Olav har venta på svar frå staten i seks år

4 hours ago 3



Ein kvit Tesla svingar forbi Restranda og opp den bratte setervegen ved Neselva i Kandal i Nordfjord.

Då regjeringa i fjor sommar la fram Distriktsmeldinga, var det i dette dalføret at ho blei lagd fram.

Blant fjell, kulturlandskap og små fossefall i det opptil fleire av medlemmene i regjeringa vil argumentere for at er den vakraste delen av landet.

Vi skal ha noko å leve av òg, seier Olav Fuglestrand.

Han parkerer idet bakkane blir slakare og stølsheimen brettar seg ut. I handa har han søknaden om å bygge eit småkraftverk som blei sendt til NVE i februar 2019.

Snart seks år seinare ventar han framleis på svar.

Det er frustrerande, seier han.

Olav Fuglestrand.

Olav Fuglestrand forstår ikkje kvifor NVE må bruke over fem år på å handsame ein konsesjonssøknad.

Foto: Håvard Nyhus / NRK

Eg vil bygge dette kraftverket fordi vi treng det

Søknaden gjeld ein «snillare» og nedskalert versjon av eit tidlegare kraftprosjekt som han diskuterte med NVE heilt tilbake i 2014.

Det vesle kraftverket kunne produsert straum til 700 husstandar.

Der elva renn ut i Breimsvatnet er allereie eit anna småkraftverk i sving. Eit småkraftverk er eit lite kraftverk som har ein produksjonskapasitet på under 10 MW.

Det er ikkje det at eg går rundt og drøymer om dette kraftverket, seier Olav.

Eg er ikkje eit kjenslemenneske. Eg er meir praktisk innretta. Eg vil bygge dette kraftverket fordi vi treng det.

Same dag får han besøk på garden av ein annan praktikar: Høgre-leiar Erna Solberg.

Under Kraft i vest-konferansen denne veka brukte ho delar av sin tilmålte taletid til å snakke om ventinga til Fuglestrand og saksbehandlingstida til NVE meir generelt.

Det går ikkje an, seier ho til NRK.

Kva er det som ikkje går an?

Det går ikkje an at det går seks år utan at ein høyrer noko. NVE kan ikkje bruke så lang tid. Og så er det viktigaste for meg at folk får ja, fordi vi treng krafta.

Sjå tilsvar frå NVE lengre ned.

Olav Fuglestrand.

Eit kraftverk i Neselva vil kunne gi straum til 700 husstandar.

Foto: Håvard Nyhus / NRK

Støre-regjeringa handlingslamma

I Høgre sitt forslag til nytt partiprogram – «Klart Noreg kan» – tek partiet til orde for å «bygge ut meir kraft og nett raskare, blant anna ved å redusere den samla saksbehandlingstida».

Andre tiltak er å påskjønne kommunar som vil bygge ut kraftproduksjon før 2030 gjennom «tidsavgrensa incentivordningar», og å «legge til rette for meir småkraft».

Grunna elektrifiseringa har Energikommisjonen føreskrive at Noreg treng «minst 40 TWh» innan 2030.

Ein måte å skaffe oss ny kraft på kort tid er å bygge ut meir småkraft. Sjølv om desse kan byggast med mindre konflikt, så er Støre-regjeringa handlingslamma, seier Solberg.

Tal frå Småkraftforeningen viser at Solberg-regjeringa gav konsesjon til 22 småkraftverk dei siste tre åra dei styrte.

På Støre si vakt er det gitt konsesjon til tre småkraftverk.

– Politikarane lever i ein nasjonal kraftillusjon, sa leiar i Fornybar Noreg, Åslaug Haga, sist veke.

I dag er det i overkant av 850 småkraftverk her i landet, med totalt 11,3 TWh i produksjon.

Ifølge ein omstridd rapport er det mogeleg å bygge ut ytterlegare 16,7 terawattimar (TWh) med ny småkraft fram mot 2030.

Energiministeren: – Seks år er for lenge å vente

Energiminister Terje Aasland, som også deltok på Kraft i Vest-konferansen på Sandane, avviser kritikken frå Solberg.

Han viser til at regjeringa har sett i verk «ei historisk oppbemanning» for å få ned lengda på søknadskøane hos NVE.

Men generelt kan eg seie at seks år er altfor lang tid å vente.

Tidlegare i veka varsla Aps programkomité at partiet vil legge press på seg sjølv for å gjere vedtak og endringar i energipolitikken som realiserer meir kraft.

Presset kjem i form av eit foreslått mål om å realisere 20 TWh gjennom energieffektivisering og lokal kraftproduksjon.

Forslaget er nå på høyring i partiorganisasjonen, og blir ikkje vedteke før landsmøtet i mai 2025.

Olav Fuglestrand.

Konsesjonssøknaden er utarbeidd og sendt til behandling for fleire år sidan, men Olav Fuglestrand ventar framleis svar frå NVE.

Foto: Håvard Nyhus / NRK

Publisert 20.09.2024, kl. 09.31

Read Entire Article