Reisebyrå: Fleire enn 200 nordmenn evakuerte ved skogbrann på Kreta

1 week ago 6



– Helikoptera flyg over her no og prøvar å avgrense brannen, fortel Trond Hågensen til NRK.

– Det er så mange ferieturistar her, og alle står på gata.

Hågensen seier det var ein Lidl-butikk som tok fyr og blei evakuert onsdag ettermiddag, og at brannen spreidde seg til terreng like ved.

– Det var vanvitig med røyk. Politiet står her med munnbind på seg og dirigerer trafikken.

Fleire helikopter er i gang med sløkkinga.

NRK har møtt Eva Henriette Trondsen på staden. Ho fortel at ho stod i dusjen då ho oppdaga at det brann rett utanfor rommet på hotellet Castle Suites.

– Det var pappa som ringe og sa at eg måtte kome meg ut. Vi har evakuert oss sjølve, kan du seie.

Dei har fått med seg nokre eigendelar, men sprong ut i all hast, seier ho vidare.

– Vi veit ingenting. Ingen har sagt noko til oss.

Eva Henriette Trondsen - selfie

Trondsen seier dei har kome seg

Foto: Eva Henriette Trondsen / Privat

Ving: Har evakuert 155 kundar

Landssjef i Ving Norge, Marie-Anne Zachrisson, seier at dei har 155 kundar på tre hotell i området. Desse er no evakuerte og står på gata, seier ho vidare.

– Sjølve brannen har oppstått ved ein Lidl-butikk. Difor har vi prata med kundar som er råka, fortel ho til NRK.

– Det siste no er at styresmaktene framleis ikkje har full kontroll på brannen. Så vi følger nøye med på kva for råd vi får.

Brann på Kreta

Vitne fortel om tett røyk på staden.

Foto: Privat

Zachrisson fortel at gjestane framleis står ute på gata med bagasjen sin, men at dei har guidar på plass på dei tre hotella som held eit auge med situasjonen.

– Vi er også førebudde med bussar dersom det blir snakk om å flytte dei frå hotella.

– Er det fare for at brannen skal spreie seg? Er det difor dei blir evakuerte?

– Det kan eg ikkje uttale meg om. Vi følger alltid det som lokale styresmakter ber oss om, og råda som dei kjem med. Der må vi følge med på utviklinga heile vegen, og det gjer vi tett.

Merkast også lenger vekke

Brannen merkast fleire kilometer unna, fortel Jan Ole Vesterlid frå Ålesund. Han har vore på Kreta i snart to veker.

– Det var så tett røyk at eg måtte gå inn. Det var ubehageleg å vere ute på verandaen, fortel han.

– Dei hentar vatn for å sløkkje brannen.

Publisert 11.09.2024, kl. 17.09 Oppdatert 11.09.2024, kl. 17.42

Read Entire Article