Reagerer på «gammaldags» OL-utstyr: – Kvifor treng vi dette?

1 month ago 22



– Vi har tenkt «kva søren» vi er i 2024. Kvifor treng vi framleis dette?, seier den tyske sprintaren Gina Lückenkemper NRK.

Ho snakkar om namnelappane og startnummera til friidrettsutøvarane i OL og måten dei er festa på.

Fleire har nemleg bite seg merke i at dei heng laust på kleda til utøvarane på friidrettsstadion Stade de France i Paris. Lappane er berre festa med sikringsnåler.

Det har òg gitt utøvarar problem med at lappane losnar og ikkje sit som dei skal under konkurransane.

BF_cCcy8hSo

OPPGJER: Rai Benjamin er lei startnummer.

Foto: AP

For i kampen om edelt metall og nye rekordar har små marginar mykje å seie, og fleire utøvarar er einige i kritikken av sikringsnålene.

– Vi må bli kvitt startnummera. Det er så dumt, seier Karsten Warholms overmann på 400 meter hekk, Rai Benjamin.

Han har gjort det til ein kampsak, og reiv nærmast demonstrativt av seg namnelappen etter OL-finalen.

– Ein volleyballspelar sa til meg «eg skjønner ikkje korleis dykk spring så raskt, dykk gjør det så bra, men fester et papirark til drakta før dykk skal konkurrere», seier amerikanaren.

Tyske Alexandra Burghardt og Gina Lückenkemper etter å ha tatt OL-bronse på 4x100 meter i Paris.

TRENG VI DETTE?: Gina Lückenkemper (til høgre) og Tyskland hadde lukka med seg fredag, da dei tok OL-bronse på 4 x 100 meter stafett. Men patentet på namnelappane har dei lite til overs for.

Foto: MARTIN BERNETTI / AFP

– Det må forandrast

Fleire er einige med den ferske olympiske meisteren på 400 meter hekk.

Da NRK stoppa det britiske laget etter kvalifiseringa deira til finalen på 4x100 meter, blei dei raskt ivrige da dei skjønte kva NRKs spørsmål skulle handle om.

NRKs reporter rakk ikkje eingong å stille spørsmålet ferdig før Richard Kilty braut inn:

– Vi burde ha namna våre på drakta som i fotball. Det er unødvendig. Alle land har pengar til å bruke ti dollar til å skrive namna våre på draktene. Det må forandrast.

Lagkameraten Nethaneel Mitchell-Blake stemmer i:

– Med så små marginar, så treng vi alle konkurransefordelar vi kan få.

Eksempelvis hadde Noah Lyles tusendelane på si side da han tok OL-gull på 100 meter framfor jamaikanske Kishane Thompson. Men amerikanaren har òg slite med å få tidtakarbrikka til å sitte i namnelappen.

– Vi har desse tunge brikkene her, seier Kilty og lettar på lappen på magen og peikar, før han fortset:

– Dei sprett rundt og er ganske tunge, forklarer Kilty.

Den finske hekkeløparen Lotta Harala håpar òg på endring.

Fourie

POSITIV TIL ENDRING: Marione Fourie har ofte sett fast håret i sikringsnåla på namnelappen.

Foto: Reuters

– For å vere ærleg er det veldig gammaldags. Eg skjønner ikkje kvifor vi ikkje har ein nyare måte å gjere dette på, seier Harala til NRK og legg til:

– Eg ville verkeleg sett pris på om dei kom med noko nytt.

Sørafrikanske Marione Fourie, som til liks med Harala vann oppsamlingsheatet sitt på 100 meter hekk torsdag, irriterer seg over patentet:

– Håret mitt festar seg i sikringsnåla, seier Fourie som òg vil ha ei endring.

Det same har skjedd med finske Harala.

– Ja, det skjer iblant, seier 32 år gamle finnen.

  • NRK har kontakta Det internasjonale friidrettsforbundet for ein kommentar på kritikken, men har foreløpig ikkje fått svar.

Narve Gilje Nordås gir en knoke til Gebrhiwet på oppløpet under 5000 meter forsøksheat i Paris-OL

SIT LAUST: Det sat for Narve Gilje Nordås i forsøket på 5000 meter, men startnummera sat dårleg.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Kommanderte Warholm

Warholm fekk òg spørsmål om startnummera på pressekonferansen etter OL-finalen.

– Si nei. Si at du ikkje liker det, kommanderte Benjamin frå sida.

Etter litt latter frå salen og et smil frå Warholm, gav nordmannen sin dom.

– Eg har ikkje tenkt så mykje på det, men eg hadde ikkje blitt trist om dei droppa det. Han kan få viljen sin der. Eg skal ikkje gjere ein stor greie ut av det, for det plager meg ikkje så mykje, seier sunnmøringen.

Deretter tok Benjamin ordet igjen. Han meiner papirarket på magen er med på å gjere prestasjonane svakare.

– Skoprodusentane bruker mykje pengar på utvikling og lager aerodynamiske drakter, men så fester du et papirark på den. Vi kan like gjerne springe i ein t-skjorte da. Kvifor skal man bruke pengar på materiale og at det skal vere aerodynamisk, viss man skal gjere det. Det skaper mykje motstand.

CfVqueBIneI

PALLEN: Warholm, Benjamin og dos Santos mottar medaljane sine.

Foto: Reuters

Kan lære av sykkelsporten

NRKs sykkelekspert Sondre Sørtveit meiner friidretten kan hente inspirasjon frå sykkelsporten.

– Det er heilt sikkert eit potensial for å gjere arealet framfor på kroppen meir aerodynamisk. Særleg for sprintarane speler det ei rolle. Det er jo tusendelar som avgjer, så det er ekstremt små marginar, seier Sørtveit til NRK.

Det har blitt brukt store ressursar på å optimalisere drakter og draktmateriale i sykkelsporten og NRKs ekspert meiner det er ei enkel løysing på namnelapp-problemet:

– Dei kan eventuelt bruke ei lomme. I sykkel bruker ein ei gjennomsiktig lomme. Da kan ein designe lomma i eit meir aerodynamisk materiale.

Tadej Pogacar

MOGLEG LØYSING?: Tour de France-vinnar Tadej Pogacar med draktnummeret integrert i drakta.

Foto: AFP

Det synest hekkeløpar Fourie høyrest ut som ein god idé:

– Det ville nok vore betre. Viss du lagar noko som gjer deg raskare, eller som hjelper med aerodynamikken – kvifor ikkje bruke det?

– Optimalisering av utstyr har vist seg å gjere store utslag i sykkel, så eg trur det har noko for seg å sjå på det, i staden for å bruke gammaldagse sikringsnåler, meiner Sørtveit.

Julien Alfred med navnelappen etter OL-gullet på 100 meter

NAMNELAPP: Julien Alfred reiv enkelt av seg namnelappen da ho tok Saint Lucias første OL-gull på 100 m.

Foto: Ashley Landis / AP

Han trur friidretten har vore for fokusert på fottøyet.

– Friidretten har kanskje brukt all tid og ressursar på dette med sko. Dei burde prøve å sjå på alle moglege ting.

Sørtveit oppfordrar utøvarane til å teste nye materiale og utstyr.

– Blant syklistane på toppnivå er det veldig mange av dei som er ekstremt opptatte av å teste ulike ting sjølv. For dei veit kor mykje det har å seie for sluttresultatet.

Dylan Groenewegen vann den 6. etappen i Tour de France med eit aerodynamisk «nebb»:

Publisert 11.08.2024, kl. 16.45

Read Entire Article