Torsdag ettermiddag skal Stortinget stemma over forslag om midlertidig fjerning av vegbruksavgifta på bensin og diesel til 1. september.
Senterpartiet har sagt at dei vil stemma for Høgre sitt forslag. Dei vil i så fall sikra fleirtal saman med Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti.
Forslaga vil bety billegare drivstoff – sjølv om regjeringa ikkje stemmer for.
Viss Senterpartiet stemmer med høgresida, bryt partiet òg budsjettavtalen dei har med dei raudgrøne partia.
Prisane på bensin og diesel har auka kraftig den siste tida. Her frå Meløy for nokre dagar sidan.
Foto: TipserSamstundes som Sp stiller seg bak Høgre, har dei fremma fleire forslag knytt til anleggsdiesel og diesel.
I ei pressemelding skriv KrF at dei vil støtta forslaga til Sp.
Også Høgre og Frp har varsla at dei vil støtta Sp-forslaga, skriv VG. Dermed ligg det an til fleirtal i Stortinget òg for desse forslaga.
Stoltenberg: Vil bety auka oljepengebruk
– Me må unngå at nokre hundrelappar i redusert drivstoffavgift vert spist opp av tusenlappar i auka rente.
Det sa finansminister Jens Stoltenberg (Ap) då han tok ordet under debatten.
Han starta med å snakka om korleis krigen mot Iran har påverka oljemarknaden og -prisen.
Forslaga vil bety ein auka bruk av oljepengar med 3,3 milliardar kroner, ifølge Stoltenberg.
Finansministeren seier vidare at han er usikker på om forslaga er moglege å gjennomføra.
– Dei kan vera i strid med forpliktingane våre. Det kan vera ulovleg statsstøtte. Det har me ikkje hatt moglegheit til å gå inn i. Det er mest sannsynleg brot med ordninga for eit meir einskapleg CO2-avgiftssystem.
Følg utviklinga her:
Hardt ut mot finansministeren
Geir Pollestad (Sp) gjekk hardt ut mot finansministeren då han tok ordet.
– Eg høyrde finansministeren seia at det er snakk om nokre hundrelappar. Trur finansministeren at det for desse entreprenørane, lastebilnæringa, fiskarane og bøndene, som er nøydde til å bruka mykje drivstoff, er snakk om nokre hundrelappar?
– Nei, sjølvsagt har storforbrukarar vesentleg større utgifter til drivstoff enn til dømes ein normalbilist, svarte finansministeren.
Dette meiner dei ulike partia om avgifta:
Jonas Fæste Laksekjøn / NTB
Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum
Høgre har foreslått å fjerne heile vegbruksavgifta så raskt som mogleg og fram til 1. september i år. Torsdag endra partiet at kutta skal gjelde «Frå den tid departementet bestemmer», og ikkje 1. april som tidlegare varsla. Det opnar potensielt opp for at Ap kan trenere forslaget, altså dra ut forslaget slik at det kan behandlast i revidert statsbudsjett i mai.
Benyamin Farnam / NRK
Ingrid Liland, MDG
Det er trist å sjå at Senterpartiet vel kortsiktig dieselpopulisme saman med høgresida, framfor ansvarleg klima- og fordelingspolitikk med raudgrøn side.
Tom Balgaard / NRK
Lars Haltbrekken, SV
Folk går ei krevjande tid i møte, mange har allereie strekt økonomien til brestepunktet. Sjølv ei uendra rente blir opplevd tung når prisane er så høge som dei er nå, da er det klart at utsikter til auke gjer uroa større, da er det klart at vi politikarar må trygge folks økonomi.
Tom Balgaard / NRK
Henrik Asheim, Høgre
Først prøvde Ap å stanse forslag i Stortinget, så har dei skulda parti for ansvarsløyse og nå seier dei at dei ikkje vil følge opp. Arbeidarpartiet må sjølv ta ansvar for at dei har mista kontrollen. Støre-regjeringa manglar retning og landet manglar ei handlekraftig regjering.
Lars Martin Hunstad / NRK
Sylvi Listhaug, Frp
Med den sterke prisveksten på både mat og drivstoff, har Ap nå høve til å dempe prisveksten ved å stemme for Frps forslag om å fjerne vegbruksavgifta på drivstoff, fjerne CO2-avgifta på anleggs- og marinediesel og dessutan å halvere matmomsen.
Ingrid Liland (MDG), på si side, brukte harde ord mot Senterpartiet.
– Viss Sp bryt, er det vanskeleg å sjå for seg at me skal finna fleire budsjettsemje, sa ho frå talarstolen.
– Me kan ikkje styra landet på den måten her, sa Liland vidare.
Ap ville venta til mai
I 2026 utgjer vegbruksavgifta 3,77 kroner per liter bensin og 2,28 per liter diesel.
Om ho vert fjerna, vil literprisen verta 5 kroner billegare for bensin og 3 kroner billegare for diesel om ein tar med momsen.
Medan dei borgarlege partia og Sp vil fjerna denne avgifta så fort som mogleg, vil Ap be regjeringa koma tilbake med tiltak mot høge levekostnadar i revidert nasjonalbudsjett i mai.
Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Miljøpartiet Dei Grøne og Raudt stemte mot hastebehandlinga.
Dei ville heller venta til dei ordinære budsjettrundane i mai.
Publisert 26.03.2026, kl. 17.51 Oppdatert 26.03.2026, kl. 17.57









English (US)