– Pimenta bestrider at det er grunnlag for avslutning av arbeidsforholdet.
Det skriv advokatane som representerer tidlegare trenar Luis Pimenta i konflikten med Sogndal Fotball til NRK.
Pimenta har allereie kravd forhandlingar etter arbeidsmiljølova, og varsla klubben om at han vil reise søksmål for domstolane.
Sogndal Fotball avslutta arbeidsforholdet til Pimenta tidlegare denne veka.
Klubben opplyste då at dei eksterne undersøkingane som blei sette i gang etter fleire bekymringsmeldingar, var ferdige.
Klubben har ikkje offentleggjort kva undersøkingane konkluderte med.
Hevdar granskinga avviste diskriminering
Bekymringsmeldingane blei kjende i juni og handla mellom anna om Pimenta si personalbehandling og påstandar om forskjellsbehandling av enkelte spelarar.
Pimenta tredde deretter frivillig til side medan saka blei undersøkt.
NRK har prøvd å kontakte Pimenta sidan juni.
For første gong kommenterer Pimenta no sjølv innhaldet i undersøkingane, gjennom advokatane sine.
Ifølgje dei konkluderte dei eksterne undersøkingane med at det ikkje låg føre diskriminering eller brot på likestillings- og diskrimineringslova.
Pimenta har ikkje behandla spelarar dårlegare på grunn av etnisitet, hevdar dei.
NRK har ikkje fått tilgang til rapportane frå dei eksterne undersøkingane, og har dermed ikkje sjølv kunna kontrollere denne framstillinga.
Luis Pimenta fekk sparken etter bekymringsmeldingar. Pimenta vart feilaktig skulda for etnisk diskriminering, skriv advokatane hans til NRK.
Foto: Nils Jakob Bakke Nydal / NRK– Feilaktig skulda for etnisk diskriminering
Fleire av episodane som har vore omtala i media, byggjer på feil eller manglande kunnskap om samanhengen, meiner Pimenta.
– Pimenta vart feilaktig skulda for etnisk diskriminering, og at saka har vore belastande for både han og familien, skriv advokatane i pressmeldinga.
Dei fortel også at Pimenta forventa at desse påstandane skulle bli korrigert både innetter og utad, noko klubben ikkje har gjort.
Undersøkingane skal ha peikt på at Pimenta sin leiarstil, med høgt detaljfokus og høge krav, førte til at enkelte tilsette ikkje hadde eit fullt ut forsvarleg psykososialt arbeidsmiljø.
Pimenta er ueinig i den vurderinga.
NRK har kontakta Sogndal Fotball og seier dei vil svare på eit seinare tidspunkt.
Publisert 11.09.2026, kl. 10.04 Oppdatert 11.09.2026, kl. 10.43










English (US)