Redningsaksjon etter båtkantring: Ein person plukka opp – søker etter to til

5 hours ago 4



Det er sett i gang redningsaksjon ved Kråkenes fyr etter ein skjærgårdsjeep vart funnen drivande med kjølen opp, melder politiet.

Klokka 20.39 melder dei at ein person er plukka opp av redningshelikopter.

– Søket held framleis på for fullt, seier Anja Bakken, kommunikasjonssjef i HRS klokka 20.53.

Ho er ikkje kjent med kor lenge dei tre personane kan ha vore i vatnet.

Hovudredningssentralen (HRS) bekreftar at dei starta søk etter tre personar i vatnet.

– Dette er ein utleigebåt. Utleigaren har stadfesta at båten gjekk ut tidlegare i dag med tre personar om bord.

Det seier Hans Jakob Gulliksen, redningsleiar i Hovudredningssentralen (HRS). Dei fekk fyrste melding klokka 18.23.

Fastbuande på Kråkenes melde frå

– Ein person på land lurte på om det kunne vere ein båt som låg opp ned, forklarer Gulliksen.

Atle Kråkenes bur på Kråkenes i Kinn kommune og fekk auge det han trudde var ein liten båt.

– Men eg synest det var for dårleg vêr til at nokon kunne vere ute og fiske i dag. Så såg eg litt nærare og då såg eg at båten låg opp ned. Då ringde eg redningsmannskap, seier Kråkenes.

Kort tid etter var fleire instansar på plass.

Redningsaksjon er sett i gang ved Kråkenes fyr utanfor Måløy.

Redningsskøyter, redningshelikopter og politiet tek del i søket.

– 15 personar frå brannvesenet er på veg opp frå Måløy i båt, seier Børre Brekkvassmo, fungerande vaktkommandør i brannvesenet.

Frivillig mannskap er også kalla ut for å hjelpe til i søk langs land.

Publisert 04.05.2025, kl. 20.21 Oppdatert 04.05.2025, kl. 20.59

Read Entire Article