Nye angrep mellom Israel og Iran – sjukehus treft i Israel

7 hours ago 2



Torsdag morgon held på dei kraftigaste eksplosjonane over Jerusalem sidan krigen med Iran starta for éi veke sidan. Det melder nyhendebyrået AFP sine journalistar på staden.

Samtidig seier det israelske militæret at missil er skotne ned frå Iran mot Israel.

Sjukehuset Soroka Hospital i Beersheba sør i Israel skal vere treft av eit iransk angrep. Det melder det israelske utanriksdepartementet på X.

Fleire skal vere skadde og éin alvorleg skadd, ifølgje The Time of Israel.

En gruppe mennesker i opprørsutstyr

Ei dame blir evakuert etter eit iransk angrep i Ramat Gan i Tel Aviv i Israel.

Foto: Oded Balilty / AP / NTB

Flyalarmen gjekk i store deler av Israel i dag tidleg, men militæret seier no at folk kan forlate tilfluktsromma.

Israelske angrep i Iran

I morgontimane har også iranske mål blitt trefte av israelske angrep.

Tungsvassfasiliteten Khondab er av måla som er trefte. Denne fasiliteten er del av Iran sitt atomprogram.

Angrepet kjem etter at Israel åtvara innbyggarane i nærleiken av fasiliteten til å evakuere, ifølgje NTB. Det ligg 25 mil sørvest for hovudstaden Teheran. Her har Iran tidlegare bygd deler av ein forskningsreaktor for tungtvatn.

Interessert i meir stoff frå utanriks? Høyr podkasten vår:

Publisert 19.06.2025, kl. 07.05 Oppdatert 19.06.2025, kl. 07.24

Read Entire Article