Noregs rikaste kommune frifunnen igjen - slepp å betale tilbake hundrevis av millionar

2 days ago 9



Aukra kommune får heller ikkje denne gongen smekk på lanken for å ha vore for ivrige etter å sikre seg inntekter frå Gassco. I den 51 siders lange dommen, som blei avsagt fredag, heiter det:

«Lagmannsretten har som tingretten kommet til at det ikke er grunnlag for sette takstvedtaket fra Klagenemnda for eiendomsskatt i Aukra kommune til side som ugyldig. Med bakgrunn i lagmannsrettens resultat dømmes Gassco til å erstatte Aukra kommune fulle sakskostnader. Lagmannsretten har ikke funnet grunn til å endre tingrettens sakskostnadsavgjørelse».

– Det var heilt fantastisk. Vi har levd i spenning no, og dette var den aller beste julegåva Aukra kommune kunne få. Vi har blitt frikjend og vunne på alle punkt og får dekt sakskostandene våre, seier ordførar Helge Kjøll (KrF).

Helge Kjøll Jr, ordfører i Aukra kommune

Ordførar Helge Kjøll (KrF) kan gle seg over resultatet.

Foto: Roar Jonny Strøm / NRK

Slepp å betale tilbake millionar

I fjor haust vann kommunen i Møre og Romsdal tingrett. No kan ordføraren heise flagget på nytt. For kommunen har fått medhald også i Frostating lagmannsrett.

Dommen inneber at kommunen slepp å betale tilbake rundt 300 millionar for åra 2018–2022.

No må i staden Gassco betale sakskostander på over 4 millionar.

Finn Backer-Grøndahl er Gassco sin advokat. Han har fredag ettermiddag ingen kommentar til dommen, og seier han ikkje har fått diskutert saka med klienten sin.

Følgeleg kan han ikkje svare på om det er aktuelt å anke vidare til Høgsterett.

Ordførar Helge Kjøll håper dei no kan sette strek for saka.

– Det er vanskeleg å seie. Eg håper ikkje Gassco går vidare når dei no har tapt både i tingretten og lagmannretten, det håper eg verkeleg ikkje dei gjer, seier han.

Finn Backer-Grøndahl, advokat for Gassco i saka der dei krev tilbakebetaling av eigedomsskatt

Finn Backer-Grøndahl er advokat for Gassco.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

250 millionar ekstra til kommunen

Gassco eig og driv det enorme ilandføringsanlegget av gass på Nyhamna. Det har gjort Aukra kommune søkkrike. Ingen annan norsk kommune har større inntekter frå eigedomsskatt per innbyggar.

Kvart år forsyner Gassco kommunekassa med 250 millionar kroner. Det har gitt nye barnehagar, skular og badeanlegg.

Selskapet hevdar hevdar kommunen har tatt inn langt meir enn dei burde.

Porten utanfor gassanlegget på Aukra

Her blir det skapt enorme verdiar. Porten utanfor gassanlegget på Aukra.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– Bomma med ein milliard

Gassco sin advokat hevda kommunen har bomma med over ein milliard kroner då dei fastsette takstgrunnlaget for eigedomsskatten, men dette blir altså tilbakevist.

– Usemja gjeld både den metodiske framgangsmåten og ein del av utrekningane som låg til grunn for taksten, skreiv advokat Finn Backer-Grøndahl i sluttinnlegget før den forrige rettsaka.

Eigedomsskatten for olje- og gassanlegg er ei stridstema for fleire. Langs norskekysten ligg åtte slike anlegg og fleire av dei har gått heilt til retten for å avgjere kor mykje dei skal betale til vertskommunane.

Nyhamna i Aukra

Anlegget på Nyhamna blei sett i drift i 2007. Her blir det produsert gass for inntil 650 millionar kroner kvar einaste dag.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Publisert 20.12.2024, kl. 15.06 Oppdatert 20.12.2024, kl. 15.51

Read Entire Article