Reagerer på skotskadene til nabo: – Sjokkert

12 hours ago 2



Hadde to skot i hovudet:

I eitt år har nabomannen trudd at 89-åringen døydde i brann. No lurer han på kvifor politiet ikkje har banka på døra hans.

 Politiet
I FULL FYR: Brannvesenet klarte å hente ein mann (89) ut av det brennande huset. Han hadde blitt skoten to gangar i hovudet. Foto: Politiet

Publisert 09.01.2026 16:36

– Eg er sjokkert. Og tykkjer dette er veldig spesielt, seier mannen til TV 2.

Han bur litt lenger inne i Hausdalen i Bergen, der politiet i eitt år har etterforska ei spesiell sak som TV 2 omtalte tysdag.

Ein einebustad i Hausdalsvegen brann ned til grunnen i januar i fjor. Ut frå det brennande huset vart ein 89 år gamal mann henta ut. 

Han var skoten i hovudet to gongar, med hans eigen salongrifle i kaliber 22. Politiet seier til TV 2 at det likevel mest sannsynleg er snakk om sjølvdrap.

– Ifølge rettsmedisinaren som obduserte avdøde, vil det vera mogleg å overleva eit slikt skot, for deretter å lade våpenet og fyre av ei nytt skot, sa politiadvokat Are Nygård Bergh til TV 2.

Mann skutt i hodet to ganger – politiet tror det var selvdrap

Reagerer sterkt

Brannårsaken er ikkje kjent. 89-åringen hadde ikkje sot i luftvegane, noko som fortel at han truleg var død før brannen nådde soverommet der han vart funnen.

No reagerer naboen i Hausdalen på at politiet ikkje har vore på døra eller ringt han for opplysningar.

Politiet har nemleg sagt til TV 2 at dei har etterforska dødsfallet med to hypotesar; anten har mannen gjort det sjølv, eller så står nokon andre bak.

Dei seier dei innleiingsvis sette store ressursar på saka.

– Men eg har snakka med nokre andre naboar lenger inne i dalen, og dei fortel at det ikkje har vore noko rundspørjing frå politiet her hjå oss, seier mannen.

Han gjentek at han er sjokkert over at 89-åringen hadde skotskadar. Han har trudd at mannen døydde i brannen. 

 Elias Engevik / TV 2
AVSIDES: Hausdalen ligg heilt sør i Bergen og kan nåast frå gamle E39 ved Kalandseidet. Her ligg branntomta i nedre del på venstre side av vatnet. Det har vore rundspørring på den andre sida av vatnet, men ikkje lenger inne i dalen. Foto: Elias Engevik / TV 2

Dette har politiet gjort

Han ynskjer å vera anonym. Hausdalen er avsidesliggande, og det er tidvis langt mellom husa i dalen. 

– Vi kunne bidrege med eventuelle observasjonar både før og etter brannen, men ingen frå politiet har spurt, hevdar han.

Til TV 2 svarar politiet at dei hadde rundspørjing i området.

Men dei konsentrerte seg om hus som låg mellom det aktuelle huset og avkøyrsla frå gamle E39.

– Vi prioriterte eigedomar som har utsikt mot åstaden og eigedommar som kan ha oversikt over trafikk til og frå eigedomen frå gamle E39, skriv politiadvokat Are Nygård Bergh i ein e-post.

Naboen som har kontakta TV 2 bur altså lenger inne i Hausdalen enn der 89-åringen budde.

TV 2 veit at politiet har gjort fleire viktige etterforskningsskritt i innleiinga av saka. 

Før første publisering bad likevel politiet om at desse opplysningane ikkje vart tekne med, av hensyn til eventuell utviding av etterforskinga.

Men politiet har gjort undersøkelsar for å kartlegge:

 Kva køyretøy som har vore i området i aktuelt tidsrom

Kva telefonar som har vore i dekningsområdet.

Avhøyrd sju personar, som er familie, naboar og bekjente.

– Ingen av vitna har gitt informasjon av betydning. Heller ikkje dei andre undersøkelsane har gitt opplysningar som underbygger at andre har vore involvert, seier Bergh.

– Ingen informasjon av betydning

Når det gjeld rundspørringar har totalt fire eigedommar langs Hausdalsvegen og sju eigedomar på andre side av Hauglandsvatnet blitt oppsøkt av politiet.

– Dei som ikkje var heime fekk eit brev i postkassa med oppfordring om å ta kontakt dersom dei hadde gjort observasjonar i området mellom tysdag 14. januar 23.00 og onsdag 15. januar 2025 klokka 03.30.

– Vi bad dei også ta kontakt om dei hadde kameraovervaking. Rundspørjinga gav ikkje opplysningar av betydning for saka, seier Bergh.

 Lars Christian Økland / TV 2
STORE RESSURSAR: Politiadvokat Are Nygård Bergh seier politiet i Bergen sette ned ei stor etterforskingsgruppe i saka. Dei vedgår at saka er spesiell. Foto: Lars Christian Økland / TV 2

«Alle» passerer huset

Nabomannen som har reagert på saka poengterer til TV 2 at brannstaden ligg slik til i Hausdalen at alle som skal inn eller ut, køyrer forbi.

– Det er mykje trafikk, anten det er folk som skal heim eller folk som skal gå på tur her. Så nokon kan eventuelt ha sett noko, meiner han.

Dei etterlatne etter 89-åringen er kritiske til politiets etterforsking av dødsfallet og stiller spørsmål ved om hypotesane er godt nok undersøkte.

Politiet har sagt til TV 2 at det er det totale bevisbildet som gjer at dei meiner 89-åringen mest sannsynleg har tatt sitt eige liv.

Trenger du noen å snakke med?

Hvis du trenger noen å snakke med, kan du benytte noen av disse lavterskeltilbudene:

Mental Helse Hjelpetelefonen: Ring 116 123. Tast 2 for foreldresupport og tast 3 for studenttelefonen på samme nummer. Tilbyr også chat: sidetmedord.no.

Mental Helse Ungdom: Chattetjeneste åpen hver dag klokken 18–21. Tjenesten er rettet mot unge voksne (18-35 år).

Kirkens SOS: Ring 22 40 00 40.

Kors på halsen: Ring 800 333 21. Tjenesten tilbys av Røde Kors og er for deg under 18 år.

Rådgiving om spiseforstyrrelser: De har både chattetjeneste og telefonlinje.

Akutt selvmordsfare? Ring 113 når det er akutt og står om liv. Ring legevakt på tlf. 116117 for øyeblikkelig hjelp.

Leve Landsforeningen for etterlatte ved selvmord: Tar imot henvendelser på epost: post@leve.no eller telefon 22 36 17 00 (hverdager 9-15)

Spillavhengighet Norge: Ring 4770200 eller skriv til kontakt@spillavhengighet.no.

Hjelpelinjen: Hjelp i forbindelse med penge- eller dataspill. Ring 800 800 40.

Read Entire Article