Regjeringa vil gjere det obligatorisk å ID-merke hundar

3 days ago 4



Det kjem fram i regjeringa si nye stortingsmelding om dyrevelferd, der det også er fleire andre tiltak for sports-, hobby- og selskapsdyr.

– Regjeringa set i gang tiltak som skal hindre at folk kjøper dyr på impuls, og sikre at folk skaffar seg nødvendig kunnskap og kompetanse slik at dyra blir tatte godt vare på, seier landbruks- og matminister Geir Pollestad.

Dei går ikkje for obligatorisk ID-merking av katt.

Dyrevelferdsmelding

Landbruks- og matminister Geir Pollestad (Sp) og fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss (Ap) presenterte ei ny stortingsmelding om dyrevelferd.

Foto: Nærings- og fiskeridepartementet / NTB

Betre fiskevelferd og dyrevelferd i landbruket

Regjeringa kjem med fleire tiltak for landbruk og havbruksnæring.

Dei vil blant anna setje eit mål om å få dødelegheita ned mot 5 prosent for alle fiskeslag i akvakultur.

– Vi har over lengre tid sett at fiskevelferda i havbruksnæringa ikkje er god nok. I denne meldinga set vi eit konkret mål om at dødelegheita må ned mot 5 prosent, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss (Ap).

Fish lie in a fish tank on the Boulogne sur Mer based trawler "Nicolas Jeremy" off the coast of northern France

Fiskeoppdrett skal få lågare mål om dødelegheit enn i dag.

Foto: PASCAL ROSSIGNOL / Reuters

Regjeringa seier dei vil vurdere å auke gebyra for brot på dyrevelferdslova innanfor havbruk.

Innanfor landbruk vil regjeringa at dyr i landbruket skal få det betre ved at storfe frå 2034 skal haldast i lausdrift.

Det vil seie i fjøs der dei kan bevege seg fritt, i motsetning til båsdrift der dyra ikkje kan bevege seg i like stor grad.

A dairy cow sticks out its tongue in a cowshed in Hergolding near Munich

Kyr skal få fjøs der dei kan bevege seg meir enn i dag – dette skal gjelde frå 2034.

Foto: MICHAEL DALDER / Reuters

Dei vil òg at kalvar må haldast med andre kalvar frå dei er to veker gamle.

For svin foreslår dei å gjere regelverket det enklare å forstå og følgje for grisebønder.

For kylling vil dei at ein skal følge overgangen til mindre raskt veksande kyllingar. I tillegg til at kyllinghus må ha naturleg lys og anna som stimulerer dyra.

Nye regler for hestehald

Det blir òg foreslått eit forbod mot å ha hestar på spiltau i nye stall og ved ombygging av eksisterande stall.

Pollestad har som mål at Noreg skal vere i verdstoppen for dyrevelferd.

– Dei fleste dyreeigarar tek godt vare på dyra sine. Likevel er det ei utfordring at dyreeigarar har ulik kompetanse, seier Pollestad.

– Noreg har alle føresetnader for å vere leiande på dyrevelferd, seier han.

People take part in a parade marking the 114th anniversary of the Mexican Revolution, in Ciudad Juarez

Regjeringa foreslår. eit forbod mot å ha hestar på spiltau i nye stall

Foto: Jose Luis Gonzalez / Reuters

Dei vil innføre registreringsplikt for store kattehald.

Forbodet mot herptilar (amfibium og krypdyr), blir. Dei som allereie eig slike dyr, skal få behalde dei lovleg.

Her kan du lese alle forslaga frå regjeringa:

Publisert 20.12.2024, kl. 11.03 Oppdatert 20.12.2024, kl. 11.55

Read Entire Article