Politikar røysta feil og redda skule

4 hours ago 5



Over heile landet står skular i fare. Nyleg blei det bestemt at det blir nedlegging av fleire skular i Innlandet.

I Alver kommune i Vestland skulle kommunestyret i dag seie ja eller nei til kommunedirektørens forslag om å legge ned fire skular. Ulike parti hadde ulike forslag som var mindre dramatiske.

I avstemmingsrunden om dei ulike alternativa fekk salen høyre at det var vedtatt at den eine skulen var redda frå nedlegging, med knappast moglege fleirtal.

I Høgre – som ville behalde Eikanger skule – blei det reagert med smil og «knokehelsing».

Men, så sa politikaren som vippa fleirtalet at han hadde trykt feil under avstemminga.

Aksjonistar i gule vestar på kommunestyremøte i Alver.

Rundt 100 aksjonistar med gule vestar møtte opp for å følge med. Fleire av politikarane takka for engasjement og innspel i prosessen.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Røysta feil

Då Øyvind Bratshaug (politisk uavhengig) skulle stemme, trong han tid. Ordføraren etterlyste stemma hans. Det mangla éi stemme.

– Ja, eg tenker på det, sa Bratshaug.

Ordføraren gjentok:

– Øyvind Bratshaug må gi frå seg stemme.

Og like etter kom resultatet.

– Me har fått 21 stemmer for og 20 stemmer mot. Og det er vedtatt.

Øyvind Bratshaug (politisk uavhengig)

Øyvind Bratshaug (politisk uavhengig) seier han røysta feil. Han ønska eigentleg utsetjing av saka.

Foto: Henrik Rambjør Hauken / Strilen

Etter møtet fekk Bratshaug fart på seg.

– Eg sprang fram til ordføraren og orienterte om at eg hadde røysta feil. Eg sende inn ein e-post og spurde om vi kan få røyste på nytt, seier Bratshaug til NRK.

– Det gjekk så dritfort på akkurat den saka. Eg oppdaga det rett etterpå. Allereie i møtet hadde eg sagt at det gjekk fort, seier Bratshaug til NRK.

Det er uklart om saka vil bli røysta om på nytt.

– Dette er ein situasjon vi ikkje har vore borti tidlegare. Vi sjekkar no grundig opp i det formelle rundt dette, seier ordførar Sara Sekkingstad (Sp).

Sara Sekkingstad

Ordførar Sara Sekkingstad og gruppeleiarane til dei ulike partia skal no vurdere om det blir ny avrøysting.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Jussprofessor: – Alle vedtak kan gjerast om

Men i kva grad kan eit kommunestyre stemma på nytt viss nokon har stemt feil?

– Alle vedtak kan gjerast om, seier professor emeritus ved Universitetet i Bergen, Jan Fridthjof Bernt.

Juristen er ein av landets fremste ekspertar på kommunelova. I 1992 leia han det offentlege utvalet som førte fram til ei kraftig fornying av denne lova.

– Kommunelova seier ingenting om omstemming. Etter votering er saka behandla ferdig. Men ein folkevald kan be om å få saka opp til ny avstemming.

Han forklarer at viss eit fleirtal i kommunestyret ønsker det, kan det bli ny votering.

– Kommunestyret kan seie ja eller nei til ny avstemming. Det kan gjerast i det same møtet, eller i eit seinare møte.

– Så ein politikar som trykker feil, eller innser å ha vippa fleirtalet i uønskt retning, har angrerett?

– Ein enkeltrepresentant har ikkje angrerett, men kommunestyret har angrerett, seier Bernt.

– Så då kan fleirtalet ta eit strategisk val om ny røysting eller ikkje?

– Fleirtalet i kommunestyret bestemmer kva det vil stemma over, slår han fast.

Bernt seier det ikkje er grunnlag for å krevje lovlegkontroll viss kommunestyret opnar for omstemming.

Jan Fridthjof Bernt

Jussprofessor Jan Fridthjof Bernt seier eit kommunestyre alltid har «angrerett» og kan ta ei ny avstemming, til dømes viss ein politikar seier hen stemte feil.

Foto: Åge Algerøy

Planar om nedlegging

I Alver kommune stod barneskulane og barnehagane for tur då kommunedirektøren hadde føreslått å spare 52 millionar kroner i oppvekstsektoren, mellom anna ved å:

  • Flytte Myking skule til Lindås barneskule.
  • Flytte Austebygd skule til Hordabø skule.
  • Flytte Kløvheim skule og Eikanger skule til Leiknes skule.
  • Flytte Austebygd barnehage til Bø barnehage.
  • Samlokalisere Prestmarka barnehage i Solhall-bygget.

Det var også føreslått ei rekke oppgraderingar av barnehagane og skulane som skulle behaldast.

Senterpartiet, som har ordføraren, stemte i tråd med valløftet sitt mot skulenedleggingane. Arbeidarpartiet, SV,

Høgre, KrF, Frp, og Venstre ville i framlegget flytte Kløvheim skule til Eikanger skule, og ikkje dei to skulane til Leiknes skule. Dette blei altså vedtatt, og enno er det usikkert om det blir omrøysting.

Då Øyvind Bratshaug, undervegs i møtet, føreslo å utsette heile avgjerda, førte det til ein pause i møtet.

Eikanger får truleg bli, medan Austebygd, Myking og Kløvheim blir lagt ned.

Meiner det vil kome midlar

Torgeir Andvik (Sp) støtta ei utsetting av saka. Han meiner politikarane styrer mot tillits- og løftebrot i forhold til kva dei hadde lova Alver kommune skulle vere.

– Er det ikkje verdt sjansen å ta vare på nokre barnehagar og skular, for å sjå om dette kan vere ei god investering, i staden for å legge ned alt, seier Andvik.

Han meiner det ville kome pengar frå regjeringa.

Torgeir Andvik (Sp) på kommunestyremøte i Alver.

Torgeir Andvik (Sp) seier han er forbanna og lei seg på ein gong. – Å seie noko her har truleg ingen innverknad på resultatet, seier Andvik.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

– Senterpartiet har vore i kontakt med kommunalministeren, og kommunalministerens kontor oppmodar om å ikkje ta forhasta avgjerder, seier Torgeir Andvik (Sp).

– Dei varslar at det vil kome auka midlar til kommunane, seier Andvik.

Kommunaldepartementet stadfestar i ein e-post at Andvik tok kontakt, og at dei hadde ein samtale om blant anna kommuneøkonomien.

Eg sa då, som det blei kommunisert ut allereie 7. oktober, at kommunesektoren vil få meir pengar i inneverande år. Desse midlane vil komme seinast i samband med ny-salderinga av statsbudsjettet for 2024.

Eg meiner kommunane bør ha det i bakhovudet når dei diskuterer økonomien, skriv statssekretær Ole Gustav Narud.

Publisert 24.10.2024, kl. 20.58 Oppdatert 24.10.2024, kl. 21.01

Read Entire Article