Nye berekningar frå Veterinærinstituttet viser at dødelegheita i merdane for første gong på fleire år kryp under den symbolske grensa på 15 prosent.
Sjølv om pilene peikar rett veg, døyr framleis kvar sjuande laks i merdane.
Totalt er dødelegheita berekna til 14,2 prosent i 2025.
Til samanlikning var dødelegheita 15,4 prosent i 2024 og 16,7 prosent i rekordåret 2023.
Avdelingsdirektør for fiskehelse i Veterinærinstituttet, Ingunn Sommerset, gleder seg over at det har vore nedgang i to år på rad.
– Det er fleire år sidan det nasjonale dødeleg-talet blei berekna til å ligge under 15 prosent, seier ho.
– Det er likevel viktig at det systematiske arbeidet med å betre fiskehelsa og -velferda fortset, slik at vi kan sjå ein varig nedgang.
– Fisk kan lide utan å døy. Ser de ei tilsvarande forbetring i velferdsindikatorar som sårskadar og gjellehelse, eller er det slik at vi har blitt flinkare til å halde liv i fisk som eigentleg har dårleg velferd?
– Dødelegheit er eit endepunkt, enkelt å måle og ofte som resultat av ein periode med nedsett velferd. Sårskadar, målt i form av auka slaktekvalitet ser ut til å bli betre, mens dårleg gjellehelse har vore eit aukande problem dei siste åra.
– Basert på det vi kjenner til så langt, har det vore mindre problem med vintersår, virussjukdommen PD og truleg betre kontroll eller risikostyring på avlusingsprosedyrar, seier Ingunn Sommerset.
Foto: Eivind Senneset / Eivind SennesetDet er framleis stor variasjon i dødelegheit mellom ulike geografiske område, slik oversikta nedanfor viser.
Får lakselusen feste seg, er fiskens liv og helse i fare
Tomasz Furmanek, HavforskningsinstituttetLuseangrep svekker skinnet på fisken. Men det gjør også gjentatte avlusinger.
Foto: MattilsynetSkader på skinnet utsetter fisken for dødelige infeksjoner, som vintersår.
Foto: Mattias Bendiksen Lind / HaVet Veterinærinstituttet
Hyppigare tilsyn med næringa
Historisk sett låg dødelegheita i norske merdar lenge på eit lågare nivå (9–12 prosent) før ho tok til å stige på byrjinga av 2010-talet.
Etter rekordhøge dødelegheitstal i 2023, varsla Mattilsynet hyppigare tilsyn med næringa. Det er likevel for tidleg å fastslå noka samanheng mellom lågare dødelegheit og strengare kontroll.
Andre forklaringar er betre vaksinar og meir skånsam avlusing.
– Det er mange faktorar som påverkar kvarandre. At det er lågare dødelegheit i Nord-Noreg, kan ha samanheng med lågare sjøtemperatur, seier Sommerset.
Forbetringa i 2025 kan òg sporast tilbake til færre angrep frå perlesnormaneter, som «invaderte» store delar av kysten i 2024.
Etter ein markant auke i 2024, har bruken av kategorien «Anna» stabilisert seg i 2025. Dette er tal som ikkje vert inkludert i den vanlege dødelegheitsstatistikken, noko som tidlegare har skapt bekymring for at reelle tapstal vert skjøvne under teppet. At kategorien no er stabil, styrkjer truverdet til dei offisielle tala frå Fiskeridirektoratet.
Foto: Terje Bendiksby / NTBDet er fleire samansette årsaker til at dødelegheita varierer så kraftig frå sør til nord. Temperatur er kanskje den viktigaste enkeltfaktoren.
Foto: Lars-Bjørn Martinsen / Lars-Bjørn Martinsen/NRKI Midt-Noreg vert det flytta mykje fisk over lengre avstandar, noko som aukar risikoen for å dra med seg smitte frå eitt område til eit anna. I Nord-Noreg er anlegga ofte meir isolerte, noko som fungerer som ein naturleg barriere mot epidemiar.
Foto: Terje Bendiksby / SCANPIX
Fiskehelserapporten kjem i mars
Samanlikna med andre store lakseproduserande land, ligg Noreg i ein «mellomposisjon» på den globale statistikken.
Skottland er «verstingen», medan Chile bruker meir medikamentell behandling, som ikkje stressar fisken like mykje som spyling og børsting. Til gjengjeld er miljøeffekten meir omdiskutert.
Veterinærinstituttet tek atterhald om at det kan kome endringar i talgrunnlaget for 2025 på grunn av etterrapporteringer.
Den endelege Fiskehelserapporten blir lagd fram under eit ope arrangement i Bergen 11. mars.
Publisert 05.02.2026, kl. 07.01 Oppdatert 05.02.2026, kl. 07.02







English (US)