– Eg bruker fritida mi på å trene, vere med vener og jobbe med skulearbeid.
Slik samanfattar Jared Sisay (14) fritida si. 10.-klassingen frå Lillehammer legg ikkje skjul på at han også er ein del framfor skjermen.
– Eg er ein del på telefonen, spelar og slappar av.
Førre veke brukte han telefonen i over sju timar i snitt per dag.
Å bruke mykje av fritida si framfor ein skjerm, er han ikkje aleine om.
Forskarar ved Velferdsforskningsinstituttet NOVA har sett på fritidsvanane til ungdomsskuleelevar i løpet av dei siste ti åra.
Der kjem det fram at fritidsvanane har endra seg mykje på ti år.
Hovudårsaka? Auka skjermbruk.
- Les også korleis skjermbruk kan påverke helsa, livskvaliteten, læring og oppvekst.
– Store endringar
– Norsk ungdom sine fritidsvanar har gått gjennom store endringar dei siste ti åra, med ein klar auke i tida brukt på digitale aktivitetar, seier NOVA-forskar Anders Bakken.
Samstundes har tida ungdom bruker på skulearbeid gått ned.
Rapporten om fritidsvanane til ungdommen bygger svar frå over 500.000 ungdomsskuleelevar i Noreg dei ti siste åra. Svara kjem frå Ungdata-undersøkinga.
Forskarane har delt ungdomsskuleelevar frå heile landet inn i fem ulike grupper etter det dei gjer på fritida:
Dei som er oftast med vener, dei mest heimeorienterte, dei minst digitale, dei mest risikoorienterte og dei mest kulturelle.
– Desse ulike typane gir eit godt bilete av mangfaldet i unges fritid i dag, seier Bakken.
Det er flest ungdommar som er «oftast med vener» og «mest heimeorienterte». Desse gruppene har hatt ein auke over tid.
Størst auke er det for dei heimeorienterte som gjekk frå 18 prosent til 27 prosent på ti år.
Talet på dei minst digitale har hatt størst nedgang, frå 35 prosent i 2014 til 19 prosent no. Det har også vore ein nedgang i talet på «dei mest kulturelle» frå 12 til 9 prosent.
Det har vore ein liten auke i talet på «dei mest risikoorienterte».
- Hjerneforskar meiner mykje skjermbruk er like farleg som å røyke. Les kvifor her.
Ikkje på kostnad av fysisk aktivitet
Auka skjermbruk har påverka ungdommane si fritid på ulike måtar, ifølge forskaren.
– Nokon har trekt heim, medan andre trekker meir ut.
– Det har vore ei viss uro knytt til at auka skjermbruk skal føre til at ungdom blir mindre fysisk aktive. Det ser vi ingen teikn på.
– Dei er like fysisk aktive no som for ti år sidan, men det er ulike grupper ungdom som er fysisk aktive og fysisk inaktive.
Fleire trenar på treningssenter
14-åringen på Lillehammer kjenner seg igjen i resultata frå rapporten.
– Eg tar opp telefonen veldig mykje når eg eigentleg ikkje burde det. Det kan forstyrre litt eigentleg, seier han.
– Eg skal berre sjekke ditt og datt, også plutseleg har det gått bort mykje tid som eg kunne brukt på andre ting.
Andre ting som for eksempel å trene på treningssenter. Det er noko han har tenkt å begynne å gjere.
Ifølge rapporten har bruken av treningssenter blant ungdomsskuleelevar auka dei siste åra.
Andelen ungdommar som trener på treningssenter minst ein gong i veka har auka frå 21 prosent i 2014 til 34 prosent no.
– Eg gjer det ikkje no, men har planar om å gjere det, seier Sisay.
Her kan du lese kva nokre andre ungdommar brukar fritida si på:
Ida Lillebo / NRK
Tuva Sels-Agersten (15):
– Eg spelar mykje musikk, både i korps og orkester, seier ho.
Ho er også ein del med vener, jobbar med skulearbeid og andre oppgåver.
Ida Lillebo / NRK
Mahad Mohammed (15):
– Eg bruker fritida mi på å spele fotball. Det driv eg mykje med, seier han.
Det går også litt tid framfor skjermen, både til å spele TV-spel og vere på telefonen.
Ida Lillebo / NRK
Ada Haugen Bråthen (15):
– Eg trener på treningssenter fleire gonger i veka, også er eg med vener. Det er det eg rekk, seier ho.
Elles brukar ho ein del tid på skulearbeid også, men det varierer frå veke til veke.
Ida Lillebo / NRK
Alva Emilie Flølo Stensrud (15):
– Eg driv med hest og bruker mange timar i stallen, seier ho.
– Men det kan fort hende at eg bruker nokre timar på telefonen også. Om eg først har sett meg ned for å skrolle litt, så går tida fort.
- Regjeringa vil sette ei aldersgrense på sosiale medium. Meiningane er delte rundt forslaget.
Dei fleste har det godt
NOVA-forskaren meiner det er viktig å ha oversikt over kva ungdom held på med på fritida.
– Ungdomstida er ein fase av livet der ein skal finne ut av kven ein er. Det er det mange som gjer gjennom å drive med ulike typar fritidsaktivitetar, seier Bakken.
Kva bruker du fritida di på?
– Mindre tid til skulearbeid, auka skjermbruk og mindre lesing. Er det mørkt?
– Nei, det er ikkje mørkt. Det er heldigvis slik at dei fleste ungdommane, same kva dei held på med, rapporterer om at dei har gode liv.
Publisert 13.11.2024, kl. 07.09