Under slalåmrennet i austerrikske Gurgl, kom TV-sjåarane tett på sveitsaren mens han dreiv med ei noko overraskande førebuing.
Bileta viste at alpinisten fekk noko som likna på ein limstift eller leppepomade i det eine naseboret, og «sniffa» inn ein gong i kvart nasebor.
– Ja, ja, ja ... Det er jo klassikaren, det, svarer Atle Lie McGrath og smiler når NRK viser bilde av situasjonen.
For det Zenhäusern driv med er kjent i miljøet.
– Bråkar mykje
Det er sjeldan at ein ser bruken av dette i alpinbakken. Men det litt uvanlege objektet er brukt av fleire toppidrettsutøvarar.
– Det er jo berre luktesalt, og Zenhäusern er heilt vill. Han brummar og brøler på start og tar luktesalt for å gire seg opp, så han er ganske feit, seier McGrath.
– Men han er veldig slitsam å starte rundt fordi han bråkar så mykje. Men alle må få lov til å gjere greia si, sjølv om han er ein av dei mest ekstreme.
Han forklarer at det gjerne er vanlegare i idrettar som vektløfting, heller enn alpinbakken. Så luktesalt-trikset er ikkje ein veg for alle – i alle fall ikkje for McGrath.
– Eg kunne aldri brukt det, fordi for meg så er alpint ein sport der ein må vere meir balansert. Men han treng det sikkert for å komme seg på nivået han mentalt føler at han må vere for å køyre fort. Det er berre han som bruker det, seier McGrath.
– Ville ikkje anbefalt det
Kva seier så forskinga?
Lars Haugvad har tidlegare jobba ved Olympiatoppen. Nå jobbar han som manuellterapeut og fysisk trenar. Blant anna med snøbrettlandslaget og racerbilsjåføren Dennis Hauger.
Han seier at av det som han kjenner til av studier på bruken av «luktesalt», så har det vist lite til ingen effekt på betra prestasjon innan idrett.
– Studiar viser at det gir effektar som auka puls, blodtrykk og subjektiv kjensle av å vere «på», men at det ikkje nødvendigvis har noko prestasjonsfremjande effekt, seier Haugvad og fortset:
– Eg ville per nå ikkje anbefalt det for prestasjon hjå utøvarar. Men dei som brukar det søker kanskje å bli meir vakne, som produktet blir sagt å bidra til.
Zenhäuserns sniffing gav ikkje enorme resultat, då han enda sist i finaleomgangen i Gurgl, 3,57 sekund bak vinnaren Clément Noël. Betre gjekk det med McGrath, som kom på 3. plass.
Teknikken vekker oppsikt: – Må revurdere 00:37
Publisert 25.11.2024, kl. 10.54