– Opposisjonen har klart å vinne hjartet til folket

1 month ago 45



For første gong på mange år har opposisjonen håp om forandring i Venezuela.

Opposisjonen har klart å vinne hjartet til folket. Berre eit år tilbake var Venezuela prega av håpløyse og liten tru på endring. No har dei stått samla på ein heilt annan måte og skapt ei bølgje av håp, seier Benedikte Bull.

Ho er professor og statsvitar som har forska på samfunnsutviklinga i Latin-Amerika.

- Det er vanskeleg å sjå for seg at Maduro-regimet vil anerkjenne nederlag, meinar professor Benedicte Bull ved Senter for utvikling og miljø ved Universitetet i Oslo.

– Det er vanskeleg å sjå for seg at Maduro-regimet vil anerkjenne eit nederlag, meiner professor Benedicte Bull ved Senter for utvikling og miljø ved Universitetet i Oslo.

Foto: Arnt Stefansen

Det er totalt ti kandidatar, men den einaste utfordraren som faktisk kan vinne, er Edmundo Gonzalez, som representerer opposisjonskoalisjonen Einingsplattformen.

Rundt 21 millionar menneske har stemmerett under søndagens val.

– Eg kom for å stemme for forandring, for eit nytt Venezuela som skal bli født på ny. Eg er offentleg tilsett og vi treng ei verdig lønn, seier den 57 år gamle kokken Tibisay Aguirre til Reuters.

Ein soldat i køa utafor eit valglokale i hovudstaden Caracas.

Ein soldat i køen utanfor eit vallokale i hovudstaden Caracas.

Foto: Yuri Cortez / AFP

«Blodbad»

Tidlegare denne veka gjekk Maduro ut og trua med eit «blodbad» dersom folket ikkje stemmer på han.

– Om de ikkje ynskjer eit blodbad i Venezuela, ein borgarkrig der bror drep bror på grunn av fascistane, så la oss garantere den største valsigeren i landets historie, sa Maduro til sine støttespelarar.

Søndag seier Maduro at han vil respektere valresultatet uansett utfall, melder AFP.

Edmundo Gonzalez leiar på meiningmålingane før valet. Han er ein pensjonert diplomat.

Edmundo Gonzalez leiar på meiningsmålingane før valet. Han er ein pensjonert diplomat.

Foto: Alexandre Meneghini / Reuters

– Eg vil anerkjenne valet, den offisielle stemmesetelen, og eg vil sørgje for at det blir respektert, sa han etter å ha gitt si stemme i hovudstaden Caracas.

Benedikte Bull meiner likevel tida etter valet vil bli prega av uvisse.

Det er vanskeleg å sjå for seg at Maduro-regimet vil anerkjenne nederlag. Og det er like vanskeleg å sjå for seg at dei faktisk vil gje makta til opposisjonen, seier ho.

Maduro og hans regime har slått hardt ned på all opposisjon over fleire år for å sikre seg valsiger. Over hundre valkamparbeidarar for opposisjonen har blitt arresterte dei siste vekene.

Sittende president Nicolas Maduro har brukt mykje penger på si eiga valgkamp. Han har vore president i landet sidan 2012.

Sitjande president Nicolás Maduro har brukt mykje pengar på si eiga valkamp. Han har vore president i landet sidan 2012.

Foto: Enea Lebrun / Reuters

– Det dreier seg om å intervenere politiske parti, stenge dei mest populære politikarane ute, og trakassere, fengsle og torturere folk som samarbeider med opposisjonen, fortel Bull.

– Det er ingen tvil om at Maduro ynskjer å bli sitjande med makta. Han har proppa statsapparatet fullt med lojale støttespelarar og militære. I tillegg har han tatt fullstendig kontroll over valrådet, som skal annonsere valresultatet, fortel ho.

Familiegjenforeining

Ein av grunnane til at opposisjonen er meir samla enn nokon gong, er at deira viktigaste valkampsak har vore å lage eit nytt Venezuela slik at alle dei som har reist frå det kriseramma landet, kan kome heim.

– Folk vil sjå familiane sine igjen. Dei vil klemme borna som har reist til Colombia, Chile, USA eller andre land for å jobbe, seier Benedikte Bull.

Venezuelanske migranter på veg til USA mens dei kryssa Darien-jungelen mellom Colombia og Panama, som reknast som verdas farligste jungel.

Venezuelanske migrantar på veg til USA mens dei kryssa Darien-jungelen mellom Colombia og Panama, som reknast som verdas farlegaste jungel.

Foto: Fernando Vergara / AP

Migrasjon har prega Venezuela sterkt sidan 2015. 7.7 millionar venezuelanarar har flykta frå heimlandet sidan regimet kom til makta.

Den viktigaste grunnen til at folk reiser frå heimlandet, er at dei ikkje ser noko framtid der. Ifølgje Reuters har landet opplevd eit fall i BNP på 80 prosent i løpet av eit tiår.

Med ein eventuell valsiger til opposisjonen, står problema i kø.

– Det store spørsmålet er jo korleis ein klarer å etablere ein ny politikk som kjem folk flest til gode. Det er ei enorm oppgåve for opposisjonen. Dersom Gonzalez skulle klare å vinne valet, vil det bli litt av ein jobb for han å skifte ut eit heilt statsapparat, der alle er Maduro-støttespelarar, seier Bull.

Internasjonalt press

Venezuela blir møtt med hardt press frå det internasjonale samfunnet.

Nabolandet Brasil og president Lula da Silva har vore tydeleg på at Maduro-regimet må akseptere eit valnederlag dersom det skulle skje.

President Lula da Silva i Brasil seier han blei redd då Maduro advara mot blodbad dersom han sjølv ikkje vinn valet. Maduro svarte at Silva burde drekke kamomillete.

President Lula da Silva i Brasil seier han blei redd då Maduro åtvara mot blodbad dersom han sjølv ikkje vinn valet. Maduro svarte at Silva burde drikke kamillete.

Foto: Pablo PORCIUNCULA / AFP

Søndag oppfordra USAs utanriksminister Antony Blinken alle parti om å respektere den demokratiske prosessen, skriv AFP.

– Det venezuelanske folket fortener eit val som speglar deira vilje, utan noko form for manipulasjon. Det internasjonale samfunnet kjem til å følgje nøye med på dette, sa Blinken til journalistar i Tokyo.

Publisert 28.07.2024, kl. 21.56

Read Entire Article