Protestar etter Maduros valsiger: – Regjeringa skal falle

1 month ago 23



Innbyggarane i Venezuela starta veka med nyheita om at Nicolás Maduro hevda at han hadde vunne presidentvalet i landet.

Maduro har styrt Venezuela sidan 2013, og er ikkje populær hos mange. Sigerserklæringa har gjort mange oppgitte, fortvila og sinte.

Måndag ettermiddag lokal tid har det brote ut protestar i hovudstaden Caracas.

– Ho skal falle. Ho skal falle. Denne regjeringa skal falle, roper demonstrantar, melder nyheitsbyrået AFP.

An opponent of Venezuelan President Nicolas Maduro's government bangs a pan during a protest at the Catia neighborhood in Caracas on July 29, 2024, a day after the Venezuelan presidential election. President Nicolas Maduro was declared the winner of Venezuela's presidential election but the opposition and key regional neighbours immediately rejected the official results. (Photo by YURI CORTEZ / AFP)

Demonstrantane har tatt til gatene og skranglar med kaseroller. Det er ein tradisjon i Latin-Amerika.

Foto: YURI CORTEZ / AFP

Bilde viser demonstrantar med kaseroller i hendene som møtest av sikkerheitsstyrkar.

Maduro og Sosialistpartiet hevda å ha vunne valet med eit knapt fleirtal søndag. Det har ikkje opposisjonen tru på.

Sår tvil om resultatet

Måndag bad FNs generalsekretær António Guterres alle partar om å avstå frå vald:

– Generalsekretæren har tillit til at allt av ueinigheit om valet skal bli tatt opp og løysast fredeleg. Han ber alle venezuelanske leiarar og tilhengarane deira om å moderere seg, sa Guterres' talsperson Stéphane Dujarric.

Det er ikkje berre opposisjonen som har sådd tvil om valresultata. Det har også fleire av Venezuelas naboland og USA.

Administrasjonen til Joe Biden, USAs president har sagt at manipulering av valresultata har fjerna «alle truverd» frå Maduros sigerserklæring, ifølge Reuters.

Aftermath of presidential election in Venezuela, in Caracas

Foto: Maxwell Briceno / Reuters

Både Panama og Peru har kalla heim ambassadørane sine frå Venezuela og bryt diplomatiske band med landet.

Utanriksdepartementet i Argentina avviser også valsigeren til Maduro, skriv Reuters.

Venezuela har vore i ei djup økonomisk og politisk krise i rundt ti år. Landet har slite med hyperinflasjon og mangel på mat og medisinar. Nesten 8 millionar venezuelanarar har forlate landet sidan 2015.

Publisert 29.07.2024, kl. 21.22 Oppdatert 29.07.2024, kl. 21.27

Read Entire Article