Ordførar Sissel Knutsen Hegdal er på plass før krisemøte

1 week ago 7



Det er full forvirring rundt ordførarvervet i ein av landets største kommunar.

Stavanger-ordførar Sissel Knutsen Hegdal varsla førre veke at ho ville trekke seg som ordførar.

Bakgrunnen er at ho under valkampen i 2023 brukte partimiddel til privat forbruk.

I kveld er det krisemøte i bystyregruppa til Stavanger Høgre. Sissel Knutsen Hegdal er blant dei som deltar på gruppemøte. På veg inn ønskte ikkje ordføraren å seie noko om framtida si i politikken.

Etter det NRK kjenner til er dette første gong Sissel Knutsen Hegdal møter bystyregruppa etter at ho varsla at ho ønskte å tre av som ordførar.

Her ankommer ordfører Sissel Knutsen Hegdal krisemøtet i Stavanger Høyre

Etter det NRK kjenner til er dette første gong ho møter bystyregruppa etter ho varsla avgang.

Foto: Erlend Handeland Tuastad / NRK

I første omgang var det medlemmane av gruppestyre i bystyregruppa som møtte kvarandre til samtalar. Frå klokka seks skal heile bystyregruppa, inkludert Sissel Knutsen Hegdal, vere på plass.

Det har ikkje blitt gitt signal om kva som er agendaen for møte i kveld.

Hegdal er framleis ordførar

Onsdag stadfesta Stavanger kommune overfor Stavanger Aftenblad at Knutsen Hegdal ikkje hadde sendt søknad om fritak frå ordførarvervet.

– Eg er ordførar fram til ein eventuell søknad om fritak ligg føre. Foreløpig er eg sjukemeldt, seier ho til avisa.

Fungerande gruppeleiar i Stavanger Høgre, Hilde Karlsen, sa til NRK onsdag at dei tar utgangspunkt i at Sissel Knutsen Hegdal har trekt seg frå vervet som ordførar.

Sissel Knutsen Hegdal, ordførerkandidat for Høyre i Stavanger under formannskapsmøte.

Stavanger-ordførar Sissel Knutsen Hegdal varsla førre veke at ho ville trekke seg som ordførar. Årsaka er at ho under valkampen i 2023 brukte partimiddel til privat forbruk.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Varaordførar Henrik Halleland (KrF) er fungerande ordførar medan Knutsen Hegdal er sjukemeldt.

Høgre har tidlegare varsla at dei ønsker å finne ein ny ordførarkandidat blant Høgres andre medlemar i bystyret.

Politiet valde førre torsdag å opprette sak mot Knutsen Hegdal. NRK har vore i kontakt med Sør-Vest politidistrikt, som seier det per nå ikkje er nokon ny utvikling i saka.

Publisert 12.09.2024, kl. 18.07 Oppdatert 12.09.2024, kl. 18.19

Read Entire Article