– Det er altfor svakt av skiskyttarnasjonen Noreg, seier NRKs ekspert Ola Lunde om krisestarten for skiskyttarkvinnene.
Vi har vore vande med å sjå siger etter siger både på herre- og damesida i norsk skiskyting. Tiril Eckhoff, Marte Olsbu Røiseland og før den tid Tora Berger har vore sigersgarantistar i både verdscupen og meisterskap.
Denne sesongstarten har vore av det tøffe slaget for dei norske skiskyttarkvinnene. Ingrid Landmark Tandrevold har ikkje vore med i samanlagtkampen av naturlege årsaker, etter at ho fekk hjarterytmeforstyrringar ved to høve i Kontiolahti.
I tillegg har dei andre norske i troppen slite med å halde eit jamt nivå, noko som har ført til at den beste med norsk flagg på brystet er Karoline Knotten, som er nummer 15 i samandraget.
Det er den svakaste plasseringa den beste norske utøvaren har hatt sidan 2005/2006-sesongen. Den gongen var det Linda Grubben som låg på ein 26. plass før nyttår.
Sjå korleis dei norske kvinnene, og konkurrentane, ligg an her:
– Grunn til bekymring
Lunde meiner det er noko som ikkje stemmer på kvinnesida.
– Eg tenker det er grunn til bekymring. Det er så mange utøvarar som bankar på døra hos herrane, men det er ikkje det same på damesida. Årsaka er ei gåte. Kvifor får vi ikkje opp fleire utøvarar i Noreg? undrar NRK-eksperten.
Han viser til at svenskane og tyskarane er i ferd med å få opp ein lovande generasjon. I tillegg er det franske profilar som er med i kampen om samanlagdsigeren.
– Det er urovekkande at ikkje Noreg får opp fleire talent, meiner Lunde.
Fleire profilar innrømmer at laget kan betre, men dei er bestemte på at det framleis kan snu.
– Sesongen har vore under pari, for å seie det sånn. Men så er det sånn at det går opp og ned i skiskyting, det er det som gjer det så spennande. Vi skal ikkje grave oss ned av den grunn, seier Juni Arnekleiv til NRK.
– Hadde de høgare forventningar til sesongen?
– Ja, absolutt. Alle som er her ønsker jo å vere på pallen, eller i alle fall bli topp ti. Karoline er vel den einaste som har vore på pallen så langt, så det er under forventningane våre, ja.
– Eg er ikkje fornøgd
Knotten er sjølvkritisk til eigne resultat. Det har likevel ikkje vore bekmørkt for hennar del, og ho står med ein tredjeplass frå Hochfilzen. Ho tok også del i ein blanda stafettsiger og ein tredjeplass på kvinnestafetten i Kontiolahti.
– Eg stod over i Frankrike og eg har fleire skirenn utan poeng. Eg er ikkje fornøgd med jobben eg har gjort, og eg tenker at den 15.-plassen ikkje betyr så mykje for meg. Eg er ikkje fornøgd med det, seier skiskyttaresset.
Da NRK presenterer tala og påpeikar at kvinnene ikkje har vore svakare plasserte sidan 2005/2006-sesongen, antydar ho at det ikkje er noko som plagar henne nemneverdig.
– Det er ikkje noko eg har tenkt på. Det er ikkje noko eg bryr meg om, eigentleg. Eg føler at vi er her alle saman for å prøve å gjere så godt vi kan, seier Knotten.
Ho held fram:
– Det er ulike omstende for alle. Vi må berre jobbe på og gjere så godt vi kan vidare.
Det er elles også ei stund sidan Noreg stod med éin tredjeplass som beste resultat til nyttår. Førre gong det skjedde var i 2016/2017-sesongen.
Blir støtta av Bø-brørne
For herrane har det vore annleis dei siste åra. Johannes Thingnes Bø har hatt for vane å ta medalje etter medalje i meisterskap, og han leiar dessutan verdscupen. Like bak han følger lagkamerat Sturla Holm Lægreid.
Thingnes Bø forsvarer likevel dei norske kollegaene sine.
– Og så er det lett når du først har nådd ei list, og om du da hoppar litt lågare, så er det ikkje godt nok lenger. Det må ein berre leve med og så prøve å slå tilbake igjen så raskt som mogleg etter det, seier den norske verdseinaren.
Som fleire andre påpeikar også Tarjei Bø at dei har vore uheldige med at Tandrevold og Knotten har late vere å møte opp til fleire renn.
– Da er litt skjørare enn det er på herresida. Viss éin av oss har ein liten «down», så kan vi dekke oss litt bak dei andre. Etter at Tiril og Marte slutta, så har jo Ingrid og Karoline levert kjempebra, seier storebror Bø.
– Vi skal vere verdas beste
Landslagssjef Per-Arne Botnan avfeiar at det er bekymringar i laget, og han har tru på at sesongen skal snu for kvinnene.
– Marte (Olsbu Røiseland) og Tiril (Eckhoff) har forsvunne ut. Det er to av dei har dratt lasset. Og så har vi hatt nokre små utfordringar i starten av sesongen her med både Juni og Ingrid. Men dei er tilbake nå, så eg har tru på eit slagkraftig damelag som vil ha ei bra stigning totalt sett, seier landslagssjefen til NRK.
– Noreg har eit klart mål om å vere nummer éin i verda, de er nå nummer fire. Er du tilfreds med situasjonen de er i nå?
– Vi skal vere verdas beste. Det handlar kanskje mest om resultatet i ein meisterskap. Nå håpar vi at vi bygger oss bra opp mot VM i Lenzerheide og at vi blir beste nasjon her.
Publisert 09.01.2025, kl. 10.59