I fleire år har «Heilt Ramme sportar» gjennomført ekstreme idrettar frå krikar og krokar i verda.
I desse dagar blir sesong tre strøymd hos NRK TV, og ein brennheit fotballkamp og ein skandaløs vinmaraton er berre barnemat i forhold til ein del av forslaga produksjonen har lagt på bordet.
– Det er jo drithøgt. Det hadde blitt episk TV. Vi hadde ein kjendis som var dritgira på å bli med, seier Nicolay Ramm.
Ramm stråler når han fortel NRK om klippestupinga i Middelhavet. Frå 26 meters høgde, skulle Ramm og ein gjest konkurrere i stuping.
Men der måtte NRK sette ned foten. Til Ramms store fortviling. Og det er ikkje den einaste sprø ideen produksjonen har fått nei til.
– Vi var lenge gira på å prøve gateasfaltaking i Tsjekkia. Men vi såg ei samling av videoar med dei største krasja, og folk døyr og sånn. Så den blei for dryg, seier han.
- For ordens skyld: Nicolay Ramm er tilsett i NRK Sport, men var ikkje involvert i det redaksjonelle arbeidet med denne saka.
Vi har sett Ramm med gjester delta i eit livsfarleg osteløp, ein brutal issvømmekonkurranse, eit ellevilt VM i pommes frites – blant anna.
Lista er lang, men det er også idrettane Ramm og co. har fått nei til:
VM i Hot Dog
Under VM i pølseeting er det om å gjere å sluke flest mogleg pølser i brød i løpet av ti minutt. Vinnaren i 2024 åt 58 hotdogs.
– Der kunne vi blitt kvelte, så vi måtte dratt på VM i pommes frites i staden. For VM i pølser er den farlegaste idretten i verda på grunn av kvelingsfaren. Det er ingen fleire dødsulykker i verda i nokon idrett enn i VM i pølser. Den måtte vi droppe, seier Ramm.
Sjå klipp frå VM i Hot Dog her (ekstern lenke).
Slåssefotball
Calcio Storico Fiorentino er ein kombinasjon av fotball, rugby og wrestling. Hovudskalling, olbogeslag og kveling er akseptert. Men på grunn av fleire dødelege skadar, så har slag og spark mot hovudet blitt ulovleg.
– Dei slår kvarandre i trynet. Så han hamna i raud kategori i NRKs HMS-skjema, seier Ramm.
Sjå klipp frå den utrulege galskapen her (ekstern lenke).
Aking på trestamme
– Den ser heilt sjukt farleg ut. Eg har tenkt at han er for sjuk. Dei sit på ein trestamme som dei sender ned ein grasbakke. Og så er det berre å halde seg fast, og folk hamnar under og blir mosa, forklarer Ramm.
Sjå den elleville akekonkurransen her (ekstern lenke).
«Powerslap»
– Vi har vurdert det, men vi kan ikkje slå kvarandre helselause på TV. Meir enn vi allereie gjer i episoden Sjakkboksing (som er siste episode ut denne sesongen).
Her kan du sjå klipp (ekstern lenke) av korleis denne idretten fungerer.
«Street Luge»
– Dei kjem opp i 120 kilometer i timen liggande på ryggen på eit rullebrett. Den var vi lenge keen på heilt til vi såg ein video med dei største krasja, seier Ramm.
Det går verkeleg gale for fleire som prøver seg her (ekstern lenke).
Klippestup
– Denne hadde vore utruleg gøy. Men vi måtte bli sende på eit tre månaders opptreningskurs i Florida, og det har vi dessverre ikkje budsjett til.
Eit kurs på tre månader hindra Ramm og gjengen i å prøve dette (ekstern lenke).
Japansk Kongen på Haugen: «Bo-taoshi»
– Vi har ikkje gitt opp å få det til. Men der var vi i dialog med det japanske forsvaret, for det er ein militærsport i Japan. Dei nekta oss å sleppe inn der, sjølv om vi prøvde. Det er for farleg, seier Ramm.
Her fann dessverre ikkje NRK bilde, men du kan tydeleg sjå kva det er her (ekstern lenke).
Meir galskap i vente
Nils Fredrik Røren har regi på alle sesongane av programmet. Han jobbar stort sett i tospann med Ramm.
– Eg kjenner på ordentleg eit ansvar. Eg stoler på NRKs vurderingar. Eg kunne aldri levd med meg sjølv om eg faktisk hadde påført han permanent skade. Så det er klart at vi høyrer på vaksne, seier Røren.
Han understrekar at dei ikkje prøver å gjere flest mogleg farlege ting, men sportar som engasjerer og er unike.
– Det er ikkje «Heilt ekstreme sportar». Det er «Heilt Ramme sportar». Så vi ønsker jo ein kombinasjon av noko som er veldig rart og nytt for mange. At det også verkar skummelt, er berre ein bonus, understrekar Røren.
Dei to vil ikkje ennå røpe om det blir nok ein sesong av programmet, men dei vil heller ikkje utelukke det.
– Responsen tilseier at vi burde lage meir, og så står det att å sjå om både vi orkar, og om eg tør, seier Ramm.
I episode tre er det rumpeldunk på menyen:
Publisert 23.01.2025, kl. 11.48 Oppdatert 23.01.2025, kl. 11.53