Rekord­varm sjø i 2025: – Me kjem ganske sikkert til å mista artar

1 week ago 13



– Fjoråret var veldig varmt, seier forskingssjef Ingrid Askeland Johnsen.

Havforskingsinstituttet (HI) har målt temperaturen på faste stasjonar frå sør til nord langs kysten sidan 1930- og 40-talet.

Dette gir dei ei unik oversikt over klimaet. Og aldri har det vore varmare i sjøen i sør og vest enn i fjor.

– Det er jo venta med tanke på klimaendringane, men me blir litt overraska over at det er ny rekord. Det er ikkje den utviklinga me håpar på.

kart med ulike stasjoner

Havforskingsinstituttet har hatt målingar frå faste stasjonar heilt sidan 1930- og 40-talet. På 50 og 100 meters djupne har 2025 vore det varmaste året observert nokon gong, på stasjonane Lista, Utsira, Sognesjøen og Bud.

Illustrasjon: Havforskningsinstituttet

2,5 grader over gjennomsnittet

Forskarane måler temperaturen både øvst i vasskorpa og langt nedi djupet på dei ulike stasjonane langs kysten.

Tala frå fjoråret viser at det har vore uvanleg varmt begge plassar.

Ein av målestasjonane er ved øya Utsira i Rogaland.

Her er det normalt mellom 8,5 og 10,5 grader på 100 meters djupne i november. I november 2025 var det nesten 12 grader.

– Vatn har større varmekapasitet enn luft, så 2,5 grader over gjennomsnittet er mykje, ifølgje Johnsen.

Bildet viser en stille havn med flere hus langs bredden. I forgrunnen reflekteres omgivelsene i det rolige vannet. Bakgrunnsfjellene er delvis dekket av lys vegetasjon. Himmelens klare blåfarge skaper en rolig atmosfære. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Øya Utsira ligg ute i Nordsjøen, 18 kilometer vest for Haugesund. Det er Noregs minste kommune målt i folketal.

Foto: Øystein Otterdal

Påverkar livet i havet

Det er venta at varmare sjø vil endra kva artar me kjem til å ha langs kysten.

– Me veit ganske sikkert at me kjem til å mista nokre artar, og at andre artar kjem inn, seier forskingssjef ved HI, Ingrid Askeland Johnsen.

Djuphavskorallar er ein art som kan tola den varmare sjøen dårleg.

– Me har observert massedød av korallar i periodar det har vore varmt, men me er usikre på om temperaturen åleine er grunnen. Det er fleire artar som ikkje trivst i varmt vatn, og som me kan mista.

Observasjonane av massedød er gjort på Sør- og Austlandet.

Framande artar har også trekt opp frå sørlegare strøk. Det er gjort observasjonar av blant anna sjøhest og skjelpadder langs norskekysten.

Fleire marine hetebølger

Også i store delar av Norskehavet og Barentshavet er det målt unormalt høge temperaturar.

– Satelittdata viser at temperaturauken strekker seg utover dei store havområda, seier Helene Langehaug, som er seniorforskar ved Nansensenteret og Bjerknessenteret.

Det har dei siste åra vore fleire marine hetebølger, som inneber uvanleg høg sjøtemperatur over minst fem dagar.

– Dei varer også lengre, og framskrivingar viser at auken i marine hetebølger kjem til å halda fram. Årsaka er den globale oppvarminga.

Varmare sjø er blant anna dårleg nytt for oppdrettsnæringa fordi lakselus formeirar seg raskare når vatnet blir varmare.

Nansensenteret jobbar no med å laga klimavarsel, som til dømes havbruksnæringa kan bruka for å førebu seg på marine hetebølger.

Publisert 05.01.2026, kl. 09.32 Oppdatert 05.01.2026, kl. 10.46

Read Entire Article