På kafé utan eit smil

5 hours ago 3



Sjå føre deg ein typisk måndag morgon i Oslo sentrum. Byen er full av liv på morgonkvisten, og mange unner seg gjerne ein kaffi eller to på veg til jobb eller skule.

Eg har vore vaken sidan kl. 05:00 i min deltidsjobb på bakeriet, klar for å gi deg ein god start på dagen.

«Hei! Kva har du lyst på i dag?», men før eg i det heile teke har fullført spørsmålet mitt svarar kunden: «Dobbel cappuccino. Ta med».

Nøkternt, ingen blikkontakt. Kortet er allereie tatt fram, klar til å betale. Auga følgjer trikken på andre sida av gata, nesten utan at han merkar det sjølv.

Dette er min kvardag på jobb som tilsett på kafé. Det er vel kanskje ikkje naudsynt med menneskeleg samhandling lenger. Ikkje so mykje som eit smil ein gong.

Men det var ikkje alltid slik – min første kaféjobb fekk eg på vestlandet, i Bergen. Der er det heilt andre bollar (bokstaveleg talt) og eg gleda meg alltid til å gå på jobb.

Har servicetenester blitt så normalisert i hovudstaden at ein gløymer vanleg folkeskikk?

Kva skjedde med hei? Eller med å spørje «Kan eg få ...?» eller sei «Eg vil gjerne kjøpe ... » Sparar du verkeleg so mykje tid på å ikkje sei «hei» til personen bak kassa før du bestiller?

Har du ein så dårleg dag at du ikkje kan smile eller gi blikkontakt til personen du kjøper ein vare frå?

Det skal seiast at eg er fødd og oppvaksen på bygda. Det å gå på kafé blei sett på som noko ekstraordinært og spesielt, noko ein ikkje gjer i kvardagen.

Der eg vaks opp i var det dessutan ofte meir attraktivt å dra til nabobygda i helgene, noko som bidrog til å gjere kafébesøka endå sjeldnare og meir eksklusive.

Eg meiner likevel det burde vere mogleg å forvente ei enkel og høfleg samhandling mellom menneska i hovudstaden.

Misforstå meg rett – eg er rimeleg sikker på at dei som jobbar med kundeservice andre plassar i Noreg, på same måte som i Oslo, opplever vanskelege kundar.

Problemet er at mengda med vanskelege kundar er så merksamt mykje større i hovudstaden vår. Eg får inntrykk av at det er eit slags fenomen eller ein slags norm at innanfor Ring 1 skal ein ikkje vere hyggjeleg mot servicetilsette.

Tek eg ein prat med studievennar som jobbar i andre serviceyrke får eg ofte høyre at vi opplever det same. Verst er det kanskje for dei som jobbar på matbutikk – skrekkhistoriene om det ein kallar «Karen» tek nærast aldri slutt.

Eg har mange eksempel på usedvanleg rare interaksjonar med kundar i Oslo. Spesielt som kvinne blir ein kanskje meir utsett for ubehagelege situasjonar, i alle fall om ein skal døme etter både mine eigne erfaringar og det kollegaer har delt med meg.

Det verkar som om mange trur at eit smil bak disken betyr meir enn det gjer. Det å vere imøtekomande betyr ikkje at ein inviterer til noko meir, eg er der for å gjere jobben min. Og eg klarar framleis ikkje å bestemme meg for kva som er verst – dei sinte kundane, eller dei som berre alltid er litt for hyggelege.

Det er nettopp det som er så utmattande – at ein aldri veit kva ein får. Enten det er ein kundes blikk som heng for lenge, eller ein som eksploderer over at vi er tomme for rosinbollar.

To heilt ulike uttrykk for same haldning, nemleg at vi bak disken blir sett på som folk det er fritt fram å tømme frustrasjonar, behov eller forventningar over på.

Eg er klar over at det går an å ha dårlege dagar. Eg har ikkje forventingar om at du som kunde alltid skal smile og snakke til servicepersonell som om du har den beste dagen i heile ditt liv, fordi det er rett og slett ikkje slik livet er.

Det eg forventar er at om du har ein dårleg dag, så ikkje ta det ut på meg. Er ein vare utseld, så kan du kanskje la vere å bli sint på personen som jobbar i kassa.

Vi ser kvarandre, men vi ser ikkje kvarandre. Og det er rart at ingen stiller spørsmål ved det.

Publisert 21.04.2025, kl. 11.10

Read Entire Article