Plutseleg blei romjula snudd på hovudet

3 hours ago 2



portrettbilete av ei ung kvinne med lyst hår

Kathrine skulle på besøk til kjærasten sin. 

Ein mann fotografert på torget i Bodø.

Freddy skulle berre køyre ein siste last med fiskefôr.

Buss delvis i sjøen

Plutseleg blei romjula regelrett snudd på hovudet.

Buss delvis i sjøen

– Eg hugsar at eg tenkte at eg måtte kome meg til Svolvær for å vere saman med kjærasten min i jula. Eg hadde jo køyrt den vegen mange gonger.

Det er eitt år sidan Kathrine (15) fylte bagen sin med klede, parfyme, toalettsaker og julegåver.

Ho bur i Lødingen, rundt to timar køyring unna kjærasten i Svolvær.

Det var eit par plussgrader og mildvêr då ho venta på bussen andre juledag i fjor.

Men vinden var uberekneleg. Vindkasta ved busstoppet på Kåringen var oppe i over 30 meter i sekundet, nesten nede ved havet.

Og bussen skulle opp i høgda.

Omtrent samtidig sette Freddy Andreassen seg bak rattet på vogntoget sitt. Ein siste leveranse av fiskefôr måtte fram.

Om under éin time skulle dei møtast. Dei visste det berre ikkje sjølv.

Portrettbilder av en ung kvinne med lyst hår

Kathrine tilbake i busskuret på Kåringen.

Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK

Buss full av turistar

– Bussen var stappfull. Nesten alle seta var opptatte, fortel Kathrine i dag.

Ho sette seg på ein av klappstolane midt i bussen. Like ved døra. Ho hadde tenkt å fylle køyreturen til Svolvær med musikk. K-pop-bandet Straight Kids.

Så ho høyrde ikkje alle språka som blei prata på seta rundt henne.

Det var passasjerar frå Kina, Singapore, India, Malaysia og Nederland.

Fremst i bussen sat ein familie frå Frankrike. Mamma, pappa og to søner.

Portrettbilder av en ung kvinne med lyst hår

Kathrine har eigentleg aldri likt å køyre buss.

Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK

Føret langs E10 denne dagen var ekkelt. Det blåste kraftig, vegen var glatt og snøen fauk sidelengs.

Yngvar Gustavsen og kona Ellinor var på veg til hytta. Fleire gonger valde dei å sleppe andre forbi.

Ikkje langt unna Raftsundbrua i Hadsel lét dei bussen Kathrine sat i passere.

Om bord i bussen sit ho i si eiga vesle verd, på klappsetet sitt. Utan bilbelte.

Køyreturen frå busstoppet i Kåringen til Svolvær skal ta rundt 1,5 timar.

Etter rundt 45 minutt kom dei til Raftsundbrua.

Den fulle bussen begynte å riste og blei dytta mot autovernet.

– Vi kjem oss vel snart på vegen igjen, tenkte Kathrine.

Men bussen fortsette å skli langs rekkverket.

Då han møtte ei avkøyring, velta heile den fulle bussen over, og begynte å rulle ned ei skråning.

Ned mot det islagde Åsvatnet.

Buss kjørte av veien i Hadsel kommune.

Her velta bussen over autovernet.

Foto: Trude Furuly / NRK

Aldri likt å køyre buss

Fleire av passasjerane sat utan bilbelte. Dei blei kasta rundt i bussen.

– Det var litt sånn at eg plutseleg såg mykje, før eg ikkje såg noko som helst, fortel Kathrine.

Då ho kom til seg sjølv, låg ho fleire meter unna klappsetet sitt. Kathrine blødde, folk rundt henne blødde, elles var det stille.

– Eg har eigentleg aldri likt å køyre buss, seier ho.

Derfor ser ho alltid etter naudhammaren når ho går om bord.

Denne gongen fekk Kathrine bruk for han. Bussen låg nemleg med fronten ned i det iskalde vatnet, frontruta var trykt inn.

Kathrine valde å knuse eit av sidevindauga for å kome seg ut.

Et bilinteriør er tydeligvis skadet, med knust glass og rusk på setet. En vannflaske ligger på gulvet ved siden av glassbitene. Seter og gulv er dekket av skitt og små kvister. Omgivelsene er mørke, noe som tyder på at bildet er tatt under dårlige lysforhold. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Det var 56 personar om bord i bussen.

Foto: Trude Furuly / NRK

– Eg var sikker på at bussen skulle søkke. Det ville eg ikkje vere med på, fortel ho.

14-åringen klatra ut av bussvindauget. På veg opp den glatte skråninga sklei ho fleire gonger.

Allereie hadde det kome fleire privatbilar til.

Medan nokon prøvde å komme seg ned til bussen, fekk Kathrine hjelp av ekteparet Yngvar og Ellinor Gustavsen. Dei som nyleg hadde latt bussen køyre forbi dei.

Dei surra eit skjerf rundt dei blødande hendene til tenåringen, og fekk henne inn i bilen.

Samtidig kom eit vogntog rundt svingen.

Freddy Andreassen skjønte fort at han måtte stoppe.

Buss delvis i sjøen

Bussen kom frå ei skjerma, stille sone og rett inn i eit vindfelt.

Foto: JENS ANDRE M. BIRKELAND

– Kraftig uvêr

Det første Freddy gjorde var å opne den tomme traileren, slik at busspassasjerane som hadde kome seg opp på vegen kunne søke ly.

– Det var eit kraftig uvêr, seier han.

Rett etterpå fekk Freddy auge på noko.

Ei kvinne sat og skreik medan ho heldt rundt ei anna kvinne

Sistnemnde var livlaus.

Freddy fekk tak i ei jakke, og la den livlause kvinna i ein posisjon på bakken slik at han fekk starta hjarte og lungeredning.

Han hadde ikkje gjort det på ein ekte person før, men berre øvd på eit førstehjelpskurs gjennom jobben.

Eit kurs han no er veldig glad for at han tok.

– Eg fikk liv i henne ganske raskt. Ho begynte å hoste blod, og eg fikk lagt henne i stabil sideleie.

På dette tidspunktet var det ingen naudetatar på staden, men Freddy fekk venninnene til å halde kvinna varm.

Han måtte til bussen og hjelpe til i kaoset nede ved vatnet.

Fleire personar blei skada etter bussulykka.

Foto: Jens Andre M. Birkeland

Sat i det iskalde vatnet

Etter at dei siste passasjerane var ute av bussen, bestemte Freddy og Tobias Fredriksen, ein annan privatperson som kom til staden, seg for å ta seg inn i bussen.

Heilt framme i bussen fann dei to personar som sat fast og var delvis i det kalde vatnet.

Det var faren og sonen i den franske familien. Mora og den andre sonen så dei ikkje noko til.

– Faren prøvde å halde seg oppe for å ikkje bli liggande i vatnet. Då valde eg å sette meg under han, sånn at han fekk kvile oppå låra mine.

Franskmennene var hysteriske. Dei spurde etter mor og den andre sonen. Hadde Freddy og Tobias sett dei? Hadde dei kome seg ut?

– Det einaste eg kunne seie då var at alle som hadde kome ut, var i live. Eg torde ikkje seie noko anna.

Sluttposisjonen til bussen ved ulykkesstedet på E10, med høyre front i Åsvatnet.

Bussen køyrde utanfor ein skråning før han stoppa delvis under vatn.

Foto: Politiet

– Korleis var det å sitte der?

– Det var tungt. Ikkje minst kaldt. Du sit jo i vatnet. Dei var også veldig redde, fortel Freddy og legg til:

– Vi visste ikkje omfanget av dette, så eg torde ikkje å gjere så mykje. Eg prøvde berre å halde dei vakne og prate med dei sånn at dei ikkje blei borte før det rette personellet kom til staden.

Ville ikkje ut av traileren

Det tok 45 minutt før dei første ambulansane kom fram til ulykkesstaden.

Etter kvart kom også politi, brann, redningsskøyte og redningshelikopter.

– Det var som i ein amerikansk film, mykje lys, lyd og kaos. Det var heilt enormt.

Redningsnmannskapet på stedet

Ifølge politiet var prioritet nummer ein å få folk i sikkerheit og på sjukehus.

Foto: JENS ANDRE M. BIRKELAND

Det er spesielt ein augeblink som har sett preg på trailersjåføren.

Etter at han hadde overlate bussen til naudetatane, gjekk han inn i vogntoget.

Han skulle hjelpe helsepersonell med å frakte passasjerane frå traileren, som var full av blod og spy, over i ein annan buss som skulle ta dei vidare til eit forsamlingshus.

Det nekta passasjerane.

– Dei ville faktisk ikkje ut. Dei vil ikkje inn i den bussen. Dei var kjemperedde.

Et vogntog fra Aksel Endresen Transport på ulykkesstedet

Vogntoget til Freddy Andreassen fekk ei viktig rolle i redningsarbeidet.

Foto: Jens Andre M. Birkeland

Noko å lære

Det har gått eitt år sidan ulykka som tok tre menneskeliv.

Mora og sonen frå Frankrike og ei kinesisk kvinne omkom.

I tillegg blei fire personar alvorleg skada.

Bussjåføren var lenge under etterforsking for brot på vegtrafikkloven paragraf 3, men tidlegare i desember blei det klart at saka er lagd bort, fordi politiet meiner det ikkje har skjedd noko straffbart.

Det var ekstreme vêrforhold og ikkje aktlaus køyring som forårsaka bussulykka, ifølge politiadvokat Kay Rønning Nyvold.

– Bussjåføren kan ikkje lastast for ulykka. Det er ingen haldepunkt for å seie at fart har vore ei medverkande årsak, sa han til NRK.

Bilen viser betydelig skade etter en ulykke, med en del av taket som er kollapset. Innvendige seter har synlige skader og er dekket med jord og rusk. En person iført beskyttelsesdrakt holder på med opprydning i bilen. Omgivelsene er lyse og ser ut til å være inne i et verksted eller garasje. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Slik såg det ut inne i bussen etter ulykka.

Foto: Trude Furuly / NRK

Likevel har bistandsadvokaten etter dei som døydde, klaga på avgjerda, noko sjåførens advokat stiller seg undrande til.

Busselskapet Boreal ventar framleis på den ferdige rapporten frå Havarikommisjonen.

Ulykka har sett store preg på transportkonsernet.

– Eg trur det alltid kjem til å prege oss som organisasjon, seier konsernsjef i Boreal, Nikolai Knudsmoen Utheim.

Utheim var sjølv på veg til hytta då han fekk telefon om ulykka.

– Eg hugsar korleis heile verda blei snudd på hovudet det sekundet. Eg forstod ganske raskt at dette kom til å få fatale konsekvensar, med omkomne og mange skadde. Dette kom til å prege meg, kollegaer i Boreal og alle dei ramma.

Konsernsjef i Boreal Nikolai Utheim ikledd sort genser og ser i kamera

Konsernsjef i Boreal, Nikolai Utheim.

Foto: Henriette E Fjeld Hoel / NRK

Han trur ingen hos dei har vore borte i noko liknande.

– Det her gjorde vanvitig inntrykk. Ikkje berre der og då, men også i vekene etter.

I ettertid har Boreal gjort si eiga gransking av ulykka, og funne fleire læringspunkt.

– Særleg dette med mangel på proaktivitet. Vi blei jobbande i for stor grad på eiga hand, utan å ta del i heile beredskapsteamet i kommunen og naudetatane, seier han og legg til:

– I tillegg så fekk vi kritikk for mangel på synleg leiing. Særleg på pårørandehotellet i ettertid. Det er ein kritikk vi deler. Det tok altfor lang tid frå vi på øvste hald var fysiske til stades.

Lurt å sjå etter naudhammaren

Freddy Andreassen og Tobias Fredriksen fekk livreddarprisen for innsatsen sin på ulykkesstaden

– Det betyr sjølvsagt litt å bli sett pris på for den innsatsen ein har gjort, men det er nok ikkje det viktigaste oppi dette, seier Freddy og skryter av alle som bidrog den kvelden.

– Folk berre gjorde ting. Det var naturleg. Det var eit utruleg flott samarbeid.

En mann fotografert på torget i Bodø.

Freddy Andreassen har i ettertid prøvd å ta kontakt med den franske familien, og har fått beskjed om at dei er takksame for hjelpa dei fekk 2. juledag i fjor.

Foto: Ola Helness / NRK

Sjølv håpar han at han aldri kjem i ein slik situasjon igjen.

– Det er heilt utruleg at det ikkje har gått fleire liv tapt, så full som bussen var.

Kathrine kjenner seg ferdig med heile hendinga.

– Førebels har eg ikkje fått angstanfall eller noko sånn. Eg klarer å ta buss, så det går bra med meg, liksom.

– Kva kan andre lære av hendinga, trur du?

– Eg veit ikkje. Kanskje at det er viktig å forhalde seg roleg dersom ein hamnar i ein slik situasjon. Og så viser det seg at det kan vere lurt å sjå etter naudhammaren.

Portrettbilder av en ung kvinne med lyst hår

Kathrine ser alltid etter naudhammaren når ho går om bord i ein buss.

Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK

Publisert 26.12.2025, kl. 08.43

Read Entire Article