Reagerer på 100 millionar kroner til Fosen-rein: – Flyttar konflikten

1 day ago 3



– Det er stor lokal motstand og uro. Dette tykkjer eg er ei brå avgjerd og ein flytter berre konflikten frå Fosen til Nord-Østerdalen, seier leiar i Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum.

Det var torsdag det vart kjend at regjeringa gje 100 millionar kroner til tilleggsareal for vinterbeite for Fosen reinbeitedistrikt.

Næringa i Fosen har vore i årelang strid etter at 80 vindturbinar vart bygd ut. Høgsterett har slått fast at dette er i strid med urfolks rettigheiter.

– Det har vore konflikt mellom reindrift og vind i Fosen. No blir det konflikt mellom tamrein og folk i Nord-Østerdalen, seier Vedum.

Vedum Tynset

Trygve Slagsvold Vedum vart overraska da han såg regjeringen sitt forslag i revidert nasjonalbudsjett.

Foto: Geir Olav Slåen / NRK

Viser til faglege råd

Forskingsinstituttet Nibio råda staten til å flytte reinen frå Fosen til Håmmålsfjellet-Sålekinna i Os, Tolga og Engerdal kommune på vinterstid.

Landbruks- og matdepartementet svarer at dei 100 millionane skal dekke «diverse kostnadar» knytt til å sette opp vinterbeita for Fosen-reinen.

Desse kostnadane er «gjennomføring av ein planprosess, avbøtande tiltak og beiteleieavtalar» ifølgje landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen (Ap).

– Regjeringa legg til grunn den faglege tilrådinga frå Nibio, og jobbar vidare med dette alternativet, skriv dei i ei pressemelding.

NRK har bede landbruks- og matminister, Nils Kristen Sandtrøen, om ytterlegare kommentarar, men har førebels ikkje fått svar.

– Verkar avgjord

Leiar i Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum, opplever det som at regjeringa har avgjort å flytte reinen til Nord-Østerdalen.

– Det er mykje pengar i eit revidert budsjett. Det verkar avgjord på førehand, sjølv om dei ikkje har inngått noko avtale med kommunane eller med dei som bur i området, seier Vedum.

et par menn som sitter ved et bord med mat og drikke

Ordførarane frå Os og Tolga kommunar, Ivar Midtdal (til venstre) og Bjørnar Tollan Jordet, er ikkje imponerte.

Foto: Lars Os / n39779

Heller ikkje ordførarane i Os og Engerdal kommunar er imponert.

– Dette er ein prosess som vi fekk kasta på oss i fjor haust. Staten foreslår å rette opp uretten i Fosen med å gjere seg skuldig i ny urett i våre kommunar. Dette påfunnet frå staten vekker store reaksjonar, seier ordførar i Os kommune, Ivar Torvidsson Midtdal (Sp).

– Kan bli konflikt

NRK har også vore i kontakt med ordføraren i Tolga kommune, Bjørnar Tollan Jordet (SV), som viser til at han og Midtdal har likt syn på saka.

– Vi skulle ynskje dei berre skrinla heile prosjektet og kompenserte reindrifta på Fosen. For vår del kan dette bli ei stor kime til konflikt.

Fryktar den blander seg med villrein

Ordføraren viser til at dei allereie i dag har utfordringar med tamrein i området som går inn i område til beitedyr i landbruket.

– Eg fryktar også at den vil blande seg med villreinen som er i Tolga-Østfjell.

– Men er det ikkje bra at regjeringa prøver å finne løysingar til Fosen-konflikten?

– Det er bra det, men her gjentek dei jo berre feilen dei gjorde i Fosen. Vi føler oss overkøyrd, seier Midtdal.

Publisert 18.05.2025, kl. 08.40

Read Entire Article