Fem lastebilar med naudhjelp fekk måndag sleppe inn i Gaza gjennom grenseovergangen Kerem Shalom, som ligg sør i Israel, nær grensa til Gaza og Egypt, melder Reuters.
Det er den fyrste hjelpa som får sleppe inn sidan den totale nødblokaden vart innført for 11 veker sidan, 2. mars.
Den israelske hæren seier at fem bilar kom inn, medan FN opplyste at ni var godkjende.
FN sin nødhjelpssjef, Tom Fletcher, sa at dette berre er «ein drope i havet».
– Dette er ein drope i havet samanlikna med det som trengst, og langt meir hjelp må sleppast inn frå tysdag morgon, sa Fletcher i ei uttale.
Han understreka at for å hindre plyndring må hjelpa kome jamt og i større mengder.
I tillegg må hjelpearbeidarar få bruke fleire ruter, og kommersielle varer bør få sleppe inn for å støtte den humanitære innsatsen.
FN-ekspertar har åtvara om at 470.000 menneske er i fare for å svelte i hel som følge av blokaden. Tusenvis av sjuke risikerer å døy som følge av mangel på medisinar og medisinsk utstyr.