Nye maskiner skal gi meir treffsikker kreftbehandling

2 hours ago 2



Som eit av fem sjukehus i verda, har Haukeland universitetssjukehus no tatt i bruk to heilt nye undersøkingsmaskiner.

Maskinene skal gjera kreftbehandling meir effektiv, treffsikker og behageleg for pasientane.

– Det er heilt fantastisk og utruleg, seier pasient Kjetil Ytrearne.

Han er blant dei første pasientane som har testa den store, kvite maskina og er svært takksam:

– Eg er heldig, seier han og smiler.

Den svært kostbare maskinparken består av to CT-maskiner. Ein PET/CT-skannar og ei maskin for PET og MR.

Pasientar drikk eit radioaktivt stoff, og så blir kroppen deira skanna.

På bileta som blir tekne kan legane få svært gode bilete av tilstanden til pasienten.

Svært kostbar teknologi

Teknologien er svært kostbar. Begge dei nye maskinene på Haukeland er betalte av bergensmilliardær Trond Mohn.

Totalsummen ligg på om lag 180 millionar kroner. Mohn var med under ei markering på Haukeland onsdag.

Tre personer står i en moderne medisinsk setting nær en åpen dør. En mann i en blå jakke går inn, mens en kvinne i hvit skjorte klapper og holder en rød bånd. Den andre personen, en medpassasjer, er delvis synlig og ser på handlingen. I bakgrunnen er det medisinsk utstyr og et skilt med advarsler om magnetfelt. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Trond Mohn har gitt mange milliardar kroner til gode formål. No har bergensaren opna pengesekken att, noko radiograf Vivian Skjeie er svært takksam for.

Foto: Jan Børge Leirvik / NRK

– Kvifor er det viktig for deg å gje pengar til dette?

– Dei fleste familiar får direkte eller indirekte kjennskap til kreften. Mor vår døydde av leverkreft då ho var 61 år. Dermed blei kreft den sjukdommen som var naturleg å ta del i, seier Mohn.

Mohn har også betalt alle PET/MR-maskiner i landet.

Han ymtar frampå at han vil halde fram med å støtte Haukeland, som han meiner er i ei klasse for seg med å satse på forsking og utvikling.

Dei nye maskinene på Haukeland har ei rekke fordelar.

  • Skanningtida blir redusert frå tjue til sju minutt. Dermed aukar kapasiteten, og belastninga på pasienten blir mindre.
  • Bileta blir betre og meir detaljerte med det nye utstyret. Legane kan dermed lettare oppdaga mindre endringar i tilstanden til pasientane.
  • No kan det også brukast lågare stråledose. Dette er viktig for pasientar og barn som må undersøkjast ofte. I fleire tilfelle kan sjukehuset unngå å legga pasientar i narkose.
  • Opninga av dei to maskinane markerer ifylgje sjukehuset eit nytt kapittel i satsing på denne medisinske teknologien. Det vil ha betydning for folk lokalt, men også regionalt og nasjonalt.

Boel Johnsen jobbar som overlege ved Senter for Nukleærmedisin og PET ved Haukeland universitetssjukehus.

En helsearbeider står foran datamaskiner i et rom med medisinsk utstyr. I bakgrunnen kan man se en annen ansatt og deler av utstyret som brukes i arbeidet. Rommet har lyse farger og designet er moderne. Det er synlige stjerner på veggen som kan være dekorative elementer. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Overlege Boel Johnsen seier maskina har ei rekkje fordelar for pasienten.

Foto: Jan Børge Leirvik / NRK

Maskinene er dei første i sitt slag i Noreg, men neste år får også fleire andre stader i landet gleda av dei, fortel Johnsen.

Femte sjukehus i verda

Vivian Skjeie er radiograf og følger nøye med når pasienten blir undersøkt.

Haukeland er det femte sjukehuset i verda som får bruke dette utstyret.

– Det er nesten så ein ikkje kan tru at vi sit her på Haukeland og får bruke så fantastiske utstyr. Vi er utruleg privilegerte og heldige, seier Skjeie.

Ho seier det er spennande og interessant for dei tilsette jobbe med maskinene.

En radiolog sitter foran dataskjermer i et rom med MR-utstyr synlig bak glassveggen. Hun har på seg en svart hettegenser med teksten "Radiologi" på ryggen. På skrivebordet er det flere dataskjermer, en radio, en kopp med kaffelignende innhold og en laptop. Omgivelsene virker ryddige, med en sykeseng synlig i bakgrunnen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Radiograf Vivian Skjeie følger nøye med når maskinene jobbar.

Foto: Jan Børge Leirvik / NRK

– Men ikkje minst er det svært viktig for pasientane, seier radiografen.

Ny sjekk etter prostatakreft

Pasient Kjetil Ytrearne må innom dei medisinske apparata i to rundar denne onsdagen.

– Den siste runda var mykje betre. Ikkje noko lyd eller spetakkel, seier han og smiler.

En mann i sykehusklær står i en medisinsk avdeling, ved siden av en CT-scanner. Han holder på en jakke og et par sko, mens han ser mot kameraet. I bakgrunnen er det medisinsk utstyr og en stol. Rommet har en lys og ren atmosfære, typisk for en sykehussetting. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Med eit lite snev av klaustrofobi blir det vel tett inni maskina, seier Kjetil Ytrearne etter andre runde i maskina. – Men det gjekk veldig fint. Han er takksam for Trond Mohn si gåve.– Eg er glad for at det finst slike folk her i Noreg som ikkje stikk av, men som er med og gir der det trengst.

Foto: Jan Børge Leirvik / NRK

Han fekk prostatakreft for ti år sidan og blei operert.

Sidan den gong har han jamleg teke blodprøver og alt har vore bra. Men nyleg fann legane noko dei ville sjekke nærmare opp i.

Om ei lita veke får han svar på prøvene, og han har god tru på at det vil gå bra.

Publisert 17.12.2025, kl. 21.23

Read Entire Article