-Norsk skule fortener betre enn politiske kappløp i sjølvskryt

4 hours ago 4



KOMMENTAR: Norsk skule fortener betre enn politiske kappløp i sjølvskryt.

Frp's Sylvi Listhaug vil overta Kunnskapsdepartementet. Her i debatt i Dagsnytt 18 med kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap). Foto: Skjermdump frå NRK
  • Solveig G. Sandelson

Publisert: Publisert:

For mindre enn 20 minutter siden

Eg skulle jo klara å skriva med innestemme, hadde eg tenkt. Den rauk alt i ingressen. Beklagar det.

Men de veit kvifor Sylvi Listhaug meiner Frp er kvalifiserte til å få kunnskapsministeren? Fordi dei aldri har hatt det før.

Det er ikkje nok å visa fingeren

Ein ting er at det er å visa fingeren til regjeringskamerat Høgre, som hadde det ansvaret i dei nesten sju åra dei var i regjering saman. Verre er det at dei også viser fingeren til alle som jobbar i og med norsk skule. Frp er sikre på at alle har gjort ein så elendig jobb at den viktigaste kvalifikasjonen som nå trengst, er å få inn nokon som aldri har prøvd på det før. Og som heller ikkje tok noko som helst ansvar for dette, gjennom sju regjeringsår.

Ikkje at Listhaug akkurat er godt opplese på kva skulen driv med, eller burde driva med. Nivådeling er svaret, meir praktiske fag er svaret, og å gi læraren meir kontroll, er svaret. Men nivådeling er det alt rom for, ein meir praktisk skule jobbar Ap for, og dei har alt gjort ein jobb med å gi læraren meir kontroll over klasserommet. Det siste ved å endra på ting Solbergregjeringa, der Frp var med i sju år, innførte.

Sånn. Fullstendig kunnskapslaust frå Listhaug. Og nok utestemme. Kanskje.

Snakke-matten

Heng med nå: «Det viktigste er at undervisningen skal legge stor vekt på dybdeforståelse. Og det er et begrep som favner vidt. Elevene skal utvikle en solid forståelse av matematiske begreper og metoder, og de skal klare å bruke matematikk både i problemløsning og i kommunikasjon – også i dagliglivet». Det sa lærebokforfattar Bjørnar Alseth i 2021.

Det var matematikk for barneskulen han snakka om. Kva barn frå 6 til 13 år skulle klara, etter dei nye læreplanane som kom i 2020. Kunna reflektera, tenka seg fram til korleis du skal løysa ei oppgåve, gjerne sjå fleire måtar å gjera det på. Bli prøvd i kor godt du klarer forklara korleis du kom fram til ei løysing, i dette tilfellet i matematikk, gjerne spelt inn på video.

Kva er det du blir mest prøvd i då? Kor god du er til å rekna? Kor god du er til å snakka? Kor god du er til å laga film? Kor god du er til å samarbeida med henne du lagar filmen med?

For hårete

Ein del av desse krava til barna våre – eller kompetansemåla, som det vel heiter – er uoppnåelege. Fordi dei føreset grunnleggjande, faktisk kunnskap det ikkje lenger er tid til å gi dei. Fordi dei hoppar bukk over utviklingspsykologi. Som kva 8-åringar flest klarer og ikkje klarer, kva ein 10-åring er god på, kva som er for vanskeleg før du er 12. Krava er samtidig ganske vage. Det er ikkje lett å vita når du er god nok.

Det må jo også ta meir tid, dette. Viss ein skal klara det. Men hoppar vi over i ungdomsskulen, til 13-åringane der, blir dei vurderte med karakter minst 44 gonger i løpet av skuleåret. I tillegg kjem nasjonale prøvar, kartleggingsprøvar, og prøvar kommunane meiner er viktige å gjennomføra. Det tar jo ein del tid, det også. Og legg eit visst press på kor fort ein må koma fram til det som skal målast, elles rekk ein ikkje å ha alle desse vurderingane.

Tenk djupt, reflekter, diskuter. Og pøs på med prøvar du ikkje heilt veit kva måler. Det går dårleg saman.

Grøftene

Fagfolk i matte har i det siste ropt høgt om stygge fall. Fall i kor mange som kan rekna nok til å klara seg i praktisk liv. Eller med grunnlag nok til å gå vidare med matematikk. Torbjørn Røe Isaksen, tidlegare kunnskapsminister frå Høgre, har tidlegare sagt at ein i arbeidet med dei nye læreplanane som kom i 2020, kalla fagfornyinga, gjekk altfor langt. I alt som skulle reflekterast over og tenkjast på tvers. At det svekka faga.

Mange er einige med han i det. Det er dei berømte grøftene, frå den eine, kall den puggeskolen, til den andre, kall den snakk-om-det-skulen.

Det er difor ei evaluering på gang, av heile fagfornyinga. Og sidan det er Ap som har kunnskapsministeren, er det Ap som driv den. Og sidan det er Kari Nessa Nordtun som er kunnskapsminister, og heile tida er opptatt av å koma med politikk som kjennest i folks liv, er det nokså kort veg til handling. Ap har fått ein tydeleg kunnskapspolitikk.

Så ein del av det Høgre vil ha meir av, eller endra på, det er alt Ap i gang med å endra. Eg trur det er litt uvant for Høgre. For i rundt tjue år har Høgre vore tydelegast i skulepolitikken. Ap har i praksis tassa etter, overtatt stafettpinnen, og nokså anonymt vidareført det Høgre begynte på. Og gjerne overlatne ministerposten til SV.

Saman gjorde dei lenge skulen meir og meir teoritung, meir og meir kontrollert ovanfrå, med lengre og lengre politiske armar, langt inn i klasseromma.

I debatten om snakke-matte bruker dei begge, ved Kari Nessa Nordtun og Tina Bru, mykje plass på kva dei meiner dei sjølv har fått til. Det blir veldig surrete for oss som skal lesa, eit slags rotete puslespel av bitar dei meiner er viktige, men som det ikkje er lett å danna seg eit større bilde av.

Forskjellen?

Ap vil ha ein meir praktisk og variert skule. Høgre vil halda på høgare faglege krav til læraren, ei meir forskingsretta lærarutdanning, og tung vekt på teori. Begge er bekymra over kor mange som slit i norsk skule. Og begge, trur eg, vil enno bruka lange, politiske armar inn i klasseromma for å retta det opp.

Eg saknar ei høgreside som står meir opp for enkeltmenneske og fagfolk, mot staten og byråkratiet. Som set foten ned for kor langt inn i klasserommet politikarane skal gripa.

For kor skal grensene gå, mellom politikk og fag? Mellom stat og barn? I dette kappløpet?

Vi treng det store bildet. Sjølv om det er valkamp.

Publisert:

Publisert: 6. mai 2025 20:38

Read Entire Article