RBK straffar supporterane: Må pusse opp Brakka

1 month ago 38



For to veker sidan blei Rosenborg sin kamp mot Lillestrøm stansa av supporterprotestar mot VAR.

No har Rosenborg avgjort kva straff dei involverte supporterane skal få.

Dei må hjelpe til med arbeid når Rosenborg sitt klubblokale Brakka no skal bli pussa opp.

Oppdraget omfattar nedskraping, vasking og måling av Brakka. Ein jobb som er kostnadsberekna til om lag 400.000 kroner, skriv klubben sjølv på sin nettside måndag kveld.

– Dette er ein historisk hending i norsk fotball, og det påverkar klubbens val av sanksjonsform, seier Tore Berdal, dagleg leder i klubben.

Klubben skriv at enkeltsupportere var svært aktive i form av å smugle inn tennisballer og fordele disse på tribunen.

– Protesten var ikkje retta mot klubben, men det er ingen tvil om at det er Rosenborg som sit igjen med konsekvensane.

En funksjonær plukker biter av fiskekake fra banen på Lerkendal stadion.

Etter fleire protestar mot VAR blei kampen mot Lillestrøm avbrutt.

Foto: NTB

Må bli gjort før oktober

Dei involverte supporterane har fått frist til 1. oktober med å gjennomføre arbeidet.

Dersom arbeidet ikkje er ferdigstilt innan fristen vil supportertribunen Øvre Øst bli stengt i fem kampar.

I tillegg til arbeidet skal supportergrupperinga dekke heile bota Rosenborg har fått frå Noregs fotball forbund.

 Rosenborg - Lillestrøm.

Den avbrutte kampen skal etter planen bli spilt ferdig 21.august.

Foto: Ole Martin Wold / NTB

Kjernen støttar sanksjonane

Rosenborg sin organiserte supportergruppe, Kjernen, støtter også sanksjonane.

– Kjernen ønsker at Lerkendal skal vere ein arena for fotballglede for store og små, og ikkje sabotasje av fotballkampar. Vi støtter derfor opp om klubbens val av sanksjonar.

Det seier leiar i Kjernen, Bjørn Skar.

– Vi er einig med klubbens leiing om at vi i tida framover skal førebyggje slike hendingar, slik at alle trygt kan reise både frå Leka og Oppdal, utan å måtte risikere at kampar avlyses.

Publisert 05.08.2024, kl. 17.40 Oppdatert 05.08.2024, kl. 17.58

Read Entire Article