No kan nærbilde berre bli tatt når isbjørnen banker på vindauget

2 days ago 6



I påska banka tre isbjørnar på vindauget til den polske forskingsstasjonen i Hornsund på Svalbard.

Dei fekk tatt unike bilde av «kongen av Arktis».

No fryktar fleire at det er slike situasjonar som må til for at ein kan få nye nærbilde av isbjørnar.

Frå årsskiftet skal dyrelivet nemleg bli meir beskytta enn tidlegare på øyriket i nord.

Det skjer fordi ei rekke nye reglar, forskrift og lovendringar i kraft.

Isbjørn

Frå første januar blir det krav om å halde ei avstand på minst 300 meter til isbjørn. Mellom 1. mars og 30. juni, når isbjørnen er spesielt sårbar, blir det krav om å halde ei avstand på 500 meter.

Om ein skulle møte ein isbjørn på nærare hald, plikter du å trekke deg tilbake. Frå før av var det forboden å unødvendig forstyrre isbjørnen.

Endringa i svalbardmiljølova møtte motstand før den blei vedtatt.

– Om forslaget går gjennom, blir det slutt på filming av isbjørn på Svalbard. For meg er 300 eller 500 meter det same, når det gjeld avstand til isbjørn. Det vil knuse selskapet mitt, som hovudsakleg filmar isbjørn.

Det sa filmskapar Jason Roberts til NRK i april. Han har budd 15 år på Svalbard, og står bak produksjonsselskapet Polar X.

Den prislønte naturfotografen, Audun Rikardsen, rekna også moglegheitene for nærbilde av isbjørn som små etter at Stortinget sa ja til lova i vår.

– Det blir veldig vanskeleg å fotografere isbjørn. Du får tatt bilde av isbjørnen i miljøet. Men du får ikkje tatt nærbilde, sjølv med ei kraftig telelinse, sa han i mai.

Svalbard

Foto: Tore Meek / NTB scanpix

Det er ikkje berre isbjørnen som blir betre beskytta frå 1. januar.

Med det nye kravet om isbjørnvakt skal det alltid vere ei våken og organisert vakt når det er personar på ein leirplass.

Kvalross

Kvalrosen skal også få vere meir i fred.

Ute på sjøen må ein halde ei avstand på minst 150 meter til kvalrossen sine liggjeplassar.

Hvalross Svalbard

Ikkje gå nærare enn 150 meter innpå kvalross.

Foto: Rune N. Andreassen / NRK

Ein får heller ikkje køyre fortare enn 5 knop når ein er nærare enn 300 meter frå slike plassar.

Endringa kjem i motorferdselsforskrifta.

Fuglefjell og drone

Fuglefjella på Svalbard er unike. Dei blir no beskytta mot dronefoto i hekkeperioden.

Svalbardmiljølova gjer forbod mot dronar i nærleiken av fuglefjell frå 1. april til 31. august.

I dei nye reglane for avgrensing for fart, er det no sat ei fartsgrense på 5 knop når ein er 500 meter eller nærare til fuglefjella i same periode.

Droneforbod blir vel å merke også i alle verneområde.

En lundefugl på en bergknaus i et fuglefjell på Svalbard.

Ein lundefugl på ein bergknaus i eit fuglefjell på Svalbard.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Årsaka til at det blir strengare miljøreglar på Svalbard, er det aukande trykk frå turismen

– Det påverkar naturen, kulturminne og dyrelivet. Samtidig skjer klimaendringane her og nå. For å bevare Svalbards særeigne villmarksnatur og dyreliv endrar vi nå reglene.

Det seier klima- og miljøminister Tore O. Sandvik i ei pressemelding.

Turisme i verneområde

Reiseoperatørane få letta på eit krav. Dei må ikkje lenger utarbeidd stadsspesifikke retningslinjer for å gå i land med turistar. Men så er det trass alt ikkje lenger lov å gå i land alle plassar.

Svalbard minutt for minutt dag 3, hvalrosser ved båten

Kvalross i nærleiken av Hurtigruten. Bildet er tatt under innspelinga av «Svalbard minutt for minutt».

Foto: NRK

Endringar i verneforskrifta gjer det forboden for turistar å gå i land i fleire verneområde.

Men det er eit unntak ved 42 kartfesta område, og for snødekt og frosen mark i vest mellom 1. januar og 25. mai.

Passasjerskip får ikkje ha meir enn 200 passasjerar med seg til verneområda i vest og øst.

Og alle, ikkje berre turistar, får no krav om å hindre varige spor og slitasje på terreng og kulturminne i verna område.

I leirforskrifta er det klargjort at turistverksemd, feltverksemd og forsking- og utdanningsverksemd må søkje om løyve til å sette opp telt eller leirplass. Fastbuande må også gjere det, om dei skal telte lenger enn ei veke.

Tore O. Sandvik på COP29

Klima- og miljøminister Tore O. Sandvik (Ap).

Foto: Ksenia Novikova / Ksenia Novikova

– Dei nye reglane reduserer den samla belastninga, samtidig som at de som besøker Svalbard framleis vil kunne oppleve den unike naturen der, seier klima- og miljøministeren.

Publisert 01.01.2025, kl. 15.52

Read Entire Article