– Først tenkte eg at det var litt spesielt, fordi dei fleste døypte seg då dei var små. Etter kvart som eg fekk høyre meir, synest eg det høyrdest veldig fint ut, seier Kaja Uhlig Hauge.
Tal frå Den norske kyrkje viser at stadig fleire ungdommar vel å bli døypt.
For å konfirmere seg i kyrkja, må ein vere døypt først. Kaja døypte seg 18. mars, og konfirmerte seg 27. april.
– Eg synest det er veldig fint å ha ei tru. Det betyr ganske mykje for meg. Det er fint å kunne vidareføre ei tru, seier Kaja.
På landsbasis vart heile 1530 ungdommar døypt i samband med konfirmasjon i 2024. Dei siste fem åra har talet auka jamt.
Så langt i 2025 har det vore 987 døypte 14- og 15-åringar, viser tal NRK har fått frå Den norske kyrkje.
– Større openheit for tru
Trenden peikar på ei aukande interesse for tru og tilhøyr i ungdomsåra, ofte i samband med konfirmasjon.
– Det er mykje som skjer no rundt omkring i verda, så eg trur folk føler tryggleik i å vere ein del av eit trussamfunn, seier Kaja.
I Nord-Hålogaland bispedømme var det totalt 57 døypte 14- og 15-åringar i 2024.
– Eg trur det er større openheit for tru, dei store spørsmåla og kyrkja, seier domprost i Tromsø, Stig Lægdene.
Han opplyser til NRK at 30 ungdommar i Tromsø no har døypt seg før konfirmasjonen sin. Dette er ei stor auke frå i fjor, og året før – då talet var 10.
Domprost i Tromsø, Stig Lægdene trur at ei haldningsendring blant foreldre kan vere ein av årsakene til at fleire ungdommar døyper seg.
Foto: Jørn Inge Johansen / NRK– Søker mot tradisjonelle verdiar
Jill Sæterbø Kjølaas er kapellan i Elverhøy kyrkjelyd. Ho var til stades då Kaja vart døypt saman med sju andre ungdommar i Tromsø gravlunds kapell.
– I vår kyrkjelyd har vi tidlegare hatt eit gjennomsnitt på 2-4 personar, så det høge talet har blåst oss litt av banen. Det er rørande at så mange ungdommar vil døype seg.
Ho trur at éin grunn til auken er at det no er færre som blir døypt som barn, og derfor må døype seg dersom dei vil konfirmere seg.
Jill Sæterbø Kjølaas er prest i Elverhøy kyrkjelyd. Ho trur at uro i verda fører til at ungdommar søker seg mot tradisjonelle verdiar.
Foto: Marita Solheim / NRK– Det er eit stemningsskifte når det gjeld korleis ungdom stiller seg til tradisjonar, men også tru og religion. Større nysgjerrigheit, meiner Kjølaas.
– Verda har dei siste åra blitt ein meir utrygg stad. Då søker ein seg inn mot tradisjonelle verdiar. Det handlar kanskje om kjerneverdiar, legg ho til.
Lægdene peikar også på haldningar blant ungdommane sine foreldre som årsak til dei aukande tala:
– Dei var kanskje ikkje noko spesielt imot kristendommen, men tenkte at dette får barnet bestemme sjølv når vedkommande blir ungdom.
Ville la dottera ta valet sjølv
Kaja fortel at ho «til ein viss grad» har hatt ein kristen oppvekst med tradisjonar som jul og påske. 15-åringen er veldig glad for at foreldra gav henne moglegheita til å velje sjølv.
– Eg synest det er ein veldig fin tanke at eg fekk lov å velje sjølv. Eg skjønar kvifor dei gjorde det.
– Det er fint at ho kan ta valet sjølv. Det er jo ikkje noko ein utelukkar for resten av livet, dersom ein ikkje døyper seg, seier mor Stine Hauge.
I Tromsø har i år 30 ungdommar døypt seg før konfirmasjonen sin.
Foto: Marita Solheim / NRKOm det hadde vore opp til mor, hadde Kaja blitt døypt som barn. Men ho seier at det ikkje var ei så sterk sak for henne som for Kaja sin far.
– Eg er konfirmert og hadde trua mi inntil etter konfirmasjonen, men så skifta eg livssyn. I dag er eg ateist, altså ikkje-truande, fortel far Christian Uhlig.
Han opplevde at foreldra hans tok eit val for han.
– Derfor ville eg gjerne at Kaja skulle ta valet sjølv, og reflektere over det. Ikkje berre seie «ja» til ei tru som er lagt i fanget.
– Eg synest det er bra at du har døypt deg og konfirmert deg, seier han til Kaja og smiler.
Kaja Uhlig Hauge viser fram nordlandsbunaden som ho brukte i konfirmasjonen.
Foto: Marita Solheim / NRKSlik føregår ein dåp for ungdommar
Kaja synest dåpsseremonien var veldig fin, og at det kjendest trygt å vere fleire ungdommar som skulle døypast.
– Eg var litt nervøs. Ein føler at det er så stort. Ein er så redd for å gjere noko feil. Det er ein dag eg veit eg kjem til å hugse. Då betyr det ganske mykje, seier ho.
Sjølv hadde ho ein namnefest då ho var lita. Ho var spent på korleis ein dåp som ungdom skulle føregå. Om ho skulle få vatn på hovudet eller bli «bada».
Kaja blei døypt her i Tromsø gravlunds kapell. Prest Jill Sæterbø Kjølaas synest det er rørande at så mange ungdommar vil døype seg.
Foto: Marita Solheim / NRKDomprost Stig Lægdene forklarar korleis ein ungdomsdåp føregår:
– Her må jo ungdommen velje det sjølv. Ein blir jo heller ikkje boren fram, det blir litt tungt, seier han og ler.
– Ein går fram til døypefonten, og så spør presten «Vil du bli døypt?», og så svarar ungdommen «ja». Og så har ein fadrar, som ved ein barnedåp.
Dette kan skje i ei vanleg gudsteneste, men det kan også skje i ei ettermiddagsgudsteneste, eller ei eiga dåpsgudsteneste for konfirmantar.
– Eg synest det er veldig fint at ein blir døypt som barn. Det er jo så koseleg, og dei er veldig søte i dåpskjolane. Men det er også veldig fint med ungdomsdåp, konkluderer Kaja.
– Eg synest det er veldig fine historier i Bibelen. Det er mykje å lære derifrå, som ein kan ta med seg vidare inn i kvardagen, seier Kaja Uhlig Hauge.
Foto: Marita Solheim / NRKPublisert 21.05.2025, kl. 21.35