Presten har ingen problem med å vie ein sjaman

1 month ago 29



I rommet bak alteret i Ulstein kyrkje heng den kvite prestekjolen til Margit Lovise Holte klar til storslått bryllaup 31. august. Ho har sjekka at den ikkje har gulp frå dåpsbarn eller skit frå utegudsteneste.

Eg blei glad og æra over at dei ville gifte seg i ein kyrkjeleg seremoni og at dei ville ha meg som prest, smiler ho.

Døtrene hennar gjekk i same barnehage i Lommedalen i Bærum som prinsesse Märtha Louise sine jenter, og dei besøkte kvarandre. Det var slik dei to kvinnene blei venninner for 19 år sidan og sidan har dei halde kontakten.

Märtha Louise og Margit Lovise Holte

Märtha Louise og Margit Lovise fann tonen då dei hadde barn i same barnehage. Sidan den tid har dei halde kontakten.

Foto: privat

Lite glamor

Det kan høyrest glamorøst ut å vere venninne med ei prinsesse, men det avkreftar presten raskt. Venskapen har vore daglegdags, der småbarnsmødrene hjelpte kvarandre i tidsklemma.

– No er eg for sein til barnehagen igjen. Kan du redde meg? Kan du passe? og slike ting, seier Holte.

Då Holte blei ringt opp av prinsesse Märtha Louise og Durek Verrett med spørsmål om ho kunne tenke seg å vie dei, drakk ho kaffi midt mellom to gravferder i Ulsteinvik. Ho svarte ja utan å blunke, og tenker absolutt ikkje på at bruda tilhøyrer kongefamilien.

For meg handlar det mest av alt å vie eit godt vennepar, seier presten. Bryllaupet er privat, og altså ikkje kongeleg.

Märtha Louise og Durek Verrett går arm i arm og smiler. Prinsessen er ikledd en rosa kjole, mens Verrett har på seg en smoking.

Prinsesse Märtha Louise og Durek Verrett har lagt bryllaupet til Sunnmøre. Først skal gjestane vere i Ålesund, deretter blir dei frakta med båt til Geiranger.

Foto: Lise Åserud / NTB

Har skapt overskrifter

Dei siste månadene er det skrive mange spaltemeter om prinsessebryllaupet i Geiranger Brudgommen har også tidlegare skapt overskrifter med utsegn han har komme med.

Holte synest likevel ikkje at det er problematisk at ho skal vie ein sjaman.

Eg registrerer at det er mange meiningar om det. Men vi prestar vier jo menneske som vi både er samde og usamde med og av ulik religiøs tilknyting. Dette paret ynskjer ein kristen vigsel og Märtha er medlem av kyrkja, seier presten.

Ho har fått mange tilbakemeldingar frå folk som synest det er stas at ho skal vie det profilerte paret. At ikkje alle lesarinnlegg i lokalavisa er like positive tar ho tilsynelatande med knusande ro.

– I ei folkekyrkje er det ikkje slik at prestar er einige med alt enkeltpersonar gjer. Vi skal snart fylle kyrkja med konfimasjonar her. Eg kan garantere deg at vi ikkje er einige i alt, seier ho.

Margit Lovise Holte er sokneprest i Ulstein kyrkje

Margit Lovise Holte er sokneprest i Ulstein kyrkje til vanleg. 31. august har ho oppdrag i Geiranger.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Sparsamt med å røpe detaljar

Det er mykje hemmelegheitskremmeri, men soknepresten karakteriserer bryllaupet som forbausande vanleg. Det uvanlege er den store interessa frå media og folk, meiner ho.

Soknepresten deler heller ikkje mange detaljar, men noko kan ho røpe.

Det eg kan seie, er at vigselen skal følge liturgien i den norske kyrkja. Så skal det vere fin musikk med salmar henta frå Norsk salmebok. Paret sjølv har valt bibeltekst innanfor dei tekstane som er til vigsling, seier Holte.

Ho trur det blir ein rørande og fin seremoni. Så fint at det kan hende ho må blunke bort nokre tårer sjølv.

– Eg er ei tåreperse, røper ho.

Asiatiske turistar tar selfie framfor Hotel Union Geiranger

Bryllaupsfesten skal vere på Hotel Union Geiranger.

Foto: Webjørn S. Espeland / NRK

Etter vigselen skal familien frå Ulsteinvik vere gjestar i bryllaupet. Det største stresset den siste tida har vore å finne antrekk til kvelden for dei tre døtrene. Det er venta kjendisar frå inn- og utland på festen.

– Truleg veit eg ikkje kven dei er. Eg er ikkje så oppdatert på kjendisar, så eg må sikkert spør jentene mine, ler presten.

Vinjevollen i Geiranger

I det avmerkte området, på Vinjevollen skal vigselen gå føre seg. Presten håpar brudeparet får strålande sol og glitrande tinder og fjord på den store dagen.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Publisert 14.08.2024, kl. 11.22

Read Entire Article