Person funnen død i Rauma

1 week ago 9



Politiet i Rauma melder at dei har gjort funn av ein død person som sannsynlegvis er den spanske 75 år gamle kvinna som var sakna etter ein fottur på Romsdalseggen i fjor sommar.

Funnet vart gjort i samband med eit dronesøk etter den sakna kvinna.

– Vi har grunn til å tru at det er den sakna kvinna, men vi kan ikkje stadfeste dette før personen er henta ut frå området og det er gjort sikker, seier politistasjonssjef i Rauma og Vestnes, Roar Mordal Hilde.

Funnet er gjort av drone i ei bratt fjellsid og politiet arbeider med ein plan for å hente ut den døde.

– Vi planlegg at dette skal skje så snart vêr og forhold tillet det, avsluttar politistasjonssjefen.

Publisert 11.09.2024, kl. 11.27 Oppdatert 11.09.2024, kl. 11.39

Read Entire Article