Rasfaren var kjent i ti år – ingen sikringstiltak på plass då det rasa

2 hours ago 1



Søndag føremiddag rasa fleire tusen kubikkmeter stein nedover fjellsida og over europaveg 134 i den vesle bygda Fjæra i Etne.

Steinraset var så kraftig at det slo ut på jordskjelvstasjonar.

I 2016 gjorde Multiconsult ei undersøking for å sjå på skredsikringstiltak i akkurat dette området.

Grunnen var at Fjæra kai skulle omregulerast.

Medan sjølve kaiområdet på nedsida av vegen berre har middels skredfare, viser rapporten frå Multiconsult at ras over E134 er svært sannsynleg.

Dette inneber at det kvart einaste år er minst 1 prosent sannsynleg at det kjem ras over vegen.

Likevel var ingen sikringstiltak på plass.

Europaveg 134 er ein av hovudvegane mellom Austlandet og Vestlandet.

Bygda Fjæra ligg i Etne kommune sør for Odda.

Her gjekk det store raset søndag.

Raset gjekk over vegen og trefte bilar og bygg.

kart som viser gult område ved kaia, oransje litt innanfor og raudt over E134

Det raude området viser kvar Multiconsult meinte det er svært stor sannsynlegheit for skred i 2016.

Et høyvinkelbilde av ein veg (Bildebeskrivelsen er laget av ein KI-teneste)

Ti år seinare gjekk raset i same område.

Tolv personar er evakuerte og to bilar knuste. E134 er stengd til 11. mars.

2016-rapport viste stor rasfare

No kan NRK fortelje at Multiconsult gjennomførte synfaring i området då dei laga rapporten i 2016.

Dei peikar også på at det dei har vurdert er faren for at skred skal kunna nå området med den planlagde bygningsmassen.

«Vi utelukkar dermed ikkje at det kan skje hyppigare hendingar lenger oppe i terrenget», skriv dei.

Dei tilrådde at det bør vurderast å etablera skredbarrierar i form av fanggjerde eller skredvoll.

Det finst eit slikt fanggjerde rundt 100 meter unna, der oppdrettsselskapet Mowi sjølve sikra sin bygning.

ein veg går forbi eit bygg med ordet mowi på veggen. bak bygget står eit gjerde i metall

Bak Mowi-bygget i Fjæra har dei sett opp eit rassikringsgjerde. E134 går mellom gjerdet og bygget.

Foto: Tale Hauso / NRK

Vegvesenet seier at dei ikkje kjende til rapporten

Ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim (Sp) opplyser til NRK at kommunen sende over informasjon om rapporten i 2016, men ho kan ikkje seia sikkert at Vegvesenet har fått sjølve rapporten.

Avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Svenn Egil Finden, seier til NRK at dei ikkje kjende til Multiconsult-rapporten før NRK sende han over måndag.

Han stadfestar at det ikkje er gjort sikringstiltak i området.

– Akkurat punktet der har ikkje hatt den prioriteringa. Då er det andre skredpunkt som har hatt større skredfare som har blitt utført.

En person i oransje arbeidsbekledning står ved en vei med en fjord i bakgrunnen. Det er skilting til Folkehøgskule i umiddelbar nærhet. I bakgrunnen går to personer langs veien mot venstre. Området er preget av fjell og trær, med en bro i en avstand. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Ifølge avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Svenn Egil Finden, er det andre vegar som har hatt større prioritet i skredsikring.

Foto: Geir Bjarte Hjetland

At området er klassifisert med middels skredfare for busetnad har påverka prioriteringa, fordi dei først og fremst prioriterer det med høg fare når dei skal setja inn tiltak.

I 2020 gjennomførte Vegvesenet sjølve ei stabilitetsvurdering i området etter at ein stein på under ein kubikk vart funnen i området.

Då fann geologane ingen teikn på ferske løsneområde, og Vegvesenet vurderte derfor at det ikkje var behov for sikringstiltak.

I systemet til Statens vegvesen er området rundt Fjæra klassifisert med låg til middels risiko.

– Det er litt andre krav når det gjeld skredfagleg vurdering for busetnad kontra skredfagleg vurdering for veg.

Etter raset søndag har geologar frå Statens vegvesen vore på plass i Etne for å vurdera terrenget med helikopter.

– Basert på den kunnskapen me får frå geologane, så vil me vurdera tiltak der, seier Finden.

– Kunne gått mykje, mykje verre

Ordføraren er lukkeleg for at ingen blei skadde.

– Dette kunne gått så mykje, mykje verre. Me må trass alt vera takksame for at det gjekk så godt som det gjekk.

Ordføraren tenkjer med gru på kva som kunne skjedd om steinane hadde kome nokre timar seinare.

Ho viser til at det på ein søndag ettermiddag er mykje trafikk med bilar, turistbussar og rutebussar.

Ho er oppteken av å ikkje dela ut skuld.

  • Et stort steinras har funnet sted, og store steinblokker dekkes av det brune landskapet. Området har noen spredte trær og et lite vann i forgrunnen. Veien er blokkert av raset, med synlige spor av skader og hinder. Den omkringliggende fjellveggen har også synlige tegn på erosjon. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Enorme steinmassar raste ned på europavegen mellom aust og vest.

    Foto: Statens vegvesen Emil Solbakken
  • Bil knust av steinras ved husvegg i Fjæra i Etne

    To bilar vart knuste av dei enorme kampesteinane.

    Foto: Privat
  • Bil knust av kampestein i steinras i Fjæra i Etne

    To bilar vart knuste av dei enorme kampesteinane.

    Foto: Frode Mæland / NRK
  • Bildet viser et område med steinskred som har løsnet fra en skråning, med store steinblokker synlige på bakken. I bakgrunnen sees et boligtområde med bygninger og en marina hvor båter ligger fortøyd. Utsikten tas fra luften, noe som gir en oversikt over både skredet og omgivelsene. Det finnes ingen personer synlige i bildet. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Bilistar som kom til staden måtte søka tilflukt i ein tunnel.

    Foto: Statens vegvesen Emil Solbakken

– Me klarar aldri å sikra heile Vestlandet til kvar tid, men dette var eit veldig alvorleg steinras, seier ordføraren.

Ho trur det ligg potensial i betre oversikt over alle rapportane som blir utarbeidde i norske kommunar og bedrifter.

– Uavhengig kven som har bestilt ein rapport så må essensen i dette vera at me må bruka kunnskapsgrunnlaget som finst til det beste.

Tre menn ved eit oransje helikopter som står på bakken

Geologar var på staden for å undersøka terrenget måndag.

Foto: Tale Hauso / NRK

Ordføraren vil ha dialog

No vil ordføraren ha dialog med Vegvesenet om andre rasutsette punkt langs europavegen.

– Me har seks mil av E134 gjennom Etne kommune. Om me har fleire punkt som er like stor fare for busetnad og trafikantar som dette her. Det ønskjer eg eit svar på frå Vegvesenet.

Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim
Ordførar i Etne

Ordførar i Etne kommune, Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim, er takknemleg for at ingen blei skadde etter raset.

Foto: Tale Hauso

Publisert 03.03.2026, kl. 21.52

Read Entire Article