Protestane spreier seg: Seks drepne og 30 arresterte i Iran

2 hours ago 4



Det starta som eit spontant rop mot den høge prisveksten. Dei siste seks dagane har det iranske folk protestert mot det undertrykkande regimet.

Styresmaktene sa dei ville lytte med tolmod til «legetime krav». No er seks personar drepne i valdelege samanstøytar mellom demonstrantar og tryggingsstyrkar.

President Donald Trump seier USA står klare til å assistere fredelege demonstrantar om dei blir drepne.

USA til unnsetning

– Om Iran skyt og drep fredelege demonstrantar på valdeleg vis, slik dei vanlegvis gjer, vil USA kome til unnsetning, skriv den amerikanske presidenten.

Det er ikkje kome meir informasjon om konkrete handlingar frå Trump etter at det blei kjent at demonstrantar har blitt drepne.

– Vi er lada og klar, parate til å gå, heldt han fram i innlegget på Truth Social.

Mange mennesker deltar i en demonstrasjon på en gate, hvor noen hever armene. En person i forgrunnen utfører en bevegelse som tilsynelatende uttrykker styrke eller motstand. Omgivelsene inkluderer bygninger på begge sider av gaten, og det er flere tilskuere i bakgrunnen. Stemningen virker intens, men konkrete detaljer om demonstrasjonen er ikke synlige i bildet. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Det er svært avgrensa tilgang på bilete frå protestane Iran. Dette biletet er frå ein video frå sosiale medium som viser då demonstrantar tok inn i eit regjeringsbygg i byen Fasa.

Foto: - / AFP / NTB

Ei amerikansk innblanding vil «bli møtt med ein respons», sa Ali Shamkhani som er rådgjevar til den øvste leiaren i Iran, Ayatollah Ali Khamenei.

Arbeidet for for eit trygt Iran er ei «raud linje», sa Shamkhani.

Det iranske nyhendebyrået Fars og menneskerettsgruppa Hengaw rapporterte at to personar døydde i Lordegan, i sørvestlege Iran. Tre skal vere døde i naboprovinsen Lorestan i byen Azna. Éin er død i Kouhdasht, ifølge Fars.

30 personar er arresterte i hovudstaden Teheran. Det skjedde under ein koordinert operasjon mellom tryggingsstyrkane og etterretningstenesta, ifølge nyhendebyrået Tasnim.

Korrespondent Yama Wolasmal rapporterer om demonstrasjonar i Iran.

Dei siste seks dagane har demonstrantar ropt slagord med kritikk mot den islamske republikken – styresmaktene i Iran. Nokre har også bede om at dei må gå av og ønsker eit regimeskifte.

Også utanfor Iran sine grenser har iranarar engasjert seg. Nyttårsaftan hadde nokre demonstrantar samla seg også utanfor Det kvite hus.

En gruppe mennesker holder opp flagg og plakater under en demonstrasjon utenfor Det hvite hus. Banneret i front har teksten "Iran Rises for FREEDOM - No to Shah — No to Mullahs - Yes to a DEMOCRATIC REPUBLIC". Omgivelsene viser bygninger og trær, samt et flagg som vaier i bakgrunnen. Deltakerne uttrykker sitt engasjement for politisk endring i Iran. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Protestane har så vidt begynt å spreie seg utanfor Iran sine grenser. Utanfor Det kvite hus i USA hadde nokre demonstrantar samla seg onsdag.

Foto: Evan Vucci / AP / NTB

Iran har ein stor diaspora over heile verda. Tal frå det iranske utanriksdepartementet frå 2020 viser at over 4 millionar med iransk opphav bur utanfor Iran. Mange reiste ut av landet under den iranske revolusjonen i 1979.

Har lite med økonomi å gjere

Denne gongen var det eit kraftig stup i valutaen i landet, rial, som fekk butikkeigarar i Teheran til å protestere. Det siste året har rialen mista over ein tredel av verdien sin.

No er alt dyrare og kjøpekrafta for iranarar minkar. Sparepengane til iranarar er mindre verdt. I ein allereie pressa økonomi strever fleire med å få tak i basisvarer som ris, kjøt og medisinar.

Likevel meiner Avisa Oslo-journalist Sevda Barazesh at protestane har lite med økonomi å gjere:

– Valutakollapsen er med på å blottlegge ei misnøye som befolkninga har opplevd under eit undertrykkande regime i fleire tiår.

Sevda Barazesh er journalist i Avisa Oslo og forfattar. Ho skriv bok om "revolusjonens ansikt" i Iran.

Sevda Barazesh er journalist i Avisa Oslo.

Foto: Tora Carlsen Haaland

Barazesh er sjølv født i Iran og skriv for tida bok om heimlandet.

Sjølv om iranarar er lei av korrupsjon og dårleg økonomisk styring, er det dei sosiale og politiske rammene Iran har hatt sidan 1979 som er grunnen til demonstrasjonane, konstaterer Barazesh.

Ønsker regimeendring

Iran er rangert som 176 av 180 land på pressefridomsindeksen. Det er difor vanskeleg å få pålitelege kartleggingar av iranarar sine meiningar.

Likevel har den Nederland-baserte organisasjonen Gamaan estimert at rundt 70 prosent av iranarar ikkje ønsker at den islamske republikken skal halde fram.

I 2022 var det store protestar over heile Iran etter at Masha Amini døydde i varetekt. Ho hadde late vere å gå med hovudplagg, noko som er pålagt for alle kvinner i Iran. Då var dette talet rekordhøgt på 81 prosent.

 Tusenvis på vei mot Mahsa Amini sin hjemby, Sagez, 40 dager etter at hun døde, for å hedre henne.

Protestane i 2022 engasjerte globalt. Her står ei dame symbolsk utan hovudplagg framfor folk som var på veg til Amini sin heimstad.

Foto: AFP

Den same undersøkinga, som blei gjort i 2024, fann at 40 prosent ville ha regimeendring.

Styresmaktene er særleg lite populære blant unge i landet. Unge har vore opptekne av at regimet straffar kritiske stemmer med fengsel og tortur, og at det ikkje er rom for å uttrykke eigne meiningar.

Likar du å vere oppdatert på det som skjer i verda? Ei enkel løysing på det kan vere å lytte til podkasten til utanriksredaksjonen:

Publisert 02.01.2026, kl. 13.24 Oppdatert 02.01.2026, kl. 13.33

Read Entire Article