– Når eg for eksempel skal møte kvinnfolk, og må seie at eg er 50 prosent ufør, gir det meg ei skamkjensle, seier Raymond Anthony Rochell.
36-åringen har jobba lenge med psyken sin for å unngå å ende opp som uføretrygda.
Men med diagnosen hans blei det for krevjande.
– Eg måtte svelge stoltheita mi i desember og søke om å bli delvis ufør.
Rochell går nå på arbeidsavklaringspengar (AAP) mens han er i arbeidstrening hos Jæren industripartnar.
I påska kom AAP-tal for Noreg til og med mars. Dei viser at meir enn 11.000 fleire fekk AAP i Noreg enn eitt år før.
4,6 prosent av oss mellom 18 og 67 får nå AAP.
Planen til Rochell er at han skal jobbe der i ein 50 prosent stilling mens han er 50 prosent ufør.
Rochell er i arbeidstrening på den mekaniske avdelinga hos Jæren industripartnar i Rogaland.
Foto: Isabel Wian / NRKFleire blir uføretrygda
I 2024 var det 373.000 personar som fekk uføretrygd. 30.800 av dei var nye uføretrygda, mens 24.400 personar slutta å få uføretrygd. Tal til og med mars kjem seinare i vår.
Talet på uføretrygda auka altså med 6400 personar i 2024.
– Eg kjenner eg må skjule meg litt. Det er eit statusjag i samfunnet i dag, men eg prøver å ikkje la det å bli ufør definere meg som menneske.
Rochell har ein diagnose som gjer at eit aktivt arbeidsliv kan vere ei stor utfordring. I tillegg fortel han at han slit med psykogen smerte.
Han ønsker ikkje å offentleggjere diagnosen, men NRK er kjent med den.
Smertene til Raymond Anthony Rochell er usynlege. Han etterlyser forståing og empati.
Foto: Isabel Wian / NRKArbeidsministeren: – Skal ha godt samvit
Arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna (Ap) er kjent med at fleire synest beskjeden om uføretrygd kan vere vanskeleg og skuffande.
– Eg møter mange uføre i jobben eg har. Felles for dei er at det aldri var verken planen eller draumen å bli ufør, seier Brenna.
Ho legg også til at ein ikkje bør kjenne skam over å vere sjuk og få uføretrygd.
– Velferdsstaten vår er til bruk, ikkje til pynt. Vi er alle med på å spleise på uføretrygd til dei dagane vi ikkje kan leve av vår eiga inntekt. Ein skal få uføretrygd med godt samvit.
Ho etterlyser openheit rundt problemstillinga, og oppfordrar folk til å vise forståing.
– Treffer du nokon som er uføre, eller er i ferd med å bli det, vis litt ekstra omsorg og forståing for den vanskelege situasjonen det er for den du snakkar med.
Arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna etterlyser openheit og forståing.
Foto: Patrick da Silva SætherUføretrygda og i jobb
Ein kan ikkje sjå på Rochell at han er sjuk. Dette kan gjere det vanskeleg for andre å forstå situasjonen hans, opplever han sjølv.
– Eg ønsker at folk skal forstå meg og ha empati.
Han fortel at både helsevesenet og Nav støttar han, og meiner at det å bli 50 prosent ufør er det rette for han.
– Det er vanskeleg å forklare. Eg kan trene og skru, men smerter lever eg med. Det er som at det boblar i heile kroppen.
Når Rochell fortel om fortida si, beskriv han ein uuthaldeleg kvardag.
– Eg kunne ikkje leve. Eg ønskte å døy. Det var bittert og tungt.
Nå ser han lysare på framtida.
– Med ei uføretrygd vil eg klare å yte når eg først er på jobb.
Held ikkje å vere deprimert eller sliten
Cathrine Dalane er avdelingsleiar i Nav Sandnes. Ho fortel at det er viktig å inkludere dei uføre, enten om det er i det ordinære arbeidslivet eller i det frivillige.
– Det å få ei uføretrygd betyr ikkje at ein ikkje kan gjere noko. Ein har mange ressursar likevel.
Cathrine Dalane, avdelingsleiar ved Nav Sandnes, meiner inkludering er viktig.
Foto: Isabel Wian / NRKVidare seier Dalane at det er viktig å sjå på dei uføre som menneske og at det er veldig individuelt kva dei ulike menneska har behov for.
– Det er berre det at dei har økonomisk støtte frå Nav.
Ho fortel at det er ein lang prosess å vurdere om ein person burde bli ufør, og at det ikkje er nok å vere deprimert eller sliten.
Hei!
Tenkte du på noe da du leste denne artikkelen? Eller har du et tips til andre saker vi burde sjekke ut i NRK?
Send meg gjerne en e-post!
Publisert 22.04.2025, kl. 05.09