Publikum i Paris

1 month ago 26



– Så lenge systemet er som det er, så har vi vedtatt i styret at vi ikkje arrangerer tur til OL, fortel Sigvard Magelssen, som er leiar i Håndballens Venner.

Dei klassiske kubjøllene som vanlegvis rungar når handballjentene og gutane er i aksjon er ikkje å høyre i den franske hovudstaden. På tribunen er det også langt mellom dei norske flagga.

Noreg som allereie var klare for kvartfinale, vann stort mot Tyskland i den siste kampen i gruppespelet.

Noregs Henny Reistad storspelte mot Tyskland og noterte seg med åtte skåringar.

Ho har også bete merka i at det er færre norske supporterar på tribunen enn normalt. Grunna skade har ho måtte sjå Noreg sine to første kampar frå tribunen.

Sommer OL i Paris 2024

SKADA: Henny Reistad har måtte følgje dei to første norske kampane frå tribunen grunna ein skade i ankelen som ho pådrog seg før OL.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

– Nei, det har ikkje vore så mange kubjøller. Det er klart det har ikkje vore så mange nordmenn på tribunen som man kanskje er vand til i andre meisterskap, men så er vi veldig godt vand og då, seier 25-åringen.

Prisane er ei av årsakene til at Håndballens Venner ikkje prioriterer OL i Paris.

– Det er jo heilt vanvitige prisar. Eg har regna litt grovt på det. Skulle vi reist til Paris og sett alle herre-og damekampar med innleiande rundar, kvartfinalar, semifinalar, bronsefinalar og finalar, så ville det kosta ein person ca. 75.000 kroner. Det er jo heilt bort i natta idiotisk, seier Magelssen til NRK.

Kven Noreg møter i kvartfinalen blir først avgjort etter kampen mellom Danmark og Sør-Korea som byrjar klokka 21.00.

Trur det blir få nordmenn

Ifølgje han kostar ein billett som gir plass til kampen mellom Noreg og Frankrike og oppgjeret mellom Argentina og Ungarn 2750 kroner i kategori B.

Skal man sjå alle dei innleiande kampane til dei norske herrane, som er fem kampar, så ville det kosta 12.610 kroner.

Magelssen understrekar at dei alltid kjøper billettar i kategori A, som er på langsida av arenaen.

Sigvard Magelssen

BOIKOTT: Sigvard IR Magelssen i Håndballens Venner reiser ikkje til OL i Paris.

Foto: Morten Andersen/NRK

– Det kostar alt for mykje. Det er ikkje mogeleg å arrangere ein tur når berre billettkostnadane er på 75.000 kroner. Så det blir lite norsk liv trur eg.

Frå arrangøren i Paris blir det argumentert med at prisane er i tråd med andre store meisterskap rundt om i verda.

– Vi har opprettheldt vår plikt til rimelege prisar med billettprisar frå 24 euro (286 kroner) og halvparten av billettane på 50 euro (595 kroner) eller mindre, seier ein talsperson frå arrangøren.

Dei understrekar ovanfor NRK at ein tredjedel av budsjettet for OL er billettsal, difor blir det også selt nokon svært dyre billettar til 980 euro (11.671 kroner) for å subsidiere dei billigare billettane.

Måtte avlyse

Men billettprisen er ikkje einaste årsak til at dei elles så livlege supporterane har boikotta OL sidan London i 2012.

Dansk publikum

DANMARK: Våre naboar i sør dominerte tribunen i kampen mellom Noreg og Danmark.

Foto: Frode Søreide / NRK

Det er nemleg ikkje mogeleg å bestille meir enn fire billettar om gongen, noko som gjere at gruppa ikkje får sitte samla.

– Vi skulle gjerne vore der, men trur ikkje vi hadde fått deltakarar. Vi prøvde i OL i Rio i 2016, men det enda opp med 25 deltakarar og då måtte vi avlyse heile greia.

Han seier det er mange som ha reist på 30–40 arrangement.

– Og dei vil sitte saman med dei som dei kjenner. Det billettsystemet er heilt håplaust, kjem det ifrå den norske supporteren.

Den lokale arrangøren på si side hevdar dette er gjort for å sikre at alle skal ha ein sjanse til å få billettar.

Forstår frustrasjonen

Reistad og dei andre norske handballjentene forstår frustrasjonen til sine trufaste støttespelarar.

– Det er veldig kjedeleg. Vi treng jo deira støtte så godt det let seg gjere, så vi set pris på det til alle meisterskap. Det er sjølvsagt synd, men full forståing for at det er vanskeleg å få til.

Sommer OL i Paris 2024

OL-BYEN: Nora Mørk og Henny Reistad på rusletur i OL-landsbyen i Paris.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

– Eg har også familie som har forsøkt og sjå på billettar og dei er dyre. Så har eg fått med meg at det ikkje har vore så oversiktleg heller, så eg forstår dei veldig godt. Men det er utruleg mange folk på kampane og det er vi glad for, seier Nora Mørk til NRK.

Prisane ser likevel ikkje ut til å ha skremt det internasjonale publikum. Arenaen tek rundt 6000 tilskodarar, og har stort sett vore full.

Sommer OL i Paris 2024

JUBEL: Norsk jubel etter at dei norske handballjentene utklassa Danmark.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

– Eg er veldig overraska. Sjølv på dei tidlege kampane som startar klokka ni, der pleier det ikkje vere så mange folk, så har det vore fantastisk stemning, meiner den norske målvakta, Katrine Lunde, som deltar i sitt femte OL.

Magelssen som også har tallause meisterskap bak seg på tribunen føl enn så lenge det som skjer heime frå go'stolen.

– Jau då, det går. Men det er jo ikkje det same som å ha det live då. Litt kjedeleg.

Publisert 03.08.2024, kl. 20.27 Oppdatert 03.08.2024, kl. 21.29

Read Entire Article