«Oro Jaska – Hold Kjeft» er den første samiske TV-serien som er laga på 30 år. At den i tillegg er nominert til den internasjonale Emmy-prisen gjer den historisk, det har aldri skjedd ein samisk serie før.
Ungdomsserien er ein av fire seriar som er nominert i kategorien «Kids: Live-Action».
– Eg føler vi alt har vunne. Det å berre vere her og vere nominert er ein siger, seier serieskapar Silje Burgin-Borch.
«Oro Jaska – Hold Kjeft» av Silje Burgin-Borch og Vegard Bjørsmo, handlar om to ungdommar, Elli Anne og Issát, som begge ber på ei hemmelegheit.
Historia finn stad i Karasjok og handlar om korleis ungdom opplev bygda. Blant tema serien tek for seg er valdtekt, tystnadskultur og det å vere skeiv i det samiske miljøet.
Serieskaparane Silje Burgin-Borch og Vegard Bjørsmo er spente før kveldens utdeling.
Foto: Peter Svaar / NRKSerieskapar Vegard Bjørsmo, som saman med Kátjá Rávdná Broch Einebakken speler hovudrollene i serien, er blant dei 14 som har teke turen til i New York.
– Det er utruleg rart for meg i mitt hovudet at ein liten serie frå Karasjok plutseleg får lov til å møte verda på ein sånn type galla, seier Bjørsmo.
– Kva betyr det å få ei slik anerkjenning?
– Eg håper det gjer at serien blir lagt merke til, at den blir sett. Og at det kan bidra til at vi faktisk får kommunisert bodskapen vi har med serien, seier Bjørsmo.
– Enormt mykje merksemd
Serien er laga med eit ganske alvorleg utgangspunkt. Og Bjørshol ønskjer blant anna å behandle tystnadskulturen.
– Det at vi må tørre å snakke om alvorlege ting, og tørre å vere kritiske til miljøet vi er ifrå, sjølv om det er eit lite minoritetsmiljø. Vi er i ei tid der vi ber på konsekvensane etter fornorskinga. Og tystnad er noko eg ønskjer at serien kan forbetre.
– Kvifor er dette tema som er viktig å behandle?
– Konsekvensar av tystnadskultur kan vere ganske alvorlege. Det er snakk om høge sjølvmordstal og det er høgare tal for overgrep. Det handlar om tryggleik og stoltheit i sin eigen kultur. Eg vil at det skal vere tryggare å vere skeiv også på desse plassane.
Silje Burgin-Borch opplever at nominasjonen alt har sett det samiske på kartet.
– Vi får enormt mykje merksemd rundt dette her. Folk frå store internasjonale filmselskap kjem bort og takkar for at dei får høve til å lære litt om det å vere samisk.
Bjørshol innrømmer at han har gjort førebuingar dersom det skulle gå heile vegen i kveld.
– Eg er veldig nervøs. Eg har øvd på talen eg kanskje skal halde «bank i bordet» i nått. Eg gler meg mykje, seier Bjørshol.
Elli Anne blir venn med den nye jenta, Sajje, og drar motvillig på fest. / Elli Anne oahppašuvvá ođđa nieiddain Sajjiin, ja vuolgá illámielas festii.
Publisert 24.11.2025, kl. 17.33
















English (US)