Jarl Magnus Riiber hadde seks sekunds forsprang frå hopprennet, men klarte ikkje å følgje opp i sporet på Lillehammer.
I spurten innsåg Riiber at han ikkje hadde noko å stille opp med mot den tyske duoen Julian Schmid og Vinzenz Geiger. Sistnemnde gjekk til topps.
Riiber vart altså nummer tre, og klarte dermed ikkje å følge opp førsteplassen frå Lillehammer laurdag.
Jens Lurås Oftebro og Jørgen Graabak vart høvesvis nummer seks og sju.