Politiet rakk ikkje å stille seg opp før promillekontrollen var varsla

5 hours ago 5



Langt over 100.000 køyretøy har ein varslingsboks frå Safedrive om bord. No kan det bli forbode med varsling av politikontrollar.

Eit lovforslag om forbod er like rundt hjørnet, opplyser Samferdselsdepartementet til NRK.

Safedrive ønsker på sin side å samarbeide med politiet – noko dei får blankt nei til.

Med varslingsboksen frå Safedrive kan folk melde ifrå til kvarandre om dyr, hindringar og kontrollar.

På Nordfjordeid i Vestland fylke tok det berre nokon få sekund før kontrollen var varsla:

Store inntekter

Pengestraumen til Safedrive har økt kraftig dei siste åra. I 2023 hadde dei inntekter på 200 millionar før skatt.

Same år skaffa dei seg tidlegare samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) som styreleiar.

– Vi ønsker samarbeid med UP, seier Solvik-Olsen til NRK.

Konkret ønsker selskapet å gi politiet moglegheita til å blokkere varsling av reine ruskontrollar.

Pressekonferanse med Fremskrittspartiet

Tidlegare samferdselsminister for Frp, Ketil Solvik-Olsen, er styreleiar i Safedrive.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Sjefen for UP, Knut Smedsrud, seier han ikkje har høyrt om dette forslaget. Han er likevel snar med å skyte det ned.

Sidan alle våre kontroller er ruskontrollar, og sidan dei skal vere uføreseielege, så synest vi ikkje at dette er hensiktsmessig, seier han.

Det selskapet kallar reine ruskontrollar, har ikkje brukarane lov til å varsle om. Personen som gjorde det på Nordfjordeid, er utestengd frå tenesta.

Varslar nesten alltid

Det er lite vits å ha politikontrollar viss folk veit om dei, ifølge samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap). Da blir den preventive effekten svekka, meiner han.

– Vi har sett denne utfordringa auke, seier Nygård.

Men Safedrive meiner at regjeringa ikkje har grunnlag for å seie at kontrollvarsling er negativt for tryggleiken. Dei meiner å sitte på data som viser det motsette – at kontrollvarsling aukar tryggleiken. No er dei i gang med eit undersøkingsprosjekt for å komme til bunns i saka.

Eirik Krossen, UP Nordfjord

Varslinga på Safedrive var aktiv gjennom heile kontrollen, sjølv om brukarar kunne melde inn at det var ruskontroll.

Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRK

Safedrive ønsker også at politiet skal kunne varsle om utrykkingskøyretøy som er på veg mot deg. Dei har også eit belønningssystem for folk som køyrer pent og trafikksikkert.

Imot forbod

Skal det bli forbod, må forslaget få fleirtal på Stortinget. Og der slår Framstegspartiet ring om selskapet.

– Frp er mot å forby trafikksikkerheitsinformasjon. Viss vi får innflytelse etter valet, kjem vi til å arbeide for å oppheve et forbod viss regjeringa foreslår og får fleirtal for det, seier Frank Sve i Frp.

Frank Edvard Sve

Frp vil ikkje ha forbod mot varslingstenester.

Foto: William Jobling / NRK

Også Høgre er kritisk til eit mogleg forbod. Resultatet vil bli at ein annan utanlandsk aktør tek over marknaden, trur Trond Helleland i Høgre.

Helleland trekk fram Google, som også har ei løysing for trafikk-varsling.

– I 2025 kan vi ikkje stikke hovudet i sanda for teknologisk utvikling, seier han.

Kva tid forslaget frå regjeringa om lovendring kjem, eller korleis det blir innretta, er ikkje kjend.

Publisert 03.02.2025, kl. 22.12

Read Entire Article