– Omsorgskrisa kostar. Også i barnehagane

4 hours ago 2



KOMMENTAR: Det var bra SV ikkje fekk gjennomslag for å gjera barnehagane heilt gratis. For det barna der treng aller mest, er nok gode vaksne å gå til.

Bildet er frå ei markering utanfor Stortinget i fjor haust, for auka bemanning i barnehagane. Foto: Amanda Pedersen Giske / NTB
  • Solveig G. Sandelson

Publisert: Publisert:

Nå nettopp

iconKommentar

Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Det aller viktigaste eit lite barn kan ha, er eit trygt fang. Og ikkje kva fang som helst, eit kjent fang. Der den som liten er, kan koma med alt sitt, som det ennå ikkje kan handtera og forstå, når følelsane blir for store og tar overhand, når kreftene tar slutt, eller når det har klart seg sjølv der borte i sandkassa lenge og må sjekka at det trygge fanget ennå er der. Når det alt har klart seg veldig lenge borte frå mor og far.

For barna våre treng omsorg. Nok omsorg. Det trur ikkje eg dei får. Og ikkje trur eg vi orkar snakka om det heller. Kor mykje pengar det kostar, er vi heller ikkje så gode på, verken på å snakka om eller akseptera.

Pengane

Men. Tysdag var det reviderte statsbudsjettet i mål. SV og Sp har blitt einige med regjeringsparti Ap om kva som skal plussast på.

Inni der ligg 200 millionar til å toppa bemanninga i barnehagane. Dei pengane er øyremerka. Så dei ikkje går med i andre store sluk idet dei når ut til kommunane. Det der er alltid vanskeleg, for kommunane skal helst få bestemma over eigen økonomi i eige hus, ikkje berre sjå pengane frå staten gli forbi dei og rett inn i ei av tenestene kommunen eigentleg har ansvaret for.

Eg trur det var rett å øyremerka, men det burde vore meir pengar. For bemanningskrisa i barnehagane er omfattande. Den er ikkje lett å løysa, heller. Vi veit alle at vi kjem til å slita med å ha nok folk til alle omsorgsoppgåver snart.

Men mesteparten av pengane som totalt skal i retning barnehagane nå, går til å få ned foreldrebetalinga med 800 kroner i månaden. Heilt sikkert kjærkome for småbarnsfamiliane. SV ville eigentleg gjera det heilt gratis.

Det var bra dei ikkje fekk gjennomslag for det. For eg trur bemanningskrisa er viktigare. Og der trur eg meir pengar trengst. Meir pengar til ein betre arbeidsdag, meir pengar til at fleire kan vera på jobb samtidig, meir pengar til at fleire kan bruka arbeidstida si saman med barna som har størsteparten av kvardagen sin der.

Kvardagen

Kvardagen til dei minste barna våre er viktig. Det er ikkje er noko vi kan snakka oss bort frå. Også i omsorgsyrke er ordna arbeidsvilkår viktig. Det er ikkje berre å jobba litt smartare.

For alle veit det, at eit trygt fang er det aller viktigaste for den som liten er. Og vi bør vel også alle forstå at det ikkje er lett å halda folk i jobbar der dei kvar dag kjenner at dei kjem til kort, uansett. Og det i tillegg er barn det går utover.

Nei, SV, sjølv om de er barnehageparti, eg trur ikkje det der var riktig veg å gå. Det nyttar lite at barnehagen blir billegare, eller til og med gratis, viss det ikkje er nok gode folk der.

Så kjem sjølvsagt ulike politiske parti framover til å prøva seg på ulike andre løysingar. Gå for fleire private barnehagar eller meir stat. For lågare skatt eller meir betalt permisjon, så foreldreomsorga blir lengre og presset på barnehagane mindre. For dette er ikkje over, pengar er ikkje nok, omsorgskrisa blir ikkje lett å løysa.

Men barna våre må få nok omsorg i barnehagen. Denne gongen burde meir av pengane gå til det, i staden for billegare opphald. Det ville vera å setja pris på omsorgsarbeidet for dei aller minste. Og det trur eg vi må.

Publisert:

Publisert: 17. juni 2025 16:49

Read Entire Article