formalia: at Røkke er 58 år og styreleiar i Aker ASA. Og at han lover å snakke sant.
– Det forsikrar eg på ære og samvit, seier Røkke.
Røkke: – Eg må halde meg i skinnet
Den første timen stiller Røkke og Aker sin advokat, Jon Christian Thaulow, spørsmål.
– Dette er jo ei erstatningssak, seier Thaulow. Så svarer Røkke:
– Eg må humre litt av det at det er ei erstatningssak, seier Røkke.
Så snakkar dei litt om summane saksøkarane har bedt om i erstatning.
– Ja, det er godt gjort å kome på det. Det er fire til fem gonger børskurs. Eg har ikkje høyrt at det har skjedd i verdshistoria, så eg meiner at det er i grenseland eller ikkje grenseland. Det er useriøst å framstille det på denne måten, seier Røkke, og er i ferd med å fyre seg opp.
Så bestemmer advokaten seg for å stille andre spørsmål.
– Eg må halde meg litt i skinnet, så eg ikkje seier akkurat kva eg meiner, seier Røkke.
Røkke og Aker har heile vegen avvist skuldingane.
Økonomikommentator i NRK, Cecilie Langum Becker, forklarer konflikten mellom milliardærane Kjell Inge Røkke og Christen Sveaas.
Høyr nokre av lydopptaka som er spelt av i retten:
Maratonsaka er inne i si niande av totalt 13 veker.
Etter at Røkke flytta til Sveits, er han ikkje lenger ofte å sjå i Noreg. Han bruker no fire av dei totalt 61 dagane han kan opphalde seg i landet skattefritt, for å vitne i saka. Røkke landa på Oslo lufthavn på tysdag og opplyser at han blir i Noreg til fredag.
Dette skal retten ta stilling til
Jussen i saka handlar i korte trekk om likebehandlingsprinsippet.
Eit svært viktig prinsipp i Noreg er at aksjonærar i eit selskap skal bli behandla likt.
Treng eit selskap å hente inn meir eigenkapital, til dømes, skal dei som har aksjar i selskapet frå før, ha ein fortrinnsrett til dei nye aksjane.
Har du ein aksje, så skal du ha rett på ein ny aksje.
Sveaas og dei andre saksøkarane skuldar styret og leiinga i Solstad Offshore for å ha brote dette prinsippet, då dei sa ja til redningsplanen Røkke og Aker – utan å ta den via generalforsamlinga.
Saksøkarane meiner at Røkke og Aker brukte makt og truslar for å få det som dei ville.
- Les meir om alle detaljane i saka her
Men styret og leiinga i eit selskap kan vike frå prinsippet, dersom dei meiner det er til det beste for selskapet – og utan at det gir ein urimeleg fordel for andre aksjeeigarar.
Det er dette tingrettsdommar Helen Engebrigtsen skal ta stilling til.
Røkke har vore i konflikt med minoritetsaksjonærar tidlegare. I 2002 prøvde han å tvangsinnløyse minoritetsaksjonærane i Aker RGI til ein pris fleire meinte var uakseptabel. Minoritetsaksjonærane vann til slutt fram i høgsterett og fekk justert opp prisen.
Bengt Rem til venstre, ved sidan av kjell Inge Røkke i midten av bildet. Her stod dei saman i Oslo tingrett i 2002.
Foto: Ørn E. Borgen / NTBDen gongen var Bengt Rem Røkke si høgre hand som dåverande finansdirektør. No har Rem skifta side, og fører saka på vegner av Sveaas, som sjef i Kistefos.
Publisert 04.12.2025, kl. 12.13 Oppdatert 04.12.2025, kl. 12.59
















English (US)