OL-vinnar sjokkerer i ny grein: – Hæ? Det er heilt vilt

1 month ago 25



– Når eg held på med noko, så vil eg bli så best som mogleg. Det heng nok igjen frå idrettslivet det, seier Andreas Stjernen til NRK.

Han har blant anna vunne laggull i OL i 2018 og VM i 2018. Men etter at hopp-karrieren tok slutt i 2019, så har han bytt fokus.

Hoppskia er bytta ut med golfkøller, og skibua heime på Inderøya i Trøndelag er nå bygd om til ein golfsimulator.

Og den kjem vi tilbake til.

Nå har han fått ein unik moglegheit – på høgaste europeiske nivå.

– Viss eg klarer den siste kvalifiseringsrunden, og kjem til Europatouren, så vil det henge veldig høgt oppe på merittlista mi, seier han.

For om knappe to veker skal han kjempe om ein plass i Europatour-turneringa i sveitsiske Crans Montana.

– Eg er sjokkert over å høyre dette, seier Max sin golfekspert Henrik Bjørnstad til NRK.

8AjLnT9NsMY

GULLHOPPET: Andreas Stjernen var éin av fire på det norske hopplaget som tok gull under OL i Pyeongchang i 2018.

Foto: NTB

Måper av Stjernens tal

Stjernen er nå éin av tre utvalde som den 3. september skal kjempe om ein plass i turneringa som startar 5. september. Berre vinnaren får delta i turneringa.

– Eg møter to golfarar som har satsa golf i fleire år, så eg er ingen favoritt, seier Stjernen.

– Eg vil seie eg har éin tredjedels sjanse, seier han med eit glimt i auget.

Den tidlegare skihopparen har eit handicap på +2. Sjølv om proffspelarar, som Viktor Hovland, ikkje har handicap, så forklarer Bjørnstad at dei proffe blir anslåtte å ligge mellom +5 og +8.

Da ekspert Bjørnstad fekk høyre om Stjernens handicap, reagerte han slik:

– Hæ? Det er heilt vilt. Det er folk som speler golf heile tida, som aldri når dei tala der. Det seier litt om kva idrettstalent han er.

WcbblZk2jsU

PROFF: Henrik Bjørnstad spelte på PGA-touren i 2006 og 2010. Nå jobbar han blant anna som ekspert hos Max.

Foto: NTB

– Heilt latterleg imponerande

Stjernen har spelt golf heilt sidan år 2000. I ei årrekke har han vore i verdstoppen som skihoppar, men elles har mykje av tida gått til golf – og familie.

Da familien bestemte seg for å flytte til Inderøya for nokre år sidan, ein totimars køyretur frå Trondheim, så hadde Stjernen eitt krav:

Viss han skulle flytte «til landet», så ville han ha ein golfsimulator i garasjen. Og det har betalt seg.

– Det var gjennom ei kvalifisering på simulatorgolf at eg fekk denne moglegheita. For det er dei tre beste frå den turneringa som nå kan få spele på Europatouren, forklarar han.

Stjernen sin golfsimulator i garasjen

DRAUMEROM: Andreas Stjernen har ein eigen golfsimulator installert i garasjen.

Foto: PRIVAT

Spelarane han skal opp mot i Sveits har status som profesjonelle. Han møter engelske Josh Oddy og sveitsiske Fiorino Clerici. Dei tre var dei tre beste i ein simulatorturnering på banen i Crans Montana med over 1500 deltakarar frå 33 land verda over.

– Det hadde vore heilt latterleg imponerande om han klarte å kvalifisere seg, for å seie det enkelt. Berre det at han har det nivået inne. Det er eit nålauge, men ein veit aldri, seier Bjørnstad.

Kristian Krogh Johannessen har vore proffspelar sidan 2015, og spelar på Europatouren. Han er barndomsvenn av Stjernen, og har spelt mykje golf med han opp gjennom åra.

– Han har jo ein moglegheit. Det blir ein del slump, og den banen der er litt rar. Den er på 2000 meters høgde, og forholda blir aldri perfekte. Eg trur det kan vere ein fordel for Stjernen, seier Krogh og held fram:

Spørsmålet er om han har hovudet til det. Det er eg mest spent på, seier Krogh.

– Heller OL-gull i golf enn hopp

Den 36 år gamle trønderen har fleire merittar i hoppbakken i tillegg til OL- og VM-gullet. Blant anna tre NM-titlar.

Han har foreløpig ikkje meldt seg på NM i golf.

Det er vanskeleg å seie korleis han er rangert i Noreg, men eg tippar han er god nok til å vere med i NM. Ut frå handikap, så vil eg tru det, utan at eg har sett han, seier Bjørnstad.

Det hadde vore artig å prøve å kvalifisere seg til eit NM i framtida. Eg har jo familie og jobb som må gå føre, men eg speler golf når eg kan, fortel Stjernen.

– Golf eller skihopping?

– Golf.

– Viss eg hadde visst det eg veit nå, så hadde eg heller tatt eit OL-gull i golf enn i hopp, seier han med eit smil.

Superstjerne dukket opp med Løkes genser: – Hvor har han fått den fra? 00:56

Publisert 22.08.2024, kl. 06.02

Read Entire Article