Ny måling: Stor forskjell i boikott­viljen for Eurovision og OL

1 hour ago 2



Ei fersk undersøking utført av Norstat for NRK, viser tydelege forskjellar i folk sine haldningane til boikott av store internasjonale arrangement i 2026.

Medan debatten rundt politikk og kultur pregar Eurovision-tala, er støtta til ein idrettsboikott betydeleg lågare.

Ifølgje målinga er Eurovision Song Contest det arrangementet flest nordmenn meiner Noreg bør halde seg unna.

47 prosent av dei spurde meiner Noreg bør boikotte Eurovision, for vinter-OL er tilsvarande tal berre 6 prosent.

Israel deltek i vinter-OL med i alt 10 utøvarar. Blant anna i bob, alpint, langrenn og kunstløp.

Israel under OLs åpningsseremoni

Kunstløparen Mariia Seniuk var flaggbærar for Israel inn på San Siro stadion i Milano.

Foto: Yves Herman / Reuters / NTB

Forstår frustrasjonen

– Det er ikkje noko prinsipiell forskjell på å konkurrere mot Israel på ein musikkscene eller i skisporet.

Det meiner MGP-sjef i NRK, Mads Tørklep.

Han forstår likevel folk sin frustrasjon over at Israel har brukt Eurovision til sin fordel for å framstå meir populære i avstemminga enn dei kanskje har vore.

– Nokre har nok dette i tankane når dei seier dei vil boikotte. Det har NRK vore opptekne av og EBU har tatt tak i dette, seier Tørklep.

Han peikar også på at reglane er stramma inn og at det vonleg ikkje vil vere like lett framover å tøye grensene.

Mads Tørklep, MGP

Mads Tørklep er prosjektleiar for Melodi Grand Prix og Eurovision Song Contest i NRK.

Foto: Tom Ivar Øverlie / NRK

Tala går ned

Trass eit fleirtal for boikott, har tala gått mykje ned sidan NRK si førre måling.

No vil nesten 5 av 10 boikotte. I november var det 6 av 10 som meinte at NRK burde stemme nei til Israel si deltaking i Eurovision under møtet i (EBU) som var i desember.

– Tala er nok i stor grad eit augeblinksbilete over stemninga som rår. I desember var det mykje mediemerksemd og stort fokus på boikott. No har det vore mindre fokus, seier Mads Tørklep.

Men samstundes som det er mange som meiner at Noreg burde ha boikotta Israel i Eurovision, er tala for vinter-OL tilsvarande små.

Frode Steen

Frode Steen er professor i samfunnsøkonomi på NHH i Bergen.

Foto: Marit Hommedal / NTB

– Liten effekt

Frode Steen er professor i samfunnsøkonomi ved Noregs handelshøgskole i Bergen (NHH).

Han har ved fleire høve kommentert spørsmål om boikott, uansett om det er av ei bestemt merkevare eller eit heilt land.

– Ein ting er korleis du opplever sjølv å ta eit standpunkt til boikott, ein annan ting er kva effekt det har, seier Steen.

Han peikar på at det moralsk sett kan følast rett for kvar enkelt som tek eit standpunkt.

– Eg trur at boikott har liten eller ingen effekt. Rett og slett fordi det ikkje er slik at Israel kjem til å gå ut av desse arrangementa fordi om vi boikottar.

Massiv mediedekning

Undersøkinga viser også at relativt mange meiner at Noreg bør boikotte fotball-VM i USA.

22 prosent av dei spurde vil ha boikott.

Frode Steen på NHH meiner at den massive mediedekninga av amerikansk politikk og Donald Trump, gjer at desse tala ikkje er overraskande.

– Det gjer jo sjølvsagt at mange er veldig opptekne av dette. Men om det påverkar Noregs deltaking eller ikkje, er ei heilt anna sak.

Publisert 11.02.2026, kl. 21.35

Read Entire Article